Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er poda inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei. Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så hugs at det er ikkje du som ber rota, men rota som ber deg.