1. Tessalonikar 5

5
1 # Matt 24,36; Apg 1,7 Men om timane og tidene treng vi ikkje skriva til dykk, sysken. 2#Matt 24,43; 2 Pet 3,10; Op 3,3; 16,15 For de veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta. 3#Jer 6,14 Når folk seier: «Fred og ingen fare», då kjem undergangen over dei, brått som riene over ei kvinne som skal føda, og dei kan ikkje sleppa unna. 4#Matt 5,14; Luk 16,8; Ef 5,8; Kol 1,13; 1 Pet 2,9 Men de, sysken, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv. 5#Rom 13,12f For de er alle born av lyset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørkret til. 6#Luk 21,36; Ef 5,14 Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue! 7For dei som søv, dei søv om natta, og dei som drikk seg fulle, dei drikk om natta. 8#Jes 59,17; Ef 6,11ff Men vi som høyrer dagen til, vi skal vera edrue, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm. 9#1,10 For Gud har ikkje valt oss ut til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus. 10#Rom 14,8f; 1 Tess 4,14 Han døydde for oss så vi skal leva saman med han anten vi vaker eller søv. 11#Jud 20 Difor må de setja mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de òg gjer.
Livet i forsamlinga
12 # 1 Kor 16,16.18; 1 Tim 5,17 Vi bed dykk, sysken, at de må verdsetja dei som slit og arbeider mellom dykk, dei som er dykkar føresette i Herren og rettleier dykk. 13#Rom 12,18 De skal visa dei den største kjærleik og respekt på grunn av den gjerninga dei gjer. Lat freden råda mellom dykk!
14 # Rom 14,1; 15,1; 2 Tess 3,6ff Vi legg dykk på hjartet, sysken: Tal til rette dei som ikkje held orden på livet sitt, set mot i dei motlause, ta dykk av dei veike, ver tolmodige mot alle! 15#Ordt 20,22; Matt 5,39ff+ Sjå til at ingen løner vondt med vondt, men legg vinn på å gjera godt mot kvarandre, ja, mot alle!
16 # Fil 3,1; 4,4 Ver alltid glade!
17 # Luk 18,1; Rom 12,12; Kol 4,2 Be uavlateleg!
18 # Ef 5,20 Takk Gud, kva som enn møter dykk!
For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus.
19Sløkk ikkje ut Anden!
20 # 1 Kor 14,1.39 Forakt ikkje profetord,
21 # 1 Kor 14,29; 1 Joh 4,1 men prøv alt og hald fast på det gode!
22 # Job 1,1.8; 2,3 Hald dykk ifrå vondskap av alle slag!
23 # 1 Kor 1,8; 2 Tess 3,16 Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og kropp må haldast uskadde, så de kan vera ulastelege når vår Herre Jesus Kristus kjem! 24#1 Kor 10,13; Fil 1,6; 2 Tess 3,3 Trufast er han som kallar dykk til dette. Han skal òg fullføra det.
Sluttord
25 # 2 Tess 3,1 Be for oss, sysken! 26#Rom 16,16; 1 Kor 16,20; 2 Kor 13,12; 1 Pet 5,14 Hels alle syskena våre i trua med eit heilagt kyss! 27#Kol 4,16 Eg byd dykk ved Herren at dette brevet skal lesast opp for dei alle.
28Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring