1. Korintar 16

16
Innsamling til dei heilage i Jerusalem
1 # 16,1 innsamlinga til dei heilage pengeinnsamlinga til dei som leid naud i forsamlinga i Jerusalem. Jf. v. 3; Apg 24,17; Rom 15,26; 2 Kor 8,6; Gal 2,10. Når det gjeld innsamlinga til dei heilage, skal de følgja dei påbod eg gav forsamlingane i Galatia. 2#Matt 28,1; Apg 20,7; Op 1,10 Første dagen i veka skal kvar av dykk leggja til sides heime hos seg sjølv så mykje som de er i stand til, så innsamlinga ikkje skal byrja først når eg kjem. 3#2 Kor 8,19 Når eg så kjem, skal eg senda brev med dei som de finn skikka til det, og dei skal føra gåva dykkar til Jerusalem. 4Og skulle det visa seg å vera best at eg òg reiser, kan dei reisa saman med meg.
Helsingar og nokre ord til slutt
5 # Apg 19,21 Eg skal koma til dykk når eg har vore i Makedonia, for Makedonia skal eg reisa gjennom. 6Men hos dykk blir eg kanskje verande ei tid, eller til og med vinteren over. Så kan de utrusta meg til ferda vidare, kvar ho så går. 7For denne gongen vil eg ikkje koma til dykk berre på gjennomreise. Eg håpar å kunna stansa ei tid, om Herren gjev meg lov. 8#Apg 19#16,8 I Efesos Paulus skriv 1 Kor i Efesos. =byar. I Efesos blir eg verande til pinse. 9#16,9 her står døra vidopen eit bilete på at folk er opne for evangeliet. Jf. Apg 14,27; 2 Kor 2,12; Kol 4,3; Op 3,8. For her står døra vidopen for meg til ei rik gjerning, og det er mange motstandarar.
10 # 4,17 Dersom Timoteus kjem, må de sjå til at han kan kjenna seg trygg hos dykk. For han gjer Herrens gjerning slik eg gjer, 11#1 Tim 4,12#16,11 syskena Paulus bruker ofte dette ordet når han tiltalar og omtalar medkristne. =sysken. og ingen skal sjå ned på han. Hjelp han i veg og lat han fara med fred, så han kan koma tilbake, for eg ventar på han saman med syskena våre.
12 # 1,12 # 16,12 brørne Jf. v. 17. Når det gjeld Apollos, bror vår, har eg bede han inderleg om å reisa til dykk saman med brørne. Men han er slett ikkje villig til å reisa no. Han kjem så snart han får høve til det.
13 # Ef 6,10 Ver vakne! Stå faste i trua! Ver modige! Ver sterke! 14Lat alt de gjer, bli gjort i kjærleik!
15 # 1,16 # 16,15 den første frukta bilete som spelar på førstegrøda, det første som vart moge av korn og frukt i avlinga. Endå ein ting legg eg dykk på hjartet, mine sysken. De veit at husstanden til Stefanas var den første frukta i Akaia, og at dei har vigd seg til teneste for dei heilage. 16#1 Tess 5,12f De òg må underordna dykk under slike som dei og under kvar medarbeidar som gjer si gjerning. 17Eg gleder meg over at Stefanas og Fortunatus og Akaikos er komne. Det har vege opp saknet av dykk. 18For dei har sett nytt mot i både meg og dykk. Slike som dei skal de visa respekt.
19 # Apg 18,2f; Rom 16,3ff; 2 Tim 4,19 Forsamlingane i Asia helsar dykk. Akvilas og Priska og forsamlinga som kjem saman i huset deira, helsar dykk hjarteleg i Herrens namn. 20#Rom 16,16; 2 Kor 13,12; 1 Tess 5,26; 1 Pet 5,14 Alle syskena dykkar her sender si helsing. Hels kvarandre med eit heilagt kyss!
21 # Gal 6,11; Kol 4,18; 2 Tess 3,17; Filem 19 Eg, Paulus, skriv denne helsinga med mi eiga hand. 22#Gal 1,8f; Op 22,20#16,22 Marana ta! aram. bønerop som tyder «Kom, Herre!» Jf. Op 22,20. Orda kan òg delast på ein annan måte: maran ata, «Herren er komen» eller «Herren kjem». Om nokon ikkje elskar Herren, forbanna vere han! Marana ta! 23Herren Jesu nåde vere med dykk! 24Min kjærleik er med dykk alle i Kristus Jesus.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring