1. Krønikebok 11
N11NN

1. Krønikebok 11

11
Kong David tek Jerusalem
1 # 2 Sam 5,1–3 Så kom heile Israel saman hos David i Hebron og sa: «Sjå, vi er av same bein og kjøt som du. 2#1 Sam 13,14 Alt for lenge sidan, då Saul var konge, var det du som førte Israel både ut og heim att. Herren din Gud har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.»
3 # 1 Sam 16,13 Så kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron. David gjorde ei pakt med dei i Hebron for Herrens andlet. Og dei salva David til konge over Israel, som Herren hadde sagt gjennom Samuel.
4 # 2 Sam 5,6–10 David og heile Israel drog no til Jerusalem – det er Jebus. Der i landet budde jebusittane. 5Dei som budde i Jebus, sa til David: «Her kjem du aldri inn!» Men David tok Sion-borga, som no er Davidsbyen. 6David sa: «Den som først feller ein jebusitt, skal vera hovding og førar.» Joab, son til Seruja, kom først opp, og han vart hovding. 7David slo seg ned i borga; difor kalla dei henne Davidsbyen. 8#11,8 Millo >2 Sam 5,9. Han bygde byen rundt ikring, frå Millo og heilt rundt, medan Joab fekk resten av byen på fote att. 9David fekk stadig større makt, for Herren over hærskarane var med han.
Davids krigarar
10 # 2 Sam 23,8–39 Dette er dei fremste av krigsheltane til David. Saman med heile Israel gav dei kongsmakta hans sterk støtte. Dei ville gjera han til konge etter Herrens ord om Israel. 11#11,11 Jasjobam blir i 2 Sam 23,8 kalla Josjeb-Basjebet. dei tre >2 Sam 23,8. Dette er ei liste over krigarane til David: Først var det Jasjobam, son til Hakmoni, som var hovding for dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over tre hundre falne på ein gong. 12Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Ahoah. Han var ein av dei tre heltane. 13#11,13 Pas-Dammim truleg Efes-Dammim, som ligg sørvest for Jerusalem. Jf. 1 Sam 17,1. Han var med David ved Pas-Dammim då filistrane hadde samla seg til kamp der. Det var ein tett byggåker der, og då folket flykta for filistrane, 14gjekk dei midt ut i åkeren og verna han. Dei hogg ned filistrane, og Herren lét dei vinna ein stor siger.
15 # 11,15 Adullam >1 Sam 22,1. Refa'im-dalen >2 Sam 5,18. Ein gong drog tre av dei tretti hovdingane ned over berget til David, som var i hòla ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa'im-dalen. 16#11,16 fjellborga >1 Sam 22,4. David heldt den gongen til i fjellborga, og forposten til filistrane låg ved Betlehem. 17Då vart David svært tørst og sa: «Kven vil henta vatn til meg frå brønnen ved byporten i Betlehem!» 18Dei tre tok seg inn i filistarleiren. Dei auste opp vatn frå brønnen ved byporten i Betlehem og tok det med seg til David. Men han ville ikkje drikka. Han auste det ut for Herren 19og sa: «Måtte min Gud fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet til desse mennene som våga livet sitt for å henta vatn?» Og han ville ikkje drikka det. – Dette gjorde dei tre heltane.
20 # 11,20 dei tretti =Masoretteksten har «tre». Omsetjinga følgjer dei beste tekstvitna til 2 Sam 23,18. Absjai, bror til Joab, var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti. 21Han var svært høgt akta mellom dei tretti og vart leiaren deira, men han kom ikkje opp mot dei tre.
22Benaja, son til Jojada, frå Kabseel var ein modig mann og gjorde mange heltegjerningar. Han slo i hel dei to sønene til Ariel frå Moab. Ein dag det hadde snøa, steig han ned i ein brønn og drap ei løve. 23#1 Sam 17#11,23 fem alner ca. 2,5 m. Han felte òg ein svær egyptar som var fem alner høg. Egyptaren hadde eit spyd så tjukt som ein vevbom i handa. Men Benaja gjekk imot han med ein stav, reiv spydet ut av handa på egyptaren og drap han med hans eige spyd. 24#11,24 dei tretti =Masoretteksten har «tre», jf. v. 20. Dette gjorde Benaja, son til Jojada, og han fekk eit stort namn mellom dei tretti krigarane. 25Han var høgt vørd mellom dei tretti, men kom ikkje opp mot dei tre. David sette han over livvakta si.
26Dei djervaste krigarane var: Asael, bror til Joab; Elhanan, son til Dodo, frå Betlehem; 27Sjammot frå Harod; Heles frå Pelon; 28Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa; Abieser frå Anatot; 29Sibbekai frå Husja; Ilai frå Ahoah; 30Mahrai frå Netofa; Heled, son til Baana, frå Netofa; 31Itai, son til Ribai, frå Gibea i Benjamin; Benaja frå Piraton; 32Hurai frå Gaasj-dalane; Abiel frå Bet-Araba; 33Asmavet frå Bahurim; Eljahba frå Sjaalbon; 34Hasjem-sønene frå Gison; Jonatan, son til Sjage, frå Harar; 35Ahiam, son til Sjarar, frå Harar; Elifal, son til Ur; 36Hefer frå Mekera; Ahia frå Pelon; 37Hesro frå Karmel; Naarai, son til Esbai; 38Joel, bror til Natan; Mibhar, son til Hagri; 39Selek frå Ammon; Nahrai frå Beerot, våpenberaren til Joab, son til Seruja; 40Ira frå Jattir; Gareb frå Jattir; 41#2 Sam 11,3 hetitten Uria; Sabad, son til Ahlai; 42rubenitten Adina, son til Sjisa, hovding for rubenittane, og tretti mann med han; 43Hanan, son til Maaka; Josjafat frå Mitne; 44Ussia frå Asjtera; Sjama og Je'iel, sønene til Hotam, frå Aroer; 45Jediael, son til Sjimri, og Joha, bror hans, frå Tis; 46Eliel frå Mahanajim, Jeribai og Josjavja, sønene til Elnaam, og Jitma frå Moab; 47Eliel, Obed og Jaasiel frå Soba.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk