1. Krønikebok 14
N11NN

1. Krønikebok 14

14
Davids hus og ætt
1 # 2 Sam 5,11–16 Hiram, kongen i Tyros, sende nokre utsendingar til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg steinhoggarar og tømrarar. Dei skulle byggja eit slott for han. 2Då skjøna David at Herren hadde stadfest kongedømet hans over Israel, og at kongsveldet hadde vorte stort for hans folk Israels skuld.
3David tok seg fleire koner i Jerusalem, og han fekk endå fleire søner og døtrer. 4Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo, 5Jibhar, Elisjua, Elpelet, 6Nogah, Nefeg, Jafia, 7Elisjama, Beeljada og Elifelet.
David vinn over filistrane
8 # 2 Sam 5,17–25 Då filistrane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og drog ut mot dei. 9Filistrane kom og plyndra i Refa'im-dalen. 10Då spurde David Gud til råds: «Skal eg dra ut mot filistrane? Vil du gje dei i mine hender?» Og Herren svara: «Dra du; eg vil gje dei i dine hender.» 11#14,11 Baal-Perasim >2 Sam 5,20. Så drog dei opp til Baal-Perasim, og der slo David dei. Då sa han: «Gud har ved mi hand brote igjennom fiendens rekkjer, slik vatn bryt seg veg.» Difor kallar dei den staden Baal-Perasim. 12#5 Mos 7,25 Der lét filistrane etter seg gudebileta sine, og David sa at dei skulle brennast.
13Men filistrane kom att og spreidde seg ut over dalen. 14#14,14 baka-trea Det er usikkert kva slag tre dette er, kanskje balsamtre. Då bad David Gud om råd igjen, og han svara: «Du skal ikkje følgja rett etter dei. Gå rundt dei, så du kjem på dei midt framfor baka-trea. 15Når du høyrer lyden av marsjgang over tretoppane, skal du gå til kamp. For då dreg Gud ut framfor deg for å slå filistarhæren.» 16David gjorde som Gud hadde sagt han. Dei slo filistarhæren og forfølgde han frå Gibeon til Geser. 17Davids namn vart kjent i alle land, og Herren lét frykt for han koma over alle folkeslag.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk