1. Korintar 5
N11NN
5
Blodskam og hor
1 # 3 Mos 18,8; 5 Mos 27,20 # 5,1 kona til far sin Det er tale om ein mann som lever seksuelt saman med stemor si. Kanskje var far hans død eller skild frå henne. Sidan kvinnene ofte var mykje yngre enn mennene når dei gifte seg, treng det ikkje ha vore stor skilnad i alder. Rett ut sagt: Ein høyrer om hor hos dykk, til og med slikt som ikkje eingong blir tolt hos heidningane: at ein mann lever saman med kona til far sin. 2Og endå er de hovmodige! De skulle heller sørgja, så den som har gjort dette, kunne bli utstøytt frå dykk. 3#Kol 2,5 For eg, som er fysisk fråverande, men åndeleg til stades, eg har alt felt dommen over den som har gjort dette, som om eg var til stades. 4De skal samlast i Herren Jesu namn, og eg vil vera med dykk i ånda, og vår Herre Jesu kraft skal vera med oss. 5#1 Tim 1,20 Då skal denne mannen overgjevast til Satan og kroppen hans bli øydelagd, så ånda kan bli frelst på Herrens dag. 6#Gal 5,9#5,6 surdeig Når ein baka, tok ein vare på ein liten klump av den gjæra deigen (surdeig). Neste gong ein skulle baka, knadde ein klumpen inn i den nye deigen for å få han til å heva seg. De har sanneleg ikkje stort å skryta av! Veit de ikkje at litt surdeig gjennomsyrar heile deigen? 7#2 Mos 12,21; 13,7; Joh 1,29+#5,7 usyra skulle ikkje vera blanda med gammal surdeig. =festar og høgtider. Reins ut den gamle surdeigen så de kan vera ein ny deig: usyra, slik de verkeleg er. For vårt påskelam er slakta, Kristus. 8Så lat oss halda høgtid, ikkje med gammal surdeig, ikkje med ein surdeig av vondskap og synd, men med usyra brød av sanning og reinleik.
9 # 5,9 brevet til dykk eit brev som ikkje lenger finst. I brevet til dykk skreiv eg at de ikkje måtte ha omgang med folk som lever i hor. 10#5,10–11 Versa inneheld ein lastekatalog, ei opplisting av haldningar og handlingar som strider mot kristen tru og liv. =katalogar.#Rom 1,29ff+ Då meinte eg ikkje alle her i verda som lever i hor, heller ikkje dei grådige, ransmennene og avgudsdyrkarane. For då måtte de gå ut av denne verda. 11#2 Tess 3,6 Det eg meinte med det eg skreiv, var at de ikkje skal ha noko å gjera med ein som blir kalla bror, men som lever i hor, er grådig eller dyrkar avgudar, er ein spottar, drankar eller ransmann. Slike skal de heller ikkje eta i lag med. 12#Mark 4,11; Kol 4,5 Kva har vel eg med å dømma dei som står utanfor? Er det ikkje dei som er innanfor, de skal dømma? 13#5 Mos 17,7; 22,21f Dei som står utanfor, skal Gud dømma. Så støyt den vonde ifrå dykk!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk