1. Peter 5

5
Forsamlinga og hyrdingane
1 # Rom 8,17; Tit 1,5 # 5,1 eldste tittel på leiarane i forsamlinga. =tenester. Dei eldste mellom dykk legg eg dette på hjartet, eg som sjølv er ein eldste og eit vitne om Kristi lidingar og har del i den herlegdomen som skal openberrast: 2#Joh 21,16+; 1 Tim 3,8#5,2 Ha tilsyn med flokken Nokre gamle og viktige handskrifter manglar desse orda. Ver hyrdingar for den Guds flokk som er hos dykk! Ha tilsyn med flokken, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men av hjartet. 3#Mark 10,42ff; 2 Kor 1,24; Fil 3,17; Tit 2,7 Gjer dykk ikkje til herrar over dei som Gud har gjeve dykk ansvar for, men ver eit føredøme for flokken. 4#1 Kor 9,25; 2 Tim 2,5; 4,7f; Jak 1,12; Op 2,10; 3,11 Og når den høgste hyrdingen openberrar seg, skal de få den uvisnelege sigerskransen.
5 # Ordt 3,34; Ef 5,21; Jak 4,6 # 5,5 dei eldste kan òg omsetjast «dei eldre» og viser då til eldre kristne. «Dei eldste» er her forstått som leiarar i forsamlinga. Jf. v. 1. De unge skal underordna dykk dei eldste. Og for kvarandre skal de alle vera kledde i eit audmjukt sinnelag. For
Gud står dei stolte imot,
men dei audmjuke gjev han nåde.
6 # Job 5,11; 22,29; Jak 4,10 Audmjuk dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk når tida kjem. 7#Sal 55,23; Matt 6,25 Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk.
8 # Sal 22,14; Ef 6,11; 1 Tess 5,6 Ver edrue og vak! Motstandaren dykkar, djevelen, går omkring som ei brølande løve og leitar etter nokon å sluka. 9#Jak 4,7 Stå han imot, faste i trua! For de veit at syskena dykkar rundt om i verda må gå gjennom dei same lidingane. 10#1 Tess 2,12; 5,24; 1 Pet 1,6 Enno må de lida ei lita stund, men all nådes Gud, som ved Kristus har kalla dykk til sin evige herlegdom, han skal utrusta dykk, gje dykk kraft og styrke og grunnfesta dykk. 11Han høyrer makta til i all æve. Amen.
Sluttord
12 # 2 Kor 1,19 # 5,12 Med hjelp frå Silvanus … sender eg kan òg omsetjast «Med hjelp frå Silvanus … har eg skrive …». Silvanus =Paulus' medarbeidarar. Med hjelp frå Silvanus, som eg held for ein påliteleg bror, sender eg dette vesle brevet eg har skrive for å setja mot i dykk og vitna om Guds sanne nåde. I den må de bli ståande.
13 # Kol 4,10; 2 Tim 4,11; Filem 24 # 5,13 Babylon truleg eit dekknamn for Roma. Jf. Op 14,8. Syster dykkar i Babylon sender si helsing, ho som er utvald saman med dykk. Det same gjer Markus, son min.
14 # Rom 16,16; 1 Kor 16,20; 2 Kor 13,12; 1 Tess 5,26 Hels kvarandre med kjærleikens kyss!
Fred vere med dykk, alle som er i Kristus!

Markert nå:

1. Peter 5: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring