4. Mosebok 7
7
Dei tolv ættehovdingane i Israel gjev gåvor til tabernaklet; gåvone vert upprekna, 1-88. Gud talar med Moses frå nådestolen, 89.
1Då Moses hadde fenge reist tabernaklet og hadde salva og helga det og alt som til høyrde, og salva og helga altaret med alt som til høyrde,#2 Mos 40,17-33 2då kom Israels jarlar, ættehovdingane og fylkesstyrarane, dei som stod yver alle som var mynstra,#4 Mos 1,4-16 3og førde offergåvone sine fram for Herrens åsyn; det var seks husvogner og tolv uksar, ei vogn frå tvo og tvo av hovdingane og ein ukse frå kvar av dei. Det kom dei til tabernaklet med, 4og Herren sa til Moses: 5Tak i mot det av dei! De skal hava det til arbeidet ved møtetjeldet, og du skal gjeva det til levitane, etter som kvar treng det til arbeidet sitt. 6So tok Moses imot vognene og uksane og gav dei til levitane. 7Gersons-borni fekk tvo vogner og fire uksar som dei skulde hava til å greida arbeidet sitt med.#4 Mos 4,24-28 8Og Merari-borni fekk fire vogner og åtte uksar som dei skulde greida sitt arbeid med; og Itamar, son åt Aron, presten, skulde rettleida dei.#4 Mos 4,31-33 9Kahats-borni fekk ikkje noko; for dei skulde taka vare på dei heilage tingi og bera dei på herdane.#4 Mos 4,4-20 10Den dagen altaret vart salva, kom hovdingane med vigslegåvor og bar dei fram åt altaret. 11Då sa Herren til Moses: Lat hovdingane bera fram gåva si til altarvigsla kvar sin dag! 12Den som bar fram gåva si fyrste dagen, var Nahson, son åt Amminadab, hovdingen yver Juda-ætti. 13Gåva hans var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer, 14og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse, 15og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 16og ein geitebukk til syndoffer 17og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Nahson, son åt Amminadab. 18Andre dagen kom Netanel, son åt Suar, hovdingen yver Issakars-ætti, 19og bar fram gåva si: eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer, 20og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse, 21og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 22og ein geitebukk til syndoffer, 23og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Netanel, son åt Suar. 24Tridje dagen kom hovdingen yver Sebulons-borni, Eliab, son åt Helon, 25med gåva si, og det var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer, 26og ei gullskål som vog ti sekel og var fylt med røykjelse, 27og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 28og ein geitebukk til syndoffer, 29og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Eliab, son åt Helon. 30Fjorde dagen kom hovdingen yver Rubens-borni, Elisur, son åt Sede'ur. 31Gåva han bar fram, var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer, 32og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse, 33og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 34og ein geitebukk til syndoffer, 35og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Elisur, son åt Sede'ur. 36Femte dagen kom hovdingen yver Simeons-borni, Selumiel, son åt Surisaddai. 37Gåva han hadde med seg, var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer, 38og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse, 39og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 40og ein geitebukk til syndoffer, 41og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Selumiel, son åt Surisaddai. 42Sette dagen kom hovdingen yver Gads-borni, Eljasaf, son åt De'uel. 43Og gåva hans var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer, 44og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse, 45og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer 46og ein geitebukk til syndoffer, 47og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Eljasaf, son åt De'uel. 48Sjuande dagen kom hovdingen yver Efra'ims-borni, Elisama, son åt Ammihud. 49Gåva hans var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer, 50og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse, 51og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer 52og ein geitebukk til syndoffer, 53og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Elisama, son åt Ammihud. 54Åttande dagen kom hovdingen yver Manasse-borni, Gamliel, son åt Pedasur. 55Hans gåva var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer, 56og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse, 57og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer 58og ein geitebukk til syndoffer, 59og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Gamliel, son åt Pedasur. 60Niande dagen kom hovdingen yver Benjamins-borni, Abidan, son åt Gideoni. 61Han gav eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer, 62og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse, 63og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer 64og ein geitebukk til syndoffer, 65og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Abidan, son åt Gideoni. 66Tiande dagen kom hovdingen yver Dans-borni, Akieser, son åt Ammisaddai. 67Det han gav var eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer, 68og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse, 69og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer 70og ein geitebukk til syndoffer, 71og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Akieser, son åt Ammisaddai. 72Ellevte dagen kom hovdingen yver Asers-borni, Pagiel, son åt Okran. 73Han og gav eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer, 74og ei gullskål som vog ti sekel og var fylt med røykjelse, 75og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer 76og ein geitebukk til syndoffer, 77og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Pagiel, son åt Okran. 78Tolvte dagen kom hovdingen yver Naftali-borni, Akira, son åt Enan, 79og han gav og eit sylvfat som vog hundrad og tretti sekel, og ein sylvbolle som vog sytti sekel etter heilag vekt, båe fyllte med fint mjøl som var blanda med olje, til matoffer, 80og ei gullskål som vog ti sekel og var fyllt med røykjelse, 81og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer 82og ein geitebukk til syndoffer, 83og til takkoffer tvo uksar og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Akira, son åt Enan. 84Dette var vigslingsgåvone frå Israels hovdingar då altaret vart salva: Tolv sylvfat var det og tolv sylvbollar og tolv gullskåler. 85Kvart sylvfat vog hundrad og tretti sekel og kvar sylvbolle sytti sekel; alle sylvkoppane i hop vog tvo tusund og fire hundrad sekel etter heilag vekt. 86Dei tolv gullskålene som var fyllte med røykjelse, vog ti sekel kvar etter heilag vekt; alle gullskålene i hop vog hundrad og tjuge sekel. 87Storfeet til brennofferet var i alt tolv uksar; attåt det kom tolv verar og tolv årsgamle verlamb med matoffer som til høyrde, og tolv geitebukkar til syndoffer. 88Og storfeet til takkofferet var i alt fire og tjuge uksar; attåt det kom seksti verar og seksti bukkar og seksti årsgamle verlamb. Det var vigslegåvone som vart framborne då altaret var salva. 89Og når Moses gjekk inn i møtetjeldet og skulde tala med han, so høyrde han røysti tala med han frå nådestolen som var yver vitnemålskista, frå romet millom båe kjerubane; soleis tala han til han.#2 Mos 25,20-22; 1 Sam 4,4; Sal 80,2#7,89 han Herren.
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
4. Mosebok 7: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2