1. Samuelsbok 3
N11NN

1. Samuelsbok 3

3
Herren kallar Samuel
1 # Am 8,11 Guten Samuel gjorde no teneste for Herren under tilsyn av Eli. I dei dagane kom det sjeldan ord frå Herren, og av syn var det få. 2#4,15 Så var det ein gong Eli låg og sov på den faste plassen sin. Auga hans var så svake at han ikkje kunne sjå. 3#3,3 Guds lampe ei lampe i heilagdomen. Guds lampe hadde endå ikkje slokna, og Samuel låg i Herrens tempel, der Guds paktkiste stod. 4Då ropa Herren på Samuel. Han svara: «Her er eg», 5og sprang inn til Eli og sa: «Her er eg; du ropa på meg.» Men Eli sa: «Eg ropa ikkje. Gå og legg deg att!» Så gjekk han og la seg. 6Då ropa Herren ein gong til: «Samuel!» Og Samuel stod opp og gjekk inn til Eli. «Her er eg», sa han; «du ropa på meg.» Men Eli svara: «Nei, eg ropa ikkje, son min. Gå og legg deg!» 7Samuel kjende enno ikkje Herren, for Herrens ord var ikkje openberra for han. 8Så ropa Herren ein tredje gong på Samuel. Han stod opp og gjekk inn til Eli. «Her er eg», sa han; «du ropa på meg.» Då skjøna Eli at det var Herren som ropa på guten, 9og han sa til Samuel: «Gå og legg deg! Og ropar han på deg att, skal du svara: Tala, Herre, tenaren din høyrer!» Så gjekk Samuel og la seg på plassen sin.
10Då kom Herren, stilte seg framfor han og ropa som før: «Samuel, Samuel!» Og Samuel svara: «Tala, tenaren din høyrer!» 11#2 Kong 21,12Herren sa til Samuel: «No vil eg gjera noko i Israel som får det til å ringja for øyra på alle som høyrer om det. 12#2,27ff Den dagen skal Eli bli råka av alt det eg har varsla om hans hus, frå først til sist. 13Eg har kunngjort for han at eg vil dømma hans hus for alle tider. For han kjende til synda – at sønene hans forbanna Gud. Likevel tala han dei ikkje til rette. 14Difor har eg svore mot Elis hus: Aldri skal deira skuld kunna sonast, korkje med slaktoffer eller offergåver.»
15Samuel vart liggjande til det var morgon. Då opna han dørene til Herrens hus; men han våga ikkje å fortelja Eli om synet. 16Då ropa Eli på han og sa: «Samuel, son min!» «Her er eg», svara han. 17Eli spurde: «Kva var det han sa til deg? Løyn det ikkje for meg! Måtte Gud la det gå deg ille både no og sidan om du løyner for meg noko av det han sa til deg.» 18#2 Sam 10,12 Så fortalde Samuel alt saman og løynde ingen ting for han. Då sa Eli: «Han er Herren. Han må gjera som han tykkjer best.»
19 # 1 Mos 39,2; Jos 21,45 Så voks Samuel opp. Herren var med han og lét ikkje nokon av orda hans falla maktlause til jorda. 20#3,20 frå Dan til Beer-Sjeba heile landet til Israel-stammane frå nord til sør. Jf. Dom 20,1. Då skjøna heile Israel frå Dan til Beer-Sjeba at Samuel hadde vorte tiltrudd å vera profet for Herren. 21Og Herren heldt fram med å syna seg i Sjilo; der openberra Herren seg for Samuel gjennom sitt ord.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk