1. Johannes 3
3
1 #
Joh 1,12; 16,3; 17,25 Sjå kor stor kjærleik Far har synt oss: Vi får kallast Guds born – ja, vi er det! Verda kjenner oss ikkje, fordi ho ikkje kjenner han. 2#Matt 5,8; Rom 8,17.29; Fil 3,21; Kol 3,4Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal bli. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi bli like han, for vi skal sjå han som han er. 3#2,6Kvar den som har dette håpet til han, reinsar seg, slik Kristus er rein.
Kven er Guds born?
4Kvar den som gjer synd, gjer opprør mot lova, ja, synd er opprør mot lova. 5#Jes 53,4f.9; Joh 1,29; 8,46; 1 Pet 2,22.24Og de veit at han openberra seg for å bera bort syndene våre, og i han finst det inga synd. 6#3,9+#3,6 syndar her om å leva i synd.Den som blir verande i han, syndar ikkje. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.
7 #
2,29
Mine born, lat ingen føra dykk vill! Den som gjer det som er rett, er rettferdig, slik Kristus er rettferdig. 8#Joh 8,44Den som gjer synd, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg. 9#1 Pet 1,23; 1 Joh 2,29; 3,6; 3 Joh 11Den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd. For det Gud har sådd, blir verande i han. Han kan ikkje synda, for han er fødd av Gud. 10#Hebr 13,1+; 1 Joh 2,29Slik viser det seg kven som er Guds born, og kven som er djevelens born: Den som ikkje gjer det som er rett, og ikkje elskar bror sin, er ikkje av Gud.
11 #
Joh 13,34; 15,12.17; 1 Joh 2,7 For dette er den bodskapen de har høyrt frå første stund: Vi skal elska kvarandre. 12#1 Mos 4,8Vi må ikkje vera som Kain, som var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.
13 #
Joh 15,18f; 17,14 De må ikkje undra dykk, sysken, om verda hatar dykk. 14#Joh 5,24; 1 Joh 2,11Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, for vi elskar syskena våre. Den som ikkje elskar, er og blir i døden. 15#Matt 5,21f; Gal 5,20fDen som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg. 16#Joh 15,13; Ef 5,2Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet sitt for oss. Så skyldar òg vi å gje livet for syskena våre.
17 #
5 Mos 15,7; Jak 2,15f Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjartet sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?
Frimod for Gud
18Mine born, lat oss elska, ikkje med tomme ord, men i gjerning og sanning! 19Slik skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa vårt hjarte for hans andlet. 20For om hjartet vårt fordømmer oss, er Gud større enn hjartet og veit alt. 21#5,14Mine kjære, dersom hjartet vårt ikkje fordømmer oss, har vi frimod for Gud. 22#Jer 29,12f; Matt 7,7; 21,22; Mark 11,24; Joh 14,13+; Jak 1,5; 1 Joh 5,14fOg det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er godt i hans auge. 23#Joh 6,29; 15,17Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt hans Son, Jesus Kristus, og elska kvarandre, slik han baud oss. 24#Joh 14,23; Rom 8,9+#3,24 sin Ande Jf. 4,1–6.13; 5,6–8.Den som held hans bod, blir verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.
Markert nå:
1. Johannes 3: NO2011NN
Marker
Del
Kopier

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.