1. Kongebok 2
N11NN
2
David døyr
1Då det leid mot slutten for David, sa han til Salomo, son sin: 2#5 Mos 31,7; Jos 23,14; 1 Krøn 22,13 Eg skal snart gå den vegen som alt her på jorda må gå. Ver du sterk og ver ein mann! 3#5 Mos 17,18ff; Jos 1,7; 23,6; Mal 4,4 Hald bodet til Herren din Gud! Gå på hans vegar og hald deg til hans forskrifter, bod, lover og påbod, slik det er skrive i Moselova. Då skal du gå visleg fram i alt du gjer, og kvar så du vender deg. 4#2 Sam 7,12; Sal 132,11ff For Herren vil halda det ordet han gav då han sa om meg: «Dersom sønene dine aktar på si ferd og vandrar for mitt andlet i truskap, av heile sitt hjarte og heile si sjel, skal det aldri mangla ein mann av di ætt på Israels kongsstol.» 5#2 Sam 3,27; 20,10 Du veit jo sjølv kva Joab, son til Seruja, gjorde mot meg og mot dei to hærførarane i Israel, Abner, son til Ner, og Amasa, son til Jeter: Han drap dei og lét blod renna i fredstid. Slik fekk han krigsblod på beltet han hadde om livet, og på skorne han hadde på føtene. 6Bruk no det gode vitet ditt. Lat ikkje den gamle og gråhåra mannen fara i fred til dødsriket. 7#2 Sam 17,27ff; 19,31f Men mot sønene til Barsillai frå Gilead skal du gjera godt. Lat dei vera mellom dei som et ved bordet ditt. For dei tok venleg imot meg då eg flykta frå Absalom, bror din. 8#2 Sam 16,5; 19,16.23 Du har òg hos deg Sjimi, son til Gera frå Bahurim, av Benjamin-stammen. Det var han som forbanna meg så stygt den dagen eg var på veg til Mahanajim. Men seinare kom han og møtte meg nede ved Jordan. Då svor eg ved Herren at eg ikkje skulle la han døy for sverd. 9Men du må ikkje la han sleppa straff. Du er ein klok mann og veit nok kva du skal gjera med han. Lat han gå ned til dødsriket med blod i det gråe håret sitt.
10 # Apg 2,29 Så gjekk David til kvile hos fedrane sine og vart gravlagd i Davidsbyen. 11#2 Sam 5,4f; 1 Krøn 29,26f I førti år hadde David vore konge over Israel. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem. 12Salomo sette seg på kongsstolen etter David, far sin, og kongedømet hans var trygt grunnfest.
Adonja blir drepen
13Adonja, son til Haggit, kom til Batseba, mor til Salomo. «Kjem du i fredeleg ærend?» spurde ho. «Ja», svara han, 14«men det er ei sak eg gjerne vil snakka med deg om.» «Sei det», sa ho. 15#1,5ff; 1 Krøn 28,5 Då sa han: «Du veit at kongedømet med rette var mitt, og heile Israel venta at eg skulle bli konge. Men så gjekk kongedømet over frå meg til bror min. Han fekk det av Herren sjølv. 16No er det berre éin ting eg vil be deg om, og du må ikkje visa meg bort.» «Sei det!» svara Batseba. 17#1,3 Då sa han: «Tal med kong Salomo – for deg viser han ikkje bort – og bed om at han lèt meg få Abisjag frå Sjunem til kone.» 18Batseba svara: «Ja vel, eg skal snakka med kongen for deg.»
19Så gjekk Batseba til kong Salomo for å leggja Adonjas sak fram for han. Kongen reiste seg, gjekk imot henne og bøygde seg djupt for henne. Så sette han seg på kongsstolen. Ein stol vart sett fram for mor til kongen; ho sette seg ved høgre sida hans. 20Ho sa: «Det er berre ein liten ting eg vil be deg om. Ikkje vis meg bort!» Kongen svara: «Be om det, mor! Eg viser deg ikkje bort.» 21Då sa ho: «Lat Adonja, bror din, få Abisjag frå Sjunem til kone!»
22 # 2,22 kongsmakta Abisjag hadde vore ei av konene til David. Å be om henne vart oppfatta som eit krav om kongsmakt. Jf. 2 Sam 3,7. Men kong Salomo tok til orde og sa til mor si: «Kvifor bed du om Abisjag frå Sjunem for Adonja? Du kan like godt be om kongsmakta for han. Han er då storebror min, og har presten Abjatar og Joab, son til Seruja, på si side.» 23Og kong Salomo svor ved Herren og sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje dette skal kosta Adonja livet! 24#2 Sam 7,11ff Så sant Herren lever, han som har sett meg på kongsstolen etter David, far min, og grunnlagt ei kongsætt for meg, slik som han lova – Adonja skal døy, og det i dag!» 25Så sende kong Salomo Benaja, son til Jojada, i veg. Han hogg ned Adonja, og slik døydde han.
Salomo driv bort Abjatar
26 # 1 Sam 22,20; 1 Krøn 15,11ff Kongen sa til presten Abjatar: «Far heim til åkrane dine i Anatot! Du fortener døden, men eg vil ikkje drepa deg i dag, for du har bore paktkista til Herren Gud framfor David, far min. Du har lide alt det han laut lida.» 27#2,27 Elis hus Jf. 1 Sam 2,31ff. Abjatar hadde ætta si frå presten Eli. Jf. 1 Sam 14,3; 22,20. Så dreiv Salomo Abjatar bort og lét han ikkje få vera prest for Herren lenger. Såleis vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala mot Elis hus i Sjilo.
Joab blir drepen
28 # 1,50 Då dette kom Joab for øyra – han hadde støtta Adonja, men ikkje Absalom – rømde han til Herrens telt og greip om altarhorna. 29Salomo fekk melding om at Joab hadde rømt til Herrens telt og heldt seg nær altaret. Då sende han Benaja, son til Jojada, i veg og sa: «Gå og hogg han ned!» 30Då Benaja kom til Herrens telt, sa han til Joab: «Kongen seier at du skal koma ut.» Men han svara: «Nei, her vil eg døy.»
Benaja gjekk tilbake til kongen og fortalde kva Joab hadde sagt og svara. 31#2 Mos 21,14 Då sa kongen til han: «Gjer som han seier! Hogg han ned og få han i jorda! Så friar du meg og farshuset mitt frå blodet til dei skuldfrie som Joab lét renna. 32#2 Sam 3,27; 20,10Herren vil la blodet koma over hovudet hans! Han hogg ned to menn som var betre og meir rettferdige enn han: Abner, son til Ner, hærføraren i Israel, og Amasa, son til Jeter, hærføraren i Juda. Han drap dei med sverd utan at David, far min, visste om det. 33#1 Mos 9,6; 2 Sam 3,27 Måtte deira blod for alltid koma over Joab og ætta hans. Men David og ætta hans, huset og kongsstolen hans skal Herren gje fred til alle tider.»
34Så gjekk Benaja, son til Jojada, opp og hogg ned Joab og drap han. Han vart gravlagd på heimstaden sin i ørkenen. 35#1 Sam 2,35; 1 Krøn 29,22 Kongen sette Benaja, son til Jojada, til hærførar etter Joab. Og han sette Sadok til prest etter Abjatar.
Sjimi blir drepen
36Så sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Bygg deg eit hus i Jerusalem! Der skal du bu, og derifrå skal du ikkje fara bort. 37Det skal du vita at den dagen du tek ut og går over Kedron-bekken, er du dømd til å døy. Blodet ditt skal renna over ditt eige hovud.» 38Sjimi svara kongen: «Ja vel, tenaren din skal retta seg etter din vilje, herre konge.» Og Sjimi vart buande lenge i Jerusalem.
39 # 1 Sam 27,2 Men då tre år var lidne, rømde to av Sjimis slavar til kongen i Gat, Akisj, son til Maaka. Då Sjimi fekk vita at slavane var i Gat, 40gjorde han seg ferdig og sala eselet sitt. Han gav seg i veg til Akisj i Gat for å krevja slavane sine tilbake. Sjimi fór av stad og henta slavane frå Gat.
41Salomo fekk melding om at Sjimi hadde fare frå Jerusalem til Gat og no var komen tilbake. 42Då sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Tok eg deg ikkje i eid ved Herren då eg åtvara deg og sa: Det skal du vita for visst at den dagen du forlèt Jerusalem og går nokon annan stad, er du dømd til å døy. Og du svara: Ja vel, eg har høyrt kva du seier. 43Kvifor har du då ikkje halde din eid til Herren og det påbodet eg gav deg? 44#2 Sam 16,5ff Du kjenner til, ja, du veit i hjartet kor mykje vondt du har gjort mot David, far min. Herren lèt no vondskapen koma over ditt eige hovud. 45Men kong Salomo skal vera velsigna, og kongsstolen til David skal stå trygt for Herrens andlet til alle tider.» 46Så baud kongen Benaja, son til Jojada, gå ut og hogga han ned. Slik døydde Sjimi.
Og kongsmakta låg trygt i Salomos hand.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk