1. Krønikebok 8
N11NN
8
Ætta til Benjamin
1 # 7,6+ Benjamin fekk søner. Den førstefødde var Bela, den andre var Asjbel, den tredje Ahrah, 2den fjerde Noha, og den femte var Rafa. 3Bela hadde sønene Addar, Gera, Abihud, 4Abisjua, Naaman, Ahoah, 5Gera, Sjefufan og Huram. 6Dette er sønene til Ehud; dei var leiarar for familiane mellom innbyggjarane i Geba, som seinare vart drivne i eksil til Manahat: 7Naaman, Ahia og Gera, han som førte dei bort. Han fekk to søner: Ussa og Ahihud.
8Sjaharajim fekk born i slettelandet i Moab etter at han hadde sendt frå seg konene Husjim og Baara. 9Med Hodesj, kona si, fekk han sønene Jobab, Sibja, Mesja, Malkam, 10Jeus, Sokja og Mirma. Dette var sønene hans, og dei var alle leiarar for familiar. 11Med Husjim fekk han sønene Abitub og Elpaal. 12Sønene til Elpaal var Eber, Misjam og Sjemer. Det var han som bygde Ono og Lod med landsbyane som høyrde til. 13Beria og Sjema var leiarar for familiane mellom innbyggjarane i Ajjalon. Dei dreiv innbyggjarane i Gat på flukt. 14Ahjo, Sjasjak og Jeremot, 15Sebadja, Arad og Eder, 16Mikael, Jisjpa og Joha var sønene til Beria. 17Sebadja, Mesjullam, Hiski, Heber, 18Jisjmerai, Jislia og Jobab var sønene til Elpaal.
19Jakim, Sikri, Sabdi, 20Elienai, Silletai og Eliel, 21Adaja, Beraja og Sjimrat var sønene til Sjimi. 22Jisjpan, Eber og Eliel, 23Abdon, Sikri og Hanan, 24Hananja, Elam og Antotia, 25Jifdeja og Peniel var sønene til Sjasjak. 26Sjamsjerai, Sjeharja og Atalja, 27Jaaresja, Elia og Sikri var sønene til Jeroham. 28Alle desse var leiarar for familiar og hovdingar, seier slektshistoria. Dei budde i Jerusalem.
29 # 9,35–39 # 8,29 far til Gibeon Je'uel, jf. 9,35. I Gibeon budde far til Gibeon; kona hans heitte Maaka. 30Den førstefødde sonen hans var Abdon. Så kom Sur, Kisj, Baal, Nadab, 31#8,31 Miklot Namnet manglar i den hebr. teksten, men er med i =Septuaginta. Gedor, Ahjo, Seker og Miklot. 32Miklot fekk sonen Sjima. Dei òg budde i Jerusalem som brørne sine, saman med dei. 33#1 Sam 14,51#8,33 Esjbaal >2 Sam 2,8. Ner fekk sonen Kisj, og Kisj fekk Saul. Saul fekk sønene Jonatan, Malkisjua, Abinadab og Esjbaal. 34#8,34 Meribbaal >2 Sam 4,4. Son til Jonatan var Meribbaal, og Meribbaal fekk sonen Mika. 35Sønene til Mika var Piton, Melek, Tarea og Ahas.
36Ahas fekk sonen Joadda, og Joadda fekk sønene Alemet, Asmavet og Simri. Simri fekk sonen Mosa, 37og Mosa fekk Bina. Hans son var Rafa, hans son Elasa og hans son Asel. 38Asel hadde seks søner, og dette er namna deira: Asrikam, Bokeru, Ismael, Sjearja, Obadja og Hanan. Alle desse var sønene til Asel. 39Sønene til Esjek, bror hans, var Ulam, den førstefødde, den andre var Je'usj, og den tredje var Elifelet. 40Sønene til Ulam var djerve krigarar, gode bogeskyttarar. Dei hadde mange søner og sønesøner, hundre og femti i alt. Alle desse var etterkomarar av Benjamin.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk