1. Kongebok 4
N11NN
4
Salomos embetsmenn
1Kong Salomo styrte no over heile Israel. 2Dette var dei øvste embetsmennene hans: Asarja, son til Sadok, var prest; 3Elihoref og Ahia, sønene til Sjisja, var riksskrivarar; Josjafat, son til Ahilud, var protokollførar; 4#2,35 Benaja, son til Jojada, var hærførar; Sadok og Abjatar var prestar; 5Asarja, son til Natan, var oppsynsmann over futane; Sabud, son til Natan, var ven med kongen; 6#5,13f Ahisjar var borgherre; Adoniram, son til Abda, hadde oppsyn med dei som gjorde pliktarbeid.
7Salomo sette tolv futar over heile Israel. Dei skulle syta for matforsyningar til kongen og hoffet hans. Kvar sin månad i året skulle dei syta for det. 8Dette er namna deira: Ben-Hur, i fjellandet Efraim; 9#4,9 Makas … Bet-Hanan byar i det vestlege Juda. Ben-Deker, i Makas, Sjaalvim, Bet-Sjemesj, Elon og Bet-Hanan; 10#4,10 Arubbot … Hefer-landet distriktet nordvest for Sikem, ned mot Saron-sletta. Ben-Hesed, i Arubbot – han hadde Soko og heile Hefer-landet; 11#4,11 Dor-høglandet ved middelhavskysten, sør for Karmel-fjellet. Jf. Jos 11,2. Ben-Abinadab hadde heile Dor-høglandet – han var gift med Tafat, dotter til Salomo; 12Baana, son til Ahilud, hadde Taanak, Megiddo og heile Bet-Sjean, som ligg ved Saretan, nedanfor Jisreel, frå Bet-Sjean til Abel-Mehola og bortom Jokmeam; 13Ben-Geber i Ramot i Gilead – han hadde teltbyane til Ja'ir, son til Manasse, i Gilead, og Argob-bygda i Basan, seksti store byar med murar og bronsebommar; 14Ahinadab, son til Iddo, hadde Mahanajim; 15Ahimaas hadde Naftali – han òg var gift med ei av døtrene til Salomo, Basmat; 16Baana, son til Husjai, i Asjer og Alot; 17Josjafat, son til Paruah, i Jissakar; 18Sjimi, son til Ela, i Benjamin; 19#1 Mos 4,21ff Geber, son til Uri, i Gilead, det landet som amorittkongen Sihon og Basan-kongen Og hadde hatt. Dessutan var det ein fut i Juda.
Salomos makt og visdom
20 # 1 Mos 13,16; 1 Kong 3,8 Folket i Juda og Israel var tallaust som sanden ved havet. Dei åt og drakk og var glade. 21#2 Krøn 9,26; Sal 72,8 Salomo herska over alle kongerika frå Eufrat til filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt. Dei betalte skatt og stod under Salomo så lenge han levde.
22 # 4,22 tretti kor ca. 10 920 l. seksti kor ca. 21 840 l. Til matlaging hos Salomo gjekk det kvar dag med tretti kor fint mjøl og seksti kor grovt mjøl, 23ti gjødde oksar, tjue drifteoksar og hundre sauer og i tillegg hjortar, gasellar, dådyr og gjødde gjæser. 24#1 Mos 15,18#4,24 Tifsah by ved Eufrat. For han herska over alt land vestafor Eufrat, frå Tifsah til Gaza, over alle kongane vestafor Eufrat, og hadde fred på alle kantar rundt ikring. 25#3 Mos 26,5; Mi 4,4; Sak 3,10 I Juda og Israel, frå Dan til Beer-Sjeba, sat kvar mann trygt under sin vinstokk og sitt fikentre så lenge Salomo levde. 26#2 Krøn 9,25 Salomo hadde førti tusen stallplassar til vognhestane sine og tolv tusen ryttarar.
27Dei tolv futane sytte kvar sin månad for matforsyningar til kong Salomo og alle som gjekk til hans bord. Dei lét det ikkje skorta på noko. 28Dei skulle òg etter tur gje bygg og halm til hestane og trekkdyra der dei heldt seg.
29Gud gav Salomo visdom og svært stor innsikt og ein forstand vidare enn sanden på havsens strand. 30Visdomen til Salomo var større enn visdomen til alle i aust og alle egyptarane. 31#1 Krøn 2,6 Han var visare enn noko anna menneske, visare enn Etan av Esrah-ætta og Mahol-sønene Heman, Kalkol og Darda. Namnet hans var kjent mellom alle heidningfolka rundt ikring. 32#Ordt 1,1 Salomo smidde tre tusen ordtak, og songane hans var eitt tusen og fem i talet. 33Han dikta om trea, frå sederen på Libanon til isopen som veks ut av muren, og han dikta om fe og fuglar, krypdyr og fiskar. 34#10,1ff; Matt 12,42 Og dei kom frå alle folk for å høyra visdomen til Salomo, frå alle kongar på jorda som hadde høyrt om visdomen hans.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk