YouVersion Logo
Search Icon

Sefanja 1

1
1Dette er Herrens ord som kom til Sefanja, son til Kusji, son til Gedalja, son til Amarja, son til Hiskia, på den tid då Josjia, son til Amon, var konge i Juda.#2 Kong 22,1f; Jer 1,1f
Domen over Jerusalem
2Eg riv bort,
alt riv eg bort frå jorda,
lyder ordet frå Herren.
3Eg riv bort både folk og fe,
fuglen i lufta og fisken i sjøen.
Eg fører dei ugudelege til fall
og rydjar menneska ut av jorda,
lyder ordet frå Herren. #Jer 12,4; Hos 4,3
4Eg retter ut handa mot Juda,
mot alle som bur i Jerusalem.
Eg tek bort frå denne staden
alt som er att av Ba’al,
og namnet åt avgudsprestane
saman med prestane. #2 Kong 23,4f
5Eg rydjar ut dei som tilbed
himmelhæren på taka,
dei som tilbed Herren ¬og sver ved han,
men samstundes sver ¬ved Milkom, #Jer 19,13
6og dei som har vendt ¬Herren ryggen,
som ikkje søkjer Herren
og ikkje spør han til råds. #Jes 1,4
7Ver still for Herren Gud,
for Herrens dag er nær!
Herren har laga til ¬ei offerslakting,
han har vigt sine gjester. #Hab 2,20; Op 19,17f
8På Herrens slaktofferdag ¬skal det henda
at eg straffar hovdingar ¬og kongssøner
og alle som kler seg ¬i utanlandsk drakt. #1,8 i utanlandsk drakt Framande motar var eit teikn på fråfallet frå Herren.
9Den dagen vil eg straffa
alle dei som stig opp ¬på pallen,
dei som fyller sin Herres hus ¬med vald og svik.
# 1,9 pallen Der stod truleg gudebiletet, som dei bar fram offer til. Sml. 1 Sam 5,5.
10Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,
skal det høyrast skrik ¬frå Fiskeporten,
jammer frå Nybyen
og sterkt brak frå haugane. #1,10 Fiskeporten i Jerusalem, truleg mot nord, der dei venta at fienden kom.#2 Kong 22,14
11Hyl, de som bur i Morteren,
for heile kræmarfolket ¬er gjort til inkjes,
utrudde er alle ¬som vog opp sølv.
# 1,11 Morteren ukjend bydel. # 1,11 kræmarfolket [Hos 12,8.]
12På den tid skal det henda
at eg ransakar Jerusalem ¬med ljos og lykt
og krev mennene der ¬til rekneskap,
dei som sit stive ¬over bermen av sin vin
og seier med seg sjølve:
«Herren gjer korkje godt ¬eller vondt.» #Jer 48,11; Sal 94,7
13Eigedomen deira ¬skal plyndrast
og husa deira øydeleggjast.
Byggjer dei hus, ¬får dei ikkje bu i dei,
plantar dei vinhagar, ¬får dei ikkje drikka vinen. #Am 5,11; Mi 6,15
Herrens dag er nær
14Nær er Herrens dag, den store;
han er nær og kjem med hast!
Høyr, beisk er Herrens dag,
då ropar krigaren høgt. #Joel 1,15; Esek 30,3
15Den dagen er ein vreidedag,
ein dag med naud og trengsle,
ein dag med storm og herjing,
ein dag med mørker ¬og dimme,
ein dag med skyer og skodd, #Jer 30,7; Joel 2,2.10; Am 5,18ff
16ein dag med hornlåt og hærrop
mot dei faste borger
og mot dei høge tårn.
17Då vil eg gjera folk så redde
at dei går ikring som blinde,
for dei har synda mot Herren.
Blodet deira ¬skal kastast ut som avfall
og kjøtet deira som møk.
18Deira sølv og gull ¬kan ikkje berga dei.
På sin vreidedag skal Herren
i sin brennhug ¬øyda heile jorda.
For han gjer ende, ja brå ende
på alle som bur på jorda. #Job 20,20; Ordt 11,4

Currently Selected:

Sefanja 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy