YouVersion Logo
Search Icon

Obadja 1

1
Domen over Edom
1Dette er synene åt Obadja. #Jer 49,14ff
Så seier Herren Gud om Edom:
Ei tidend har vi høyrt ¬frå Herren,
eit bod er sendt ut ¬mellom folka:
«Stå opp, lat oss reisa oss ¬til strid mot Edom!»
2Sjå, liten gjer eg deg ¬mellom folka,
djupt vanvørd skal du vera.
3Ditt hjartans hovmod ¬har narra deg,
du som bur i bergrivner
og har ditt tilhald i høgdene,
du som tenkjer med deg sjølv:
Kven kan støyta meg til jorda?
4Om du byggjer høgt som ørna,
ja, legg ditt reir ¬mellom stjernene,
så vil eg støyta deg ned derifrå,
lyder ordet frå Herren. #Jer 51,53
5Om det kom tjuvar til deg
eller røvarar om natta
– å, kor du vert herja –
ville dei då stela meir ¬enn dei trong?
Om du hadde folk ¬til å hausta din vingard,
så leivde dei vel ¬til ei ettersanking.
6Å, kor dei har ransaka Esau,
leita opp hans løynde skattar! #0,6 Esau Edom. Esau vart rekna for ættefar til edomittane. Sjå 1 Mos 36,8f.
7Dei du var i pakt med,
driv deg heilt til grensa.
Folk du hadde fred med, ¬har svikta deg;
dei har fått overtaket på deg.
Dei som åt av ditt brød,
har sett snarer for deg og seier:
«Det finst ikkje vit i han.» #Sal 41,10; Jer 38,22; Dan 11,26
8Den dagen vil eg sanneleg
rydja ut dei vise or Edom
og dei kloke frå Esaus fjell,
lyder ordet frå Herren. #Jes 29,14; Jer 49,7
9Dine krigarar, Teman, ¬skal lamast av redsle,
kvar einaste mann skal drepast
og rydjast bort frå Esaus fjell. #0,9 Teman[Am 1,12]
10For ditt valdsverk mot Jakob, ¬bror din,
skal du sveipast i skam.
Du skal rydjast ut for alltid. #0,10 Jakob her brorfolket til edomittane, i Juda. Sml. Joel 3,24.#Joel 3,24; Am 1,11f
11Den dagen du heldt deg borte,
den dagen framande ¬røva hans gods,
då utlendingar gjekk inn ¬i hans port
og kasta lodd om Jerusalem,
då var du òg som ein av dei.
# 0,11 heldt deg borte Edom ville ikkje hjelpa Juda då babylonarane hærtok Jerusalem i år 587 f.Kr.
12Du skulle ikkje ha sett ¬med glede på bror din
då ulukka råka han,
ikkje gledt deg over judearane
den dagen dei gjekk til grunne,
og ikkje bruka så store ord
den tid dei var i naud. #Mi 4,11
13Du skulle ikkje ha trengt inn
i porten åt mitt folk ¬på ulukkedagen.
Du skulle slett ikkje ¬ha gledt deg
over det dei leid den dagen,
og ikkje rett handa ut
etter rikdomen deira
den usæle dagen.
14Du skulle ikkje ha stått ¬ved vegskila
og hogge ned dei som prøvde ¬å koma unna,
og ikkje gjeve i fiendehand
dei som slapp frå det
den dagen folket var i naud.
15For Herrens dag er nær
over alle folkeslag;
som du har gjort,
skal det gjerast med deg.
Di åtferd kjem att ¬på ditt eige hovud. #Joel 1,15+; 3,9.12; Hab 2,8.17
Israels atterreising
16Som de drakk ¬på mitt heilage fjell,
skal kvart folkeslag ¬alltid drikka.
Dei skal drikka i fulle drag
og verta som om ¬dei aldri hadde vore til.
# 0,16 drikka av Guds vreidevin. Sml. Jer 25,15; Sak 12,2. # Sal 75,9; Jer 25,15ff
17Men på Sion-fjellet ¬skal dei halda til,
dei som har sloppe unna,
og det skal vera ein heilagdom.
Jakobs ætt skal ta att ¬sin eigedom. #Joel 3,5
18Jakobs ætt skal verta ein eld
og Josefs ætt ein loge.
Men Esaus ætt ¬skal verta til halm,
som vert sett i brann og øydd.
Av Esaus ætt vert ingen att.
Herren har tala. #Jes 10,17; Mal 4,1
19Dei som bur i Negev, skal ta Esaus fjell til eige; og dei som bur i Sjefela, skal ta Filistarlandet. Dei skal leggja under seg Efraims-bygdene og Samaria-bygdene, og Benjamin skal ta Gilead. 20Dei bortførte av Israels-hæren skal ta landet åt kanaanearane i eige heilt til Sarepta, og dei landlyste frå Jerusalem, som er i Sefarad, skal ta byane i Negev. #0,20 Sarepta[1 Kong 17,9.]#0,20 Sefarad i Spania, eller Sardes i Vesleasia. 21Dei som er berga, skal stiga opp på Sion-fjellet og halda dom over Esaus fjell-land. Og riket skal høyra Herren til.#Mi 4,6f; Sak 14,9

Currently Selected:

Obadja 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy