1. Krønikebok 13

13
Då paktkista skulle hentast
1 # 2 Sam 6,1–11 David samrådde seg med førarane for tusen mann og hundre mann, med alle befalingsmennene. 2Så sa han til heile Israels forsamling: «Om de synest det er rett, og om det er etter Herren vår Guds vilje, så lat oss senda bod vide ikring til brørne våre som er att i alle landsdelane av Israel, og samstundes til prestane og til levittane i byane deira med tilhøyrande beitemarker, og be dei koma saman hos oss. 3Så skal vi henta vår Guds paktkiste hit. For i dagane til Saul spurde vi aldri etter den.» 4Alle som var samla, sa at så skulle gjerast, for heile folket tykte dette var rett.
5 # 13,5 Sjihor ei elv eller ein kanal i Egypt ved grensa i aust. Jf. Jos 13,3; Jes 23,3. Lebo-Hamat >4 Mos 13,21. Så samla David heile Israel frå Sjihor i Egypt til Lebo-Hamat for å føra Guds paktkiste opp frå Kirjat-Jearim. 6#13,6 Baala >2 Sam 6,2. Saman med alle israelittane drog David til Baala, til Kirjat-Jearim, i Juda. Der ville han henta paktkista til Gud, kista som Herrens namn blir ropa ut over, han som tronar over kjerubane. 7Dei sette paktkista på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus. Det var Ussa og Ahjo som køyrde vogna. 8David og heile Israel dansa og leika av all kraft for Guds andlet, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, symbalar og trompetar. 9#13,9 Kidon blir i 2 Sam 6,6 kalla Nakon. Men då dei kom til treskjevollen til Kidon, rette Ussa ut handa for å ta tak i paktkista fordi oksane var ustyrlege. 10Då vart Herren brennande harm på Ussa. Han slo han fordi han hadde rett ut handa mot paktkista, og han døydde der for Guds andlet. 11#13,11 Peres-Ussa >2 Sam 6,8. David var opprørt over Herrens plutselege utfall mot Ussa. Han kalla den staden Peres-Ussa, som han heiter den dag i dag. 12Den dagen vart David gripen av frykt for Gud og sa: «Korleis skulle eg kunna føra Guds paktkiste heim til meg?» 13Difor flytte han ikkje paktkista opp til seg i Davidsbyen, men sette henne i huset til Obed-Edom frå Gat. 14Der vart Guds paktkiste ståande i tre månader. Og Herren velsigna Obed-Edom sitt hus og alt det som høyrde han til.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring