1. Peter 3

3
Ord til ektefolk
1 # Ef 5,22+ På same måten skal de kvinner vera mennene dykkar underordna. Slik kan dei mennene som ikkje vil tru på Ordet, bli vunne – ikkje med ord, men med det livet kona lever, 2når dei ser dykkar reine ferd i gudsfrykt. 3#Jes 3,16ff; 1 Tim 2,9 Lat ikkje ytre stas, som hårflettingar, gullkjeder eller fine klede, vera dykkar pryd, 4men hjartet, det løynde mennesket med si milde og rolege ånd, som er uforgjengeleg og dyrebar for Gud. 5For slik prydde dei heilage kvinnene seg før i tida, dei som sette si lit til Gud. Dei var underordna mennene sine, 6#1 Mos 18,12 liksom Sara var lydig mot Abraham og kalla han herre. Og de har vorte hennar døtrer når de gjer det gode og ikkje lèt noko skremma dykk.
7 # Joh 3,29+; Ef 5,25; Kol 3,19 Like eins de menn: Vis omtanke i samlivet med kvinna, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje blir hindra.
Å lida for rettferd skuld
8 # Rom 12,14ff Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samstemde, vis medkjensle og syskenkjærleik, ver miskunnsame og audmjuke. 9#Matt 5,39+.44+; 1 Tess 5,15#3,9 Nei, velsign … velsigning kan òg omsetjast «Nei, velsign heller, for til det er de kalla, slik at de kan arva velsigning». Løn ikkje vondt med vondt eller hån med hån. Nei, velsign heller, for de er kalla til å arva velsigning.
10 # Sal 34,13ff Den som vil elska livet
og sjå gode dagar,
må halda tunga frå det som er vondt,
og leppene borte frå svikefull tale.
11 Han må venda seg bort frå det vonde
og gjera det gode,
søkja fred og jaga etter fred.
12 For Herrens auge følgjer dei rettferdige,
og hans øyre høyrer deira bøn.
Men Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde.
13Og kven kan gjera dykk vondt når de brenn for det gode? 14#Jes 8,12f; Matt 5,10; 10,26ff; 1 Pet 2,20; 4,14 Men om de lid for rettferd skuld, då er de sæle. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skremma, 15men hald Kristus heilag som Herre i hjartet! Ver alltid førebudde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for det håpet de eig. 16#2,12 Men gjer det audmjukt og med gudsfrykt, så de kan ha eit godt samvit. Då skal dei som talar vondt om dykkar gode livsferd i Kristus, bli til skamme med skuldingane sine. 17#2,20+ For det er betre å lida, om Gud så vil, når ein gjer godt, enn når ein gjer vondt.
Dåpen og det nye livet
18 # 2 Kor 13,4; Hebr 9,28+; 1 Pet 2,21ff For Kristus sjølv leid for synder,
éin gong for alle,
den rettferdige for urettferdige,
for å føra dykk fram til Gud.
Med kroppen døydde han,
men ved Anden vart han gjord levande,
19 # 4,6 og slik gjekk han bort og forkynte
for åndene som var i fangenskap.
20 # 1 Mos 6–8; 2 Pet 3,9 # 3,20 åtte i talet Noah og familien hans. Jf. 1 Mos 7,13. Dei hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud venta tolmodig medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn. 21#Tit 3,5+; Hebr 10,22#3,21 ei bøn til Gud om eit godt samvit kan òg omsetjast «ein lovnad til Gud frå eit godt samvit» eller «eit godt samvits bøn til Gud». Dette er eit bilete på dåpen, som no frelser dykk òg. Dåpen er ikkje å vaska kroppen rein for skit, men ei bøn til Gud om eit godt samvit, i kraft av Jesu Kristi oppstode – 22#Apg 2,33; Ef 1,20ff han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, og englar og makter og krefter er lagde under han.

Markert nå:

1. Peter 3: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring