1. Krønikebok 7

7
Ætta til Jissakar
1 # 1 Mos 46,13; 4 Mos 26,23f Jissakar hadde fire søner: Tola, Pua, Jasjub og Sjimron. 2Sønene til Tola var Ussi, Refaja, Jeriel, Jahmai, Jibsam og Samuel. Dei var leiarar for Tola-familiane og djerve krigarar, seier slektshistoria deira. Dei talde 22 600 mann på Davids tid. 3Son til Ussi var Jisrahja. Og Jisrahja hadde sønene Mikael, Obadja, Joel og Jisjia, alt i alt fem leiarar. 4Til kvar familie høyrde, ifølgje slektshistoria deira, flokkar av krigarar, 36 000 mann; for dei hadde mange koner og born. 5Brørne deira i alle Jissakar-slektene var òg djerve krigarar. I alt stod det 87 000 mann i slektsregisteret deira.
Ætta til Benjamin
6 # 1 Mos 46,21; 4 Mos 26,38–41; 1 Krøn 8,1 Benjamin hadde tre søner: Bela, Beker og Jediael. 7Sønene til Bela var Esbon, Ussi, Ussiel, Jerimot og Iri, fem i alt. Dei var leiarar for familiane og djerve krigarar. I slektsregisteret deira var det 22 034 mann. 8Sønene til Beker var Semira, Joasj, Elieser, Eljoenai, Omri, Jeremot, Abia, Anatot og Alemet. Alle desse var sønene til Beker. 9Etter slektshistoria deira var det 20 200 mann i slektsregisteret, leiarar for familiar og djerve krigarar. 10Jediael hadde sonen Bilhan, og sønene til Bilhan var Je'usj, Benjamin, Ehud, Kenaana, Setan, Tarsis og Ahisjahar. 11Alle desse var etterkomarane av Jediael, leiarar for familiar og djerve krigarar, 17 200 stridsføre menn. 12Sjuppim og Huppim var sønene til Ir, og Husjim var son til Aher.
Ætta til Naftali
13 # 1 Mos 46,24 Sønene til Naftali var Jahsiel, Guni, Jeser og Sjallum. Dei var etterkomarar av Bilha.
Ætta til Manasse
14 # 4 Mos 26,29–34.48–50 Son til Manasse var Asriel, som han fekk med den arameiske følgjekona si. Ho fødde òg Makir, far til Gilead. 15Makir tok koner til Huppim og Sjuppim. Syster hans heitte Maaka. Den andre heitte Selofhad, og Selofhad hadde berre døtrer. 16Maaka, kona til Makir, fødde ein son og kalla han Peres. Bror hans heitte Sjeresj, og sønene hans var Ulam og Rekem. 17Son til Ulam var Bedan. Dette var sønene til Gilead, son til Makir, som var son til Manasse. 18Syster hans, Hammoleket, fødde Isjhod, Abieser og Mahla. 19Sønene til Sjemida var Ahjan, Sikem, Likhi og Aniam.
Ætta til Efraim
20 # 4 Mos 26,35–37 Etterkomarane av Efraim var: Sjutelah, hans son Bered, hans son Tahat, hans son Elada, hans son Taham, 21hans son Sabad og hans son Sjutelah, dessutan Eser og Elad. Dei vart drepne av nokre menn frå Gat som var fødde der i landet, fordi dei hadde fare ned for å røva buskapen deira. 22Efraim, far deira, sørgde i lang tid, og brørne hans kom og ville trøysta han. 23#7,23 Beria Namnet liknar eit ord som tyder «i ulukke». Sidan gjekk han inn til kona si, og ho vart med barn. Ho fødde ein son og gav han namnet Beria, fordi ei ulukke hadde ramma deira hus. 24Dotter hans heitte Sjeera. Ho bygde Nedre og Øvre Bet-Horon og Ussen-Sjeera. 25Hans son var Refah, hans son Resjef, hans son Telah, hans son Tahan, 26hans son Ladan, hans son Ammihud, hans son Elisjama, 27hans son Nun og hans son Josva.
28Deira eigedomar og bustader var Betel med landsbyane som høyrde til, mot aust Naaran og mot vest Geser med landsbyar og Sikem med landsbyar, heilt til Ajja med landsbyane som høyrde til. 29Etterkomarane av Manasse rådde i Bet-Sjean og landsbyane som høyrde til, i Taanak med landsbyar, Megiddo med landsbyar og Dor med landsbyar. I desse byane budde etterkomarane av Josef, son til Israel.
Ætta til Asjer
30 # 1 Mos 46,17; 4 Mos 26,44–47 Sønene til Asjer var Jimna, Jisjva, Jisjvi og Beria, og Serah var syster deira. 31Sønene til Beria var Heber og Malkiel. Han var far til Birsajit. 32Heber fekk sønene Jaflet, Sjomer og Hotam, og Sjua var syster deira. 33Sønene til Jaflet var Pasak, Bimhal og Asjvat. Det var sønene til Jaflet. 34Sønene til Sjomer var Ahi, Rohga, Jehubba og Aram. 35Sønene til Helem, bror hans, var Sofah, Jimna, Sjelesj og Amal. 36Sønene til Sofah var Suah, Harnefer, Sjual, Beri, Jimra, 37Beser, Hod, Sjamma, Sjilsja, Jitran og Beera. 38Sønene til Jeter var Jefunne, Pispa og Ara. 39Og sønene til Ulla var Arah, Hanniel og Risja.
40Alle desse var etterkomarane til Asjer, leiarar for familiar, utvalde og djerve krigarar, leiande hovdingar. Det var 26 000 mann som var registrerte til krigsteneste.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring