YouVersion Logo
Search Icon

Malaki 1

1
1Domsord. Dette er Herrens ord til Israel ved Malaki.#1,1 Malaki «min bodberar» el. «min utsending». Sml. 3,1.
Eg har dykk kjær
2«Eg har dykk kjær,» ¬seier Herren.
Men de spør:
«Korleis har du synt
at du har oss kjær?»
«Var ikkje Esau ¬bror til Jakob?»
lyder ordet frå Herren.
«Likevel hadde eg Jakob kjær, #1 Mos 25,23ff; Rom 9,13
3men Esau hadde eg uvilje mot.
Eg gjorde fjella hans til ei audn,
arvelandet hans til ei villmark ¬for sjakalar.» #1,3 arvelandet hans Edom.#Jes 34,13
4Når edomittane seier:
«Vi er knuste,
men vil byggja opp att ¬det som seig i røys,»
då seier Herren, Allhærs Gud:
«Lat dei byggja, ¬men eg riv ned.
Dei skal kallast ¬det gudlause landet
og folket som Herren ¬for alltid er harm på.» #1,4 «Vi er knuste» Etter at Jerusalem fall, vart Edom òg råka av ein nasjonal katastrofe, då øydemark-ætter herja landet.
5De skal sjå det med eigne augo ¬og seia:
«Herrens velde ¬når ut over Israels grenser.»
Korleis prestane vanvørder Herren
6Ein son ærar far sin,
og ein træl har age ¬for herren sin.
Men er eg far, ¬kvar er då mi ære,
og er eg herre, ¬kvar er då agen for meg?
seier Herren, Allhærs Gud, ¬til dykk,
de prestar ¬som vanvørder mitt namn.
De spør: «Korleis vanvørder vi ¬ditt namn?» #2 Mos 20,12; 5 Mos 32,6
7Jau, de ber fram urein mat ¬på mitt altar.
De spør: «Korleis har vi krenkt ¬din reinleik?»
Jau, de seier: «Herrens bord ¬er lite å vørda.»
8Når de vil ofra eit blindt dyr,
er ikkje det gale?
Når de kjem med eit dyr ¬som er halt eller sjukt,
er ikkje det gale?
Kom med slikt ¬til statthaldaren din!
Trur du han vil synast om deg
eller ta vel imot deg?
seier Herren, Allhærs Gud. #3 Mos 22,20ff
9Men no, ¬prøv å vinna Guds velvilje,
så han kan vera nådig mot oss.
Når de har gjort slikt,
kan han då syna godhug ¬for dykk?
seier Herren, Allhærs Gud.
10Om det berre fanst nokon ¬mellom dykk
som ville stengja ¬tempeldørene,
så de ikkje til fåfengs ¬kveikjer eld på mitt altar.
Eg har ingen hugnad i dykk,
seier Herren, Allhærs Gud,
og vil ikkje ha dei offergåvene
som de ber fram. #Jes 1,13
11Frå lengst i aust til lengst i vest
er mitt namn stort ¬mellom folkeslaga.
Alle stader ¬brenner dei reine offer
som dei ber fram for meg;
for mitt namn er stort ¬mellom folkeslaga,
seier Herren, Allhærs Gud. #Joh 4,21ff
12Men de vanhelgar mitt namn
når de seier ¬at Herrens bord er ureint,
og at maten på det ¬er ring frukt.
13De tenkjer: «Å, for eit strev!»
og blæs åt det, seier Herren, ¬Allhærs Gud.
De kjem med dyr som er røva,
og med dyr som er halte ¬eller sjuke,
når de ber fram offergåver.
Skulle eg ha hugnad
i slike gåver frå dykk? ¬seier Herren.
14Forbanna vere den ¬som fer med svik,
som har eit hanndyr ¬i buskapen
og lovar å gje det til Herren,
men i staden ofrar eit dyr ¬som er skadt.
For eg er ein stor konge,
seier Herren, Allhærs Gud,
mellom folkeslaga ¬står det age av mitt namn. #3 Mos 1,3.10; 22,18ff; Sal 47,3.8

Currently Selected:

Malaki 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy