1. Kongebok 14
N11NN
14
Jeroboam og profeten Ahia
1På den tid vart Abia, son til Jeroboam, sjuk. 2#1 Sam 28,8; 1 Kong 22,30 Då sa Jeroboam til kona si: «Skund deg og ta på andre klede, så ingen kan kjenna deg att som kona mi. Gå så til Sjilo, der profeten Ahia bur, han som spådde at eg skulle bli konge over dette folket. 3Ta med deg ti brød, nokre kaker og ei krukke med honning og gå til han. Han vil seia deg korleis det skal gå med guten.»
4 # 11,29f Kona gjorde som han bad. Ho gjorde seg klar og drog til Sjilo og kom til huset der Ahia budde. Ahia kunne ikkje sjå, for han var gammal og stiv i blikket. 5Men Herren hadde sagt til han: «No kjem kona til Jeroboam og vil spørja deg til råds om son sin; for han er sjuk. Så og så skal du svara henne. Men når ho kjem, læst ho vera ei anna.» 6Då Ahia høyrde lyden av stega hennar i døra, sa han: «Kom inn, du kona til Jeroboam! Kvifor læst du vera ein framand? Eg er send til deg med ein tung bodskap. 7#11,31; 16,2 Gå og sei til Jeroboam: Så seier Herren, Israels Gud: Eg lyfte deg ut av folket og sette deg til fyrste over folket mitt, Israel. 8Eg reiv riket frå Davids hus og gav det til deg. Men du har ikkje vore som David, tenaren min. Han heldt boda mine og følgde meg av heile sitt hjarte, så han berre gjorde det som rett var i mine auge. 9Men du har bore deg verre åt enn alle dei som var før deg. Du har gått bort og laga deg andre gudar og støypte gudebilete. Slik har du gjort meg rasande. Du har vendt meg ryggen. 10#15,29; 21,21 Difor vil eg føra ulukke over Jeroboams hus og rydda ut alle mannfolk i ætta hans i Israel, både fange og fri. Så vil eg feia ut Jeroboams hus som når ein sopar bort skit, til det ikkje finst eit grann att. 11#16,4 Den av dei som døyr i byen, skal hundane eta opp, og den som døyr ute på marka, skal fuglane under himmelen eta opp. Herren har tala. 12Men du skal stå opp og gå heim att. Med det same du set foten din i byen, døyr barnet. 13Heile Israel skal halda sørgjehøgtid over guten og følgja han til grava, for han er den einaste i Jeroboams ætt som skal koma i ei grav. Berre hos han i heile Jeroboams hus har Herren, Israels Gud, funne noko godt. 14Men Herren vil reisa opp ein konge over Israel som skal rydda ut Jeroboams hus, og no er dagen komen. 15#2 Kong 17,23Herren skal slå israelittane så dei blir lik sivet som svaiar i vatnet. Han skal rykkja dei opp av dette gode landet som han gav fedrane deira, og spreia dei bortanfor Eufrat fordi dei laga seg Asjera-pålar og gjorde Herren rasande. 16Han skal gje opp Israel fordi Jeroboam synda som han gjorde, og fekk Israel med på si synd.»
17 # 14,17 Tirsa by nordaust for Sikem. Første hovudstaden i Nordriket. Jf. 16,23f. Kona til Jeroboam tok no i veg og kom heim att til Tirsa. Med det same ho sette foten på dørstokken i huset, døydde guten. 18Heile Israel følgde han til grava og heldt sørgjehøgtid over han. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom profeten Ahia, tenaren sin.
19 # 14,19 krønikeboka til Israels-kongane årbøker som vart førte ved hoffet (jf. 11,41), men som sidan er komne bort. Det som elles er å fortelja om Jeroboam, om krigane han førte og korleis han styrte, det står skrive i krønikeboka til Israels-kongane. 20Jeroboam styrte i tjueto år. Så gjekk han til kvile hos fedrane sine, og son hans, Nadab, vart konge etter han.
Kong Rehabeam i Juda
21 # 2 Krøn 12,13 Rehabeam, son til Salomo, hadde vorte konge i Juda. Han var førtiein år gammal då han vart konge, og han styrte i sytten år i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut av alle Israels stammar og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Naama og var frå Ammon.
22Folket i Juda gjorde det som var vondt i Herrens auge. Med syndene sine eggja dei han til harme endå meir enn fedrane deira hadde gjort. 23#2 Kong 16,4; 17,10 Dei bygde òg offerhaugar og reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart frodig tre. 24#5 Mos 23,17 Det fanst til og med tempelprostituerte menn i landet. Dei tok etter alle avskyelege skikkar hos dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.
25 # 11,40; 2 Krøn 12,2ff I det femte styringsåret til Rehabeam drog Sjisjak, kongen i Egypt, opp mot Jerusalem. 26#10,16f Han tok alle skattane både i Herrens hus og i kongeborga. Han tok òg alle gullskjolda som Salomo hadde fått laga. 27I staden fekk kong Rehabeam laga bronseskjold, og han sette sjefane for livvakta som vakta slottsporten, til å ta vare på dei. 28Kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar vaktene desse skjolda og tok dei så med seg tilbake til vaktrommet.
29 # 2 Krøn 12,15f Det som elles er å seia om Rehabeam og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. 30Heile tida var det krig mellom Rehabeam og Jeroboam. 31Så gjekk Rehabeam til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i Davidsbyen. Mor hans heitte Naama og var frå Ammon. Son hans, Abia, vart konge etter han.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk