1
2. Korintar 1:3-4
Bibelen 2011 nynorsk
Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, den Far som er rik på miskunn, vår Gud som gjev all trøyst. Han trøystar oss i all vår naud, så vi kan trøysta dei som er i naud, med den trøyst som Gud trøystar oss med.
Sammenlign
Utforsk 2. Korintar 1:3-4
2
2. Korintar 1:5
For liksom Kristi lidingar i rikt mål kjem over oss, blir vi òg i rikt mål trøysta ved Kristus.
Utforsk 2. Korintar 1:5
3
2. Korintar 1:9
I tanken kjende vi oss alt som dødsdømde, slik at vi ikkje skulle stola på oss sjølve, men på Gud, som reiser opp dei døde.
Utforsk 2. Korintar 1:9
4
2. Korintar 1:21-22
Men den som grunnfester både oss og dykk i Kristus, og som har salva oss, det er Gud. Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarta våre.
Utforsk 2. Korintar 1:21-22
5
2. Korintar 1:6
Lid vi naud, er det for at de skal få trøyst og frelse. Blir vi trøysta, er det for at de skal få den trøysta som gjer dykk uthaldande i dei same lidingane som vi må gjennomlida.
Utforsk 2. Korintar 1:6
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer