1. Samuelsbok 10

10
1 # 15,1 # 10,1 =Septuaginta har i andre halvparten av v. 1 ein lengre tekst som lyder slik: «No har Herren salva deg til fyrste over folket sitt, Israel, og du skal råda over Herrens folk og fria det frå fiendane på alle kantar. Og dette skal du ha til teikn på at Herren har salva deg til fyrste over eigedomen sin.» Samuel tok ei oljekrukke og helte oljen ut over hovudet til Saul. Han kyste Saul og sa: «No har Herren salva deg til fyrste over eigedomen sin. 2#1 Mos 35,19; 1 Sam 9,5 Når du går frå meg i dag, møter du to menn ved Rakels grav i Selsah i Benjamin-landet. Dei seier til deg: Eselhoppene som du drog ut for å leita etter, er komne til rette. Far din tenkjer ikkje på dei lenger, men er redd for dykk og seier: Kva skal eg gjera for son min? 3Når du går vidare derifrå og kjem til Tabor-eika, møter du tre menn som er på veg opp til Betel for å tilbe Gud. Den eine ber tre kje, den andre tre runde brød og den tredje ein skinnsekk med vin. 4#10,4 to brød =Septuaginta og eit handskrift frå =Qumran har «to offerbrød». Dei helsar på deg og gjev deg to brød, som du skal ta imot. 5#10,5 Gibea byen som Saul var frå, nord for Jerusalem. Jf. v. 26. Så kjem du til Guds Gibea, der filistrane har vaktpostane sine. Når du kjem til byen, treffer du ein flokk profetar som kjem ned frå offerhaugen. Føre dei går det nokre som slår på tromme og spelar på harpe, fløyte og lyre, og sjølve er dei gripne av profetisk glød. 6#Dom 3,10+ Då kjem Herrens ande over deg så du òg kjem i profetisk glød saman med dei og blir eit anna menneske. 7#2 Sam 7,3 Når du ser desse teikna, så gjer det du maktar! For Gud er med deg. 8#13,8#10,8 Gilgal by i Jordan-dalen, eit viktig religiøst og politisk sentrum. >Jos 4,19. Gå føre meg ned til Gilgal! Der vil eg koma til deg og ofra brennoffer og fredsoffer. Sju dagar må du venta før eg kjem og seier deg kva du skal gjera.»
9Då Saul snudde seg for å gå frå Samuel, gav Gud han eit anna hjarte. Og same dagen hende alle desse teikna. 10Han kom til Gibea, der han møtte ein flokk profetar. Då kom Guds ande over han, og han vart gripen av profetisk glød saman med dei. 11#19,24 Alle som kjende han, såg at han tala profetisk saman med profetane. Dei sa til kvarandre: «Kva har hendt med son til Kisj? Er Saul òg mellom profetane?» 12Ein mann derifrå sa: «Kven er då far deira?» Slik er det vorte eit ordtak: «Er Saul òg mellom profetane?» 13Då den profetiske gløden var over og Saul kom til offerhaugen, 14#14,50 sa onkelen hans til han og tenesteguten hans: «Kvar har de vore?» «På leiting etter eselhoppene», svara han, «og då vi ikkje såg noko til dei, gjekk vi til Samuel.» 15Då sa onkelen: «Fortel meg kva Samuel sa til dykk.» 16«Han fortalde oss at eselhoppene var komne til rette», svara Saul. Men det som Samuel hadde sagt om kongsmakta, fortalde han ikkje til onkelen.
17Sidan kalla Samuel folket saman til Herren i Mispa. 18Der sa han til israelittane: «Så seier Herren, Israels Gud: Eg førte Israel opp frå Egypt og fria dykk frå handa til egyptarane og frå alle dei andre rika som undertrykte dykk. 19#8,7 Men no har de vraka dykkar Gud, han som berga dykk ut or all naud og fare, og de har sagt: Nei, set ein konge over oss! – Stig no fram for Herrens andlet, stamme for stamme og slekt for slekt!»
20Samuel lét alle Israels stammar stiga fram, og loddet fall på Benjamin-stammen. 21Så lét han Benjamin-stammen koma fram, slekt for slekt, og loddet fall på Matri-greina. Deretter fall loddet på Saul, son til Kisj. Dei leita etter han, men kunne ikkje finna han. 22Då spurde dei Herren ein gong til: «Er mannen komen hit?» Herren svara: «Han har gøymt seg blant krigsutstyret.» 23#9,2 Dei sprang og henta han der, og han steig fram midt i folkemengda. Han var eit hovud høgare enn alle andre. 24#1 Kong 1,25.39; 2 Kong 11,12; 2 Krøn 23,11; Sal 72,15 Og Samuel sa til folket: «Her ser de han som Herren har valt ut! Det finst ikkje hans like i heile folket.» Og heile folket sette i eit hyllingsrop: «Leve kongen!»
25 # 5 Mos 17,18ff; Jos 24,26ff # 10,25 for Herrens andlet i heilagdomen, der viktige dokument gjerne vart gøymde. Jf. 2 Kong 22,8. Så kunngjorde Samuel kongelova for folket. Han skreiv henne opp i ei bok som han la ned for Herrens andlet. Sidan sende han folket heim, kvar til sitt. 26Saul drog òg heim til Gibea, og med han følgde det nokre djerve menn. Gud hadde rørt ved hjartet deira. 27#11,12–14#10,27–11,1 Denne episoden manglar i dei aller fleste handskrifter, men finst i eit handskrift frå =Qumran. Den jødiske historieskrivaren Josefus kjende òg til denne delen av forteljinga. Men nokre gudlause menn sa: «Kva hjelp kan denne mannen gje oss?» Dei forakta han og kom ikkje med hyllingsgåve til han.
{{Nahasj, kongen over ammonittane, undertrykte gadittane og rubenittane med makt. Han stakk ut det høgre auget på dei, og det fanst ingen redningsmann for Israel. Det var ikkje att nokon israelitt på den andre sida av Jordan som ikkje Nahasj, kongen over ammonittane, hadde stukke ut høgre auget på. Men sjå, sju tusen mann berga seg frå handa åt ammonittane, og dei kom til Jabesj i Gilead.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring