1. Samuelsbok 22
N11NN
22
David som fredlaus
1 # 22,1 Adullam by i låglandet. Jf. 1 Mos 38,1; Jos 15,35. Så drog David bort derifrå og flykta til hòla ved Adullam. Då brørne hans og alle i farshuset fekk høyra det, kom dei ned til han der. 2Alle slags naudlidande, gjeldbundne og misnøgde samla seg om han, og han vart hovding for dei. Om lag fire hundre mann slutta seg til han.
3Derifrå drog David til Mispe i Moab og sa til moabittkongen: «Lat far min og mor mi få koma og bu hos dykk til eg får sjå kva Gud vil gjera for meg.» 4#22,4 fjellborga Davids tilfluktsstad ved Adullam. Så tok han dei til kongen i Moab, og dei budde der så lenge David heldt til i fjellborga. 5#Sal 63,1 Men profeten Gad sa til David: «Du må ikkje vera i fjellborga lenger. Dra bort og kom deg tilbake til Juda!» Då drog David av garde og kom til Haret-skogen.
Drapet på prestane i Nob
6Saul fekk høyra at nokon hadde kjent att David og dei mennene som var med han. Saul sat i Gibea under tamarisktreet oppe på høgda med spydet i handa, og alle mennene hans stod ikring han. 7#8,14 Då sa han til mennene som stod der: «Høyr på meg, benjaminittar! Trur de at Isai-sonen vil gje dykk alle saman jorde og vinmarker? Vil han setja dykk til førarar for tusen og hundre? 8#18,3 De har då alle svore dykk i hop mot meg. Ingen av dykk varsla meg då son min gjorde pakt med Isai-sonen. Ingen hadde medkjensle med meg og varsla meg då son min sette min eigen tenar opp imot meg, så han ligg i bakhald mot meg som han no gjer.» 9#21,7 Då svara Doeg frå Edom, som stod mellom mennene til Saul: «Eg såg at Isai-sonen kom til Ahimelek, son til Ahitub, i Nob. 10#21,6.9 Og Ahimelek bad Herren om råd for han. Han gav han reisekost og lét han få sverdet til filistaren Goliat.»
11Då sende kongen bod etter presten Ahimelek, son til Ahitub, og heile slekta hans, prestane i Nob. Dei kom alle til kongen, 12og Saul sa: «Høyr på meg, son til Ahitub!» Han svara: «Ja, herre.» 13Saul sa til han: «Kvifor har de svore dykk i hop mot meg, du og Isai-sonen? Du gav han brød og sverd og bad Gud om råd for han, så han kunne setja seg opp imot meg og liggja i bakhald slik han no gjer.» 14#18,27 Ahimelek svara kongen: «Kven av alle mennene dine har så stor tillit som David? Han er svigerson til kongen, sjef over livvakta og høgt akta i ditt hus. 15Dette er ikkje første gongen eg bed Gud om råd for han, langt ifrå. Kongen må ikkje leggja meg eller nokon i min familie dette til last. For eg har ikkje visst noko som helst om dette.» 16Men kongen sa: «Du skal døy, Ahimelek, både du og heile familien din.» 17Så sa kongen til livvakta som stod ikring han: «Gå fram og drep Herrens prestar! For dei held òg med David. Dei visste at han var på flukt, men varsla meg ikkje.» Men kongens menn ville ikkje eingong lyfta ei hand for å røra ved Herrens prestar. 18#22,18 efod-drakter presteklede. =prest. Då sa kongen til Doeg: «Gå du fram og hogg prestane ned!» Og Doeg frå Edom gjekk fram og hogg ned prestane. Den dagen drap han åttifem mann som bar efod-drakter av lin.
19 # 15,3 I prestebyen Nob vart menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar, esel og sauer hogne ned med sverd. 20#23,6 Berre éin av sønene til Ahimelek, son til Ahitub, slapp unna; han heitte Abjatar. Han flykta til David. 21Abjatar fortalde David at Saul hadde drepe Herrens prestar. 22Då sa David til Abjatar: «Alt den gongen Doeg frå Edom var der, skjøna eg at han kom til å fortelja det til Saul. Eg ber skulda for alle som er drepne i familien din. 23Slå deg til hos meg og ver ikkje redd! For han som vil ta livet av meg, vil ta livet av deg òg. Hos meg er du trygg.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk