1. Samuelsbok 5
N11NN

1. Samuelsbok 5

5
Herrens paktkiste i filistarlandet
1Filistrane tok Guds paktkiste og førte henne frå Eben-Eser til Asjdod. 2#Dom 16,23 Dei førte paktkista inn i Dagons tempel og stilte henne opp ved sida av Dagon.
3Då folket i Asjdod stod opp tidleg neste morgon, fann dei Dagon liggjande med andletet mot jorda framfor Herrens paktkiste. Dei reiste han opp og sette han på plass att. 4Tidleg morgonen etter låg Dagon igjen med andletet mot jorda framfor Herrens paktkiste. Hovudet og begge hendene hans var slegne av mot dørstokken. Berre kroppen var att av Dagon. 5Difor er det slik den dag i dag at korkje Dagons prestar eller nokon annan som går inn i Dagons tempel i Asjdod, set foten på dørstokken.
6 Herrens hand låg no tungt på folket i Asjdod, og han lét øydelegging koma over dei. Han slo dei med byllar, både i Asjdod og i områda ikring. 7Då mennene i Asjdod såg at det gjekk slik, sa dei: «Paktkista til Israels Gud må ikkje bli verande hos oss. For handa hans ligg tungt på oss og på vår gud Dagon.» 8#6,2#5,8 hovdingane over filistarbyane Denne nemninga er nytta om dei fem filistarkongane som rådde over dei fem byane Gaza, Asjkalon, Asjdod, Gat og Ekron. Det viser til ein spesiell styringsstruktur, eit forbund av byar leidde av kongar eller fyrstar i kvar by. Jf. Jos 13,3; Dom 13–16. Så sende dei bod og samla alle hovdingane over filistarbyane hos seg og spurde dei: «Kva skal vi gjera med paktkista til Israels Gud?» Dei svara: «Flytt henne til Gat.» Så flytte dei paktkista til Gat.
9Men då dei hadde flytt henne dit, ramma Herrens hand byen og skapte stor redsle og forvirring. Han heimsøkte folket i byen, og det braut ut byllar både på små og store. 10Så sende dei Guds paktkiste til Ekron. Men då ho kom dit, skreik innbyggjarane i byen: «Dei har flytt paktkista til Israels Gud hit for å drepa oss og alle våre.» 11Dei sende bod og samla alle hovdingane over filistarbyane og sa: «Send paktkista til Israels Gud vekk, og lat henne koma tilbake dit ho høyrer heime, så ho ikkje drep oss og folket vårt.» For det var kome dødsangst over heile byen. Guds hand låg svært tungt på han. 12Dei som ikkje døydde, vart slegne av byllar, og klageskriket frå byen steig opp mot himmelen.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk