1. Samuelsbok 25
N11NN
25
David og Abigajil
1 # 7,17 Samuel døydde, og heile Israel samla seg og heldt sørgjehøgtid over han. Dei gravla han i Rama, heimstaden hans.
David braut opp og drog vidare, ned til Paran-ørkenen. 2#25,2 Karmel >15,12. I Maon budde det ein mann som hadde buskapen sin i Karmel. Mannen var svært rik, han eigde tre tusen sauer og tusen geiter. Han heldt på å klippa sauene sine i Karmel. 3Mannen heitte Nabal og kona hans Abigajil. Ho var ei klok og vakker kvinne, men mannen var vrang og vond i all si ferd. Han var av Kaleb-slekta.
4Ute i ørkenen fekk David høyra at Nabal heldt på å klippa sauene sine. 5Då sende han ti unge menn av stad og sa til dei: «Dra opp til Karmel, gå til Nabal, hels han frå meg 6og sei: Til liv! Fred over deg, fred over ditt hus, fred over alt som er ditt. 7Eg har høyrt at du held på å klippa sauer. No har gjetarane dine vore saman med oss, og vi har aldri gjort dei noko vondt. Det har heller ikkje kome bort noko for dei så lenge dei har vore i Karmel. 8#25,8 ein glededag Når sauene vart klipte, heldt dei fest, og eigaren ville gjerne visa at han var gjevmild. Jf. 2 Sam 13,23ff. Spør berre folka dine, så vil dei sjølve fortelja deg det. Ta vel imot mennene mine, for vi kjem hit på ein glededag. Gjev tenarane dine og David, son din, det du måtte ha for handa.»
9Då mennene til David kom til Nabal, tala dei til han med Davids ord. Så stod dei og venta. 10Men Nabal svara dei: «Kven er David? Kven er Isai-sonen? No om dagen er det så mange slavar som spring bort frå herrane sine. 11Skulle eg ta brødet mitt og vatnet mitt og feet som eg har slakta til dei som klipper for meg, og gje det til folk som eg ikkje veit kvar kjem ifrå!» 12Då snudde mennene og gjekk sin veg. Dei kom tilbake og fortalde David alt som hadde hendt. 13Då sa han til mennene sine: «Spenn sverdet på dykk, alle mann!» Det gjorde dei, og David spente òg sverdet på seg. Om lag fire hundre mann følgde han opp, medan to hundre vart verande ved krigsutstyret.
14Ein av tenestegutane kom til Abigajil, kona til Nabal, og sa: «David sende nokre menn hit frå ørkenen med helsing til husbonden vår, men han skjelte dei ut. 15Desse mennene har vore venlege mot oss. Ingen av dei har gjort oss noko vondt, og det har ikkje kome bort noko for oss så lenge vi har vore saman med dei ute på marka. 16Dei har vore som ein mur omkring oss både natt og dag heile den tida vi heldt oss nær dei og gjette småfeet. 17Tenk no etter og finn ut kva du skal gjera. For ulukka heng over husbonden vår og heile hans hus. Men sjølv er han så vondsinna at ingen torer tala til han.»
18 # 25,18 fem sea ca. 60 l. Då tok Abigajil i ein fart to hundre brød, to skinnsekker med vin, fem tillaga saueskrottar, fem sea rista korn, hundre rosinkaker og to hundre fikenkaker og leste det på esla. 19Så sa ho til tenestegutane sine: «Dra i førevegen! Eg kjem snart etter.» Men til Nabal, mannen sin, sa ho ingen ting.
20Då ho kom ridande på eselet sitt i livd av fjellet, støytte ho på David og mennene hans, som kom imot henne. 21Men David hadde sagt: «Til fånyttes har eg vakta alt det denne mannen eig, så det ikkje har kome bort noko for han i ørkenen. Han har lønt godt med vondt. 22#Rut 1,17 Måtte Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg lèt ein einaste av mennene hans leva til det dagast i morgon.»
23Med det same Abigajil fekk sjå David, sprang ho ned av eselet og bøygde seg til jorda for han. 24Ho kasta seg ned for føtene hans og sa: «Det er eg åleine som har skulda, herre. Lat likevel tenestekvinna di få tala til deg, og høyr på det eg har å seia. 25Bry deg ikkje om den vondsinna Nabal, herre. For som han heiter, slik er han. Nabal, ‘dåre’, heiter han, og full av dårskap er han. Eg, tenestekvinna di, har ikkje eingong sett dei mennene som du sende, herre. 26Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever, herre: No har Herren hindra deg i å ta deg sjølv til rette og bli opphav til blodbad. Måtte fiendane dine, som vil skada deg, herre, bli som Nabal. 27Ta imot denne gåva som tenestekvinna di har teke med til deg, herre, og gjev henne til dei mennene som er med deg på ferdene dine. 28#18,17 Tilgjev at tenestekvinna di trengjer seg på. Herren skal sanneleg gje deg ei ætt som står. For det er Herrens krigar du fører, herre, og det skal ikkje finnast noko vondt hos deg så lenge du lever. 29#25,29 under … vern kan òg omsetjast «knytt inn i livsbundelen hos Herren din Gud». Står nokon fram og forfølgjer deg og vil ta livet av deg, herre, skal livet ditt vera under Herren din Guds vern. Men livet til fiendane dine skal han slengja bort som steinar frå slyngja. 30Når Herren gjev deg alt det gode han har lova, herre, og set deg til fyrste over Israel, 31då skal du ikkje kjenna deg utrygg eller ha vondt samvit, herre, over å ha spilt uskuldig blod og teke deg sjølv til rette. Men når Herren gjer vel imot deg, kom då i hug tenestekvinna di, herre!»
32Då sa David til Abigajil: «Velsigna er Herren, Israels Gud, som har sendt deg til møtes med meg i dag! 33Velsigna er din klokskap, og velsigna er du sjølv, som i dag har hindra meg i å føra blodskuld over meg og ta meg sjølv til rette! 34Men så sant Herren, Israels Gud, lever, han som har halde meg frå å gjera deg noko vondt: Hadde du ikkje vore så snar til å møta meg, ville ikkje Nabal hatt ein einaste mann att når det dagast i morgon.» 35Så tok David imot dei gåvene ho hadde med til han, og sa til henne: «Dra heim i fred. Eg har høyrt di bøn, lyft ditt andlet!»
36Då Abigajil kom heim att til Nabal, heldt han fest i huset, ein fest som hos ein konge. Nabal var lystig til sinns og hadde drukke mykje. Difor fortalde ho han ingenting før neste morgon. 37Men om morgonen, då Nabal hadde sove rusen av seg, fortalde ho han alt saman. Då var det som om hjartet hans ville stogga, og han vart som ein stein. 38Om lag ti dagar etter slo Herren Nabal, og han døydde.
39Då David fekk høyra at Nabal var død, sa han: «Velsigna er Herren! Han har teke hemn over Nabal for den vanæra han førte over meg, og han har halde tenaren sin frå å gjera noko vondt. Herren har late Nabals vondskap koma over hans eige hovud.»
Så sende David bod til Abigajil og bad henne bli kona hans. 40Davids menn kom til Abigajil i Karmel og bar fram ærendet sitt for henne: «David har sendt oss til deg, for han vil ha deg til kone», sa dei. 41Ho reiste seg, bøygde seg med andletet mot jorda og sa: «Her er tenestekvinna di; som ei slavekvinne skal eg vaska føtene på tenarane til herren min.» 42Abigajil skunda seg å gjera seg i stand. Ho sette seg på eselet, og fem tenestejenter gjekk med henne. Så følgde ho sendemennene til David og vart kona hans.
43 # 2 Sam 3,2 David hadde òg gift seg med Ahinoam frå Jisreel. Begge vart dei konene hans. 44#18,20f; 2 Sam 3,13f Men Saul hadde gjeve Mikal, dotter si, som var gift med David, til Palti, son til Lajisj frå Gallim.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk