1. Krønikebok 21

21
Folketeljing og pest
1 # 2 Sam 24,1–9 # 21,1 Satan eig. «motstandar», «klagar». Jf. Job 1,6ff; Sak 3,1f. Her er Satan forstått som den vonde makta som lokkar menneska til synd. =djevelen. Satan stod opp mot Israel og lokka David til å halda folketeljing i landet. 2Då sa David til Joab og hærførarane for folket: «Gå av stad og tel israelittane frå Beer-Sjeba til Dan, og lat meg få melding, så eg kan vita kor mange dei er.» 3Joab svara: «Må Herren gjera folket hundre gonger så talrikt som det no er! Alle er dei dine tenarar, herre konge. Kvifor krev då min herre dette? Kvifor skal det koma skuld over Israel?» 4Men kongen heldt fast på sitt ord til Joab.
Då gjekk Joab ut, og han fór omkring i heile Israel og vende så attende til Jerusalem. 5Joab la fram for David det talet folketeljinga hadde gjeve. I heile Israel var det 1 100 000 våpenføre menn, og i Juda 470 000 våpenføre menn. 6Men levittane og benjaminittane hadde han ikkje teke med i teljinga; for Joab syntest det var eit avskyeleg påbod kongen hadde gjeve.
7 # 2 Sam 24,10–17 Det som hadde hendt, var vondt i Guds auge, difor slo han Israel. 8Då sa David til Gud: «Eg gjorde ei stor synd då eg gjorde dette. Men ta no bort skulda til tenaren din, for eg har bore meg uvitug åt.» 9Men Herren tala til Gad, sjåaren til David, og sa: 10«Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, og eg vil la han ramma deg.» 11Då gjekk Gad til David og sa til han: «Så seier Herren: Vel sjølv: 12#2 Mos 12,13.23 anten hungersnaud i tre år, eller tre månader på flukt frå fiendane dine medan sverdet deira har overtaket, eller tre dagar med Herrens sverd og pest i landet medan Herrens engel valdar øydelegging i heile Israel. Tenk no etter kva eg skal svara han som har sendt meg.» 13#Klag 3,22 David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat meg helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.»
14Då lét Herren pesten koma over Israel, og det døydde sytti tusen mann av folket. 15#21,15 Ornan blir i 2 Sam 24,16 kalla Aravna. Gud sende ein engel til Jerusalem for å øydeleggja byen. Men då han var i ferd med å gjera det, såg Herren det, og han angra det vonde. Han sa til engelen som herja: «Det er nok! Ta no handa til deg att!» Herrens engel stod då på treskjevollen til jebusitten Ornan. 16#21,16 sekkestrie grov tekstil av dyrehår, eit ytre teikn på sorg eller anger. =sørgjeskikkar. Då David såg opp, fekk han auge på Herrens engel som stod mellom himmel og jord med eit lyft sverd i handa. Det var retta mot Jerusalem. Då kasta David og dei eldste seg til jorda, kledde i sekkestrie. 17Og David sa til Gud: «Det var eg som sa at folket skulle teljast! Eg er den som har synda og gjort vondt. Men desse, som eg er gjetar for, kva har dei gjort? Herre, min Gud, lat handa di ramma meg og huset til far min, men spar folket ditt for landeplaga!»
18 # 2 Sam 24,18–25 Då sa Herrens engel til Gad at han skulle be David gå opp til treskjevollen til jebusitten Ornan og reisa eit altar for Herren der. 19Så gjekk David opp dit, slik Gad hadde sagt i Herrens namn. 20Ornan snudde seg og fekk sjå engelen. Dei fire sønene som var med han, gøymde seg, men Ornan heldt fram med å treskja kveite. 21Då David kom, såg Ornan opp og fekk auge på David. Han gjekk bort frå treskjevollen og kasta seg ned for David med andletet mot jorda. 22David sa til han: «Gjev meg staden der treskjevollen er. Eg vil byggja eit altar for Herren der. Lat meg få han for full pris, så pesten kan halda opp å herja i folket.» 23Då sa Ornan til David: «Ta han berre! Min herre kongen må gjera kva han vil. Sjå, eg gjev deg oksane til brennoffer, treskjesledane til ved og kveiten til grødeoffer. Alt dette gjev eg.» 24Men kong David sa til Ornan: «Nei, eg vil kjøpa det til full pris. Eg vil ikkje ta det som er ditt og gje det til Herren. Eg vil ikkje bera fram brennoffer som eg har fått for inkje.» 25#21,25 600 sjekel ca. 68 kg. David gav Ornan 600 sjekel gull etter vekt for staden. 26#3 Mos 9,24+ Der bygde David eit altar for Herren og bar fram brennoffer og fredsoffer. Han ropa til Herren, og han svara med eld frå himmelen over brennofferaltaret. 27Herren tala til engelen, og han stakk sverdet i slira att. 28På den tida, då David såg at Herren hadde høyrt bøna hans på treskjevollen til jebusitten Ornan, ofra han der. 29Herrens bustad, som Moses hadde fått laga i ørkenen, og brennofferaltaret stod den gongen på offerhaugen i Gibeon. 30Men David kunne ikkje gå dit og søkja råd hos Gud, for han frykta sverdet til Herrens engel.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring