1
Romarane 6:23
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Bibel1978
For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.
Comparar
Explorar Romarane 6:23
2
Romarane 6:14
Synda skal ikkje vera herre over dykk. De er då ikkje under lova, men under nåden.
Explorar Romarane 6:14
3
Romarane 6:4
Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og liksom Kristus vart oppreist frå dei døde ved Faderens veldige kraft, skal vi òg leva eit nytt liv.
Explorar Romarane 6:4
4
Romarane 6:13
Og byd ikkje fram lemene dykkar til rådvelde for synda, så dei vert våpen for uretten. Men byd dykk sjølve fram til teneste for Gud, så de brukar lemene for han, til våpen for det som er rett. De var då døde og har fått liv.
Explorar Romarane 6:13
5
Romarane 6:6
Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den lekamen som er under synda, skulle gjerast til inkjes, og vi ikkje lenger træla under synda.
Explorar Romarane 6:6
6
Romarane 6:11
På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.
Explorar Romarane 6:11
7
Romarane 6:1-2
Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda, så nåden kan verta så mykje større? Langt ifrå! Vi som har døytt frå synda, korleis kan vi framleis leva i synda?
Explorar Romarane 6:1-2
8
Romarane 6:16
De veit at når de steller dykk til rådvelde for einkvan og lyder han, då vert de trælar under den som rår over dykk; anten vert de trælar under synda, og det fører til død, eller under lydnaden, og det fører til rettferd.
Explorar Romarane 6:16
9
Romarane 6:17-18
Men Gud vere takk! De som før træla under synda, har no av hjarta vorte lydige mot den læra som vart dykk overgjeven. De har vorte frigjorde frå synda og er trælar for rettferda
Explorar Romarane 6:17-18