Johannes 18

18
Jesus lid og døyr
(Kap. 18–19)
Jesus blir teken til fange
(Matt 26,47–56; Mark 14,43–50; Luk 22,47–53)
1 # Matt 26,36 Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til andre sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i. 2Men Judas, svikaren, kjende òg den staden, for Jesus og læresveinane hadde ofte kome saman der. 3#18,3 vaktstyrken, nokre menn Romarane hadde ei eiga hæravdeling stasjonert i Jerusalem for å sikra ro og orden under dei store høgtidene. Jødane hadde i tillegg sitt eige «tempelpoliti» under =Rådet, Det høge rådet. =vaktstyrken. Judas hadde fått med seg vaktstyrken og nokre menn frå overprestane og farisearane, og no kom dei dit med faklar og lamper og våpen.
4Jesus visste om alt det som venta han, og gjekk fram og spurde dei: «Kven leitar de etter?» 5#18,5 Det er eg >4,26. «Jesus frå Nasaret», svara dei. «Det er eg», seier Jesus. Judas, svikaren, var saman med dei, han òg. 6Då Jesus sa: «Det er eg», tumla dei bakover og fall til jorda. 7På nytt spurde han: «Kven leitar de etter?» «Jesus frå Nasaret», svara dei. 8«Eg har sagt dykk at det er eg», sa Jesus. «Er det meg de leitar etter, så lat desse andre gå!» 9#17,12 Slik skulle det oppfyllast, det ordet han hadde sagt: «Av dei du gav meg, har eg ikkje mista ein einaste.»
10 # 18,10 Malkos Namnet er kjent berre frå Joh. Jf. Matt 26,51; Mark 14,47; Luk 22,50. Simon Peter hadde eit sverd, og det drog han og hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyret. Tenaren heitte Malkos. 11Men Jesus sa til Peter: «Stikk sverdet i slira! Lyt eg ikkje drikka det begeret som Far har gjeve meg?»
Jesus for øvstepresten. Peter fornektar
(Matt 26,57–75; Mark 14,53–72; Luk 22,54–71)
12 # 18,12 kommandanten ein høgare offiser i romarhæren med kommando over ei avdeling på ca. tusen soldatar. Vaktstyrken, kommandanten og vaktmennene til jødane greip no Jesus og batt han. 13Først førte dei han til Annas, for han var svigerfar til Kaifas, som var øvsteprest det året. 14#11,49f#18,14 jødane >1,19. Det var Kaifas som hadde gjeve jødane det rådet at det var best om eitt menneske døydde for folket.
15Simon Peter og ein annan læresvein følgde etter Jesus. Denne læresveinen var kjend med øvstepresten, og han kom inn på gardsplassen til øvstepresten saman med Jesus. 16Men Peter vart ståande utanfor ved porten. Den læresveinen som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med tenestejenta som vakta porten, og fekk Peter med seg inn. 17I det same seier ho til Peter: «Er ikkje du òg ein av læresveinane til denne mannen?» «Nei», svara han, «det er eg ikkje.» 18Det var kaldt, så tenarane og vaktmennene hadde tent eit bål og stod og vermde seg ved glørne. Peter vart òg ståande der saman med dei og vermde seg.
19Øvstepresten spurde no Jesus ut om læresveinane hans og om læra hans. 20#Mark 14,49; Luk 19,47; 21,37 «Eg har tala ope for heile verda», svara Jesus. «Eg har alltid undervist i synagogar og i tempelet, der alle jødar kjem saman; eg har aldri tala i løynd. 21Men kvifor spør du meg? Spør heller dei som har høyrt meg, kva eg har tala til dei om. Dei veit kva eg har sagt.» 22Ein av vaktmennene som stod der, slo då Jesus i andletet og sa: «Er det slik du svarar øvstepresten?» 23Jesus sa til han: «Sa eg noko urett, så vis at det var urett! Men var det rett, kvifor slår du meg då?» 24#18,13 Så sende Annas han bunden til øvstepresten Kaifas.
25Imedan stod Simon Peter og vermde seg. Då sa dei til han: «Er ikkje du òg ein av læresveinane hans?» Men han nekta og sa: «Nei, det er eg ikkje.» 26#18,10 Ein av tenarane til øvstepresten, ein slektning av han som Peter hadde hogge øyret av, seier: «Såg eg deg ikkje i hagen saman med han?» 27#13,38 Men Peter nekta på nytt. Og med det same gol hanen.
Jesus for Pilatus
(Matt 27,1–2.11–21; Mark 15,1–11; Luk 23,1–5.13–20)
28 # 18,28 borga … heldt til hovudkvarteret til landshovdingen når han var i Jerusalem. ureine =heilag og rein. Frå Kaifas førte dei Jesus til borga der landshovdingen heldt til. Det var tidleg om morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borga; dei ville ikkje gjera seg ureine, for då kunne dei ikkje eta påskemåltidet. 29Pilatus gjekk då ut til dei og sa: «Kva skuldingar har de mot dette mennesket?» 30Dei svara: «Var han ikkje ein forbrytar, hadde vi ikkje gjeve han over til deg.» 31#19,6f#18,31 ta livet av Det høge rådet hadde på denne tid ikkje mynde til å fella dødsdom. =Rådet, Det høge rådet. «Ta han de», sa Pilatus, «og døm han etter dykkar eiga lov!» Men jødane svara: «Vi har ikkje rett til å ta livet av nokon.» 32#3,14; 12,32f Slik skulle det oppfyllast, det ordet Jesus hadde sagt då han lét dei få vita kva slag død han skulle lida.
33 # 18,33 kongen over jødane Jf. 12,13. Pilatus gjekk då på nytt inn i borga. Han kalla Jesus til seg og sa: «Er du kongen over jødane?» 34Jesus svara: «Seier du dette av deg sjølv, eller har andre sagt dette om meg?» 35«Er vel eg jøde?» sa Pilatus. «Ditt eige folk og overprestane har gjeve deg over til meg. Kva har du gjort?» 36#6,15#18,36 kongsmakt kan òg omsetjast «kongerike» eller «rike». Då sa Jesus: «Mi kongsmakt er ikkje av denne verda. Var mi kongsmakt av denne verda, hadde mennene mine stridd for meg, så eg ikkje skulle bli overgjeven i hendene på jødane. Men mi kongsmakt er ikkje av denne verda.» 37#1 Tim 6,13 «Du er altså konge?» sa Pilatus. «Du seier at eg er konge», svara Jesus. «Til dette er eg fødd, og til dette er eg komen til verda, at eg skal vitna om sanninga. Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst.» 38«Kva er sanning?» sa Pilatus. Dermed gjekk han ut til jødane att og sa til dei: «Eg finn inga skuld hos denne mannen. 39Men de er vane med at eg gjev dykk ein mann fri til påske. Vil de at eg skal gje dykk kongen over jødane fri?» 40Då ropa dei endå ein gong: «Ikkje han, men Barabbas!» Men Barabbas var ein røvar.

ಪ್ರಸ್ತುತ ಆಯ್ಕೆ ಮಾಡಲಾಗಿದೆ:

Johannes 18: N11NN

Highlight

ಶೇರ್

ಕಾಪಿ

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy