1
Jesaja 65:24
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Før dei ropar, skal eg svara, medan dei enno talar, vil eg høyra.
Sammenlign
Utforsk Jesaja 65:24
2
Jesaja 65:17
Sjå, eg skaper ein ny himmel og ei ny jord. Ingen skal minnast dei første ting, ingen skal tenkja på dei.
Utforsk Jesaja 65:17
3
Jesaja 65:23
Dei skal ikkje streva til inga nytte og ikkje føda til brå død. For dei er ei ætt velsigna av HERREN, dei skal ha etterkomarar hos seg.
Utforsk Jesaja 65:23
4
Jesaja 65:22
Dei skal ikkje byggja så andre får bu og ikkje planta så andre får eta. Så gamle som trea skal folket mitt bli, mine utvalde skal sjølv få slita ut det dei har laga med eigne hender.
Utforsk Jesaja 65:22
5
Jesaja 65:20
Der skal det ikkje lenger finnast spedborn som berre blir nokre dagar gamle, eller gamle som ikkje når sine dagars fulle mål. Ung er den som døyr hundre år gammal, den som ikkje blir hundre, må vera forbanna.
Utforsk Jesaja 65:20
6
Jesaja 65:25
Ulven og lammet skal beita saman, og løva skal eta halm som oksen, men slangen skal ha støv til mat. Det finst ikkje vondskap eller øydelegging på heile mitt heilage fjell, seier HERREN.
Utforsk Jesaja 65:25
7
Jesaja 65:19
Eg vil fryda meg over Jerusalem og gleda meg over mitt folk. Aldri meir skal det høyrast gråt eller klageskrik i byen.
Utforsk Jesaja 65:19
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer