1. Samuelsbok 14
N11NN
14
1Ein dag sa Jonatan, son åt Saul, til våpenberaren sin: «Kom, lat oss dra over til filistarforposten der borte på andre sida.» Men han sa ikkje noko om det til far sin. 2#13,15 Saul låg då i utkanten av Gibea, under granatapalen i Migron. Folket som var med han, talde om lag seks hundre mann. 3#14,3 efod-drakta drakta til øvstepresten. =prest. Ikabod >4,21. Ahia bar efod-drakta. Han var son til Ahitub, som var bror til Ikabod, son til Pinhas og soneson til Eli, Herrens prest i Sjilo. Folket visste ikkje at Jonatan hadde gått.
4På kvar side av det skardet der Jonatan prøvde å koma over til filistarforposten, var det ein bratt berghamar. Den eine heiter Boses og den andre Senne. 5Den eine av desse hamrane stig rett opp på nordsida, midt imot Mikmas, den andre på sørsida, midt imot Geba. 6#Dom 7,2–7 Så sa Jonatan til våpenberaren sin: «Kom, lat oss fara over til forposten åt desse uomskorne! Kan henda hjelper Herren oss. For ingen ting kan hindra Herren i å gje siger, anten vi er mange eller få.» 7Våpenberaren svara: «Gjer alt som ligg deg på hjartet. Gå berre på! Eg følgjer deg kvar du vil.» 8Då sa Jonatan: «No går vi over til dei, så dei får auge på oss. 9Om mennene då seier: Stå stille til vi kjem bort til dykk! – så blir vi ståande der vi er, og går ikkje opp til dei. 10Men seier dei: Kom opp til oss! – så går vi opp, for då har Herren gjeve dei i våre hender. Det skal vera teiknet vårt.»
11Då filistrane kunne sjå dei frå forposten, sa dei: «Sjå, der er nokre hebrearar som er komne ut or hòlene dei gøymde seg i.» 12Mennene på forposten ropa til Jonatan og våpenberaren hans: «Kom opp til oss, så skal vi seia dykk noko.» Då sa Jonatan til våpenberaren: «Følg meg opp, for Herren har gjeve dei i Israels hender.» 13Så kleiv Jonatan opp på hender og føter, og våpenberaren følgde. Filistrane fall då Jonatan slo til, og våpenberaren kom etter han og gav dei dødsstøyten. 14I dette første åtaket frå Jonatan og våpenberaren hans felte dei om lag tjue mann på ei vidd som svarar til halvparten av det som kan pløyast på ein dag. 15Då kom det redsle over heile hæren, både i leiren og ute på marka. Til og med forposten og plyndrarane skalv av skrekk. Jorda riste, og ei redsle frå Gud kom over dei.
16Frå Gibea i Benjamins landområde såg utkikkspostane til Saul at fiendehæren spreidde seg i alle retningar. 17Då sa Saul til folket som var med han: «Hald mønstring og finn ut kven av våre som manglar.» Så heldt dei mønstring, og det viste seg at Jonatan og våpenberaren hans var borte. 18#4,3ff Då sa Saul til Ahia: «Kom hit med Guds paktkiste!» For Guds paktkiste var på den tid hos israelittane. 19#14,19 Trekk … tilbake Meininga er: «Nei, lat det vera». Men medan Saul tala med presten, auka forvirringa i filistarleiren meir og meir. Saul sa då til presten: «Trekk handa di tilbake!» 20#Dom 7,22 Saul og alt folket samla seg og drog dit striden stod. Då fekk dei sjå at filistrane hadde vendt sverda mot kvarandre. Det rådde full forvirring. 21Dei hebrearane som til no hadde stått under filistrane, og som hadde vore med dei på hærferdene deira, gjekk over til israelittane som følgde Saul og Jonatan. 22Då dei israelittane som hadde gøymt seg i Efraim-fjella, fekk høyra at filistrane var på flukt, sette dei etter dei og vart med i striden, dei òg. 23Såleis gav Herren Israel siger den dagen.
Striden breidde seg forbi Bet-Aven, 24og det røynde hardt på for israelittane den dagen. Men Saul tok folket i eid og sa: «Forbanna er den som tek til seg mat før det blir kveld og eg har fått hemn over fiendane mine.» Og ingen smaka noko mat. 25Heile hæren drog inn i skogen. Der var det honning på marka. 26Det fløymde av honning i skogen, men ingen tok noko i munnen, slik age hadde folket for eiden. 27Men Jonatan hadde ikkje høyrt at far hans hadde teke folket i eid. Han rette fram staven som han hadde i handa, dyppa enden på han i honningen og tok honningen i munnen. Då fekk han att glansen i auga. 28Ein av mennene sa: «Far din har teke folket i eid og sagt: Forbanna er den som tek til seg mat i dag! Det er difor folka er så utmatta.» 29Jonatan svara: «Far min fører ulukke over landet. Sjå berre slik glans auga mine fekk då eg smaka litt av denne honningen. 30Om folket i dag hadde fått eta seg mette av byttet dei har teke frå fienden, ville nederlaget til filistrane ha vore endå større.»
31Den dagen slo dei filistrane og forfølgde dei frå Mikmas til Ajjalon. Men då var folket heilt utmatta. 32Dei kasta seg over byttet, tok sauer, oksar og kalvar og slakta dei på marka. Dei åt kjøtet med blodet i. 33#3 Mos 3,17; 7,26f Nokre menn fortalde det til Saul og sa: «No syndar folket mot Herren. Dei et kjøt med blod i.» Då sa Saul: «De har vore trulause. Velt no hit ein stor stein!» 34Så sa han: «Gå rundt til folket og sei at kvar og ein skal koma hit til meg med oksen sin eller lammet sitt og slakta dei her, og så kan dei eta. Synd ikkje mot Herren ved å eta kjøt med blod i.» Kvar og ein i hæren kom då med oksen sin og slakta han der om natta. 35#7,17 Og Saul bygde eit altar for Herren. Det var det første altaret han bygde for Herren.
36Sidan sa Saul: «Lat oss dra nedover og setja etter filistrane i natt og plyndra dei til det gryr av dag. Ikkje ein einaste ein av dei skal bli att.» Dei svara: «Gjer i alle måtar som du synest.» Men presten sa: «Lat oss først stiga fram for Gud!» 37Så bad Saul Gud om råd: «Skal eg fara nedover etter filistrane? Vil du gje dei i Israels hender?» Men Gud svara han ikkje den dagen. 38Då sa Saul: «Kom hit, alle leiarar i folket! Ransak og finn ut kva det er for ei synd som er gjord i dag. 39For så sant Herren lever, han som gjev Israel siger: Om det så er Jonatan, min eigen son, som ber skulda, skal han døy.» Men ikkje ein i hæren svara han. 40Då sa han til heile Israel: «Still dykk på den eine sida, så skal eg og Jonatan, son min, stå på den andre.» Folket svara: «Gjer som du synest.» 41Då sa Saul til Herren, Israels Gud: «Lat sanninga koma fram!» Og loddet fall på Jonatan og Saul, men folket gjekk fritt. 42Så sa Saul: «Kast lodd mellom meg og Jonatan, son min.» Og loddet fall på Jonatan.
43Då sa Saul til Jonatan: «Fortel meg kva du har gjort!» Jonatan fortalde han det: «Eg tok litt honning på enden av staven som eg hadde i handa, og smaka på han. Her står eg. Eg er budd på å døy.» 44Saul sa: «Måtte Gud la det gå meg ille både no og sidan om du ikkje må døy etter dette, Jonatan.» 45#2 Sam 4,11 Men folket sa til Saul: «Skal Jonatan døy, han som har vunne denne store sigeren for Israel? Det må aldri henda! Så sant Herren lever, ikkje eit hår skal falla frå hovudet hans og ned på marka! For han har hatt Gud med seg i det han har gjort i dag.» Slik berga folket Jonatan, og han slapp å døy. 46No gav Saul opp å forfølgja filistrane meir og drog oppover att, og filistrane drog heim til sitt.
Saul gjer storverk
47 # 14,47 Soba eit aramearrike nord for Damaskus. Jf. 2 Sam 10,6.8. Då Saul hadde sikra seg kongsmakt over Israel, førte han krig mot alle fiendane sine rundt ikring: mot moabittane, ammonittane og edomittane, mot kongane i Soba og mot filistrane. Og kvar han enn vende seg, vann han siger. 48Saul gjorde storverk. Han slo amalekittane og berga Israel frå dei som plyndra dei.
49 # 31,2 Sønene til Saul var Jonatan, Jisjvi og Malkisjua. Han hadde to døtrer. Den eldste heitte Merab og den yngste Mikal. 50Kona til Saul heitte Ahinoam. Ho var dotter til Ahimaas. Hærføraren hans heitte Abner. Han var son til Ner, Sauls onkel. 51#9,1 Kisj, far til Saul, og Ner, far til Abner, var begge søner av Abiel.
52Krigen mot filistrane var hard så lenge Saul levde. Kvar sterk og djerv mann Saul fekk auge på, tok han i si teneste.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk