YouVersion Logo
Search Icon

Judas 1

1
Helsing
1Judas, Jesu Kristi tenar og Jakobs bror, helsar dei som er kalla, som er elska av Gud Fader og haldne oppe for Jesus Kristus. #0,1 Judas ein av brørne til Jesus. Matt 13,55. 2Miskunn, fred og kjærleik vere med dykk i rikt mål!#2 Pet 1,2
Vranglærarane og domen over dei
3Mine kjære! Eg har hatt eit inderleg ynske om å skriva til dykk om den frelsa som vi har saman. Men no ser eg meg nøydd til å senda dykk nokre formanande ord om å strida for den tru som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage. #1 Tim 6,12+ 4For det har snike seg inn visse folk mellom dykk, ugudelege menneske som etter skriftene for lenge sidan er etla til dom. Dei misbrukar vår Guds nåde, så dei kan leva eit usedeleg liv, og dei fornektar vår einaste hovding og Herre, Jesus Kristus.#Gal 2,4; 2 Pet 2,1
5Då er det noko eg vil minna dykk om, endå de alt kjenner vel til det: Herren berga folket ut or Egypt, men sidan gjorde han ende på dei som ikkje ville tru. #2 Mos 12,51; 4 Mos 14,26ff; 1 Kor 10,5; 2 Pet 1,12 6Og dei englane som ikkje tok vare på sitt høge stand, men drog bort frå staden der dei budde, dei held han bundne i mørker med evige lekkjer til domen på den store dagen. #2 Pet 2,4.9 7Sameleis var det med Sodoma og Gomorra og grannebyane, der folk levde i hor liksom desse englane, og i unaturlege lyster. No ligg dei der som eit døme på straffa i ein evig eld.#1 Mos 19; Matt 10,15; 2 Pet 2,6.10; Matt 25,41
8Likevel gjer desse menneska det same. Drivne av sine syner sulkar dei til lekamen sin, vanvørder herredøme og spottar englemakter. #2 Pet 2,10 9Men då overengelen Mikael låg i strid med djevelen om lekamen åt Moses, våga han ikkje å spotta djevelen og døma han, men sa: «Herren straffe deg!» #2 Pet 2,11; Op 12,7; Sak 3,2 10Desse derimot spottar det dei ikkje kjenner; og det dei skjønar med sansane sine, liksom vitlause dyr, det tener berre til å tyna dei sjølve.#2 Pet 2,12
11Ve dei! Dei har slege inn på same vegen som Kain; dei har kasta seg ut i same villfaring som Bileam, han som var ute etter eiga vinning; dei har gjort opprør som Korah; difor har dei gått til grunne. #1 Mos 4,8; 4 Mos 31,16; 2 Pet 2,15; 4 Mos 16 12Dei er skamflekker ved kjærleiksmåltida dykkar, der dei utan blygsle et og drikk. Dei er hyrdingar som berre syter for seg sjølve, vasslause skyer som driv med vinden. Dei er tre som ikkje ber frukt om hausten, to gonger døde, ja, rivne opp med rot. #1 Kor 11,20f; 2 Pet 2,13; Esek 34,8 13Dei er ville havbylgjer, skummande opp si eiga skam, vegville stjerner som det evige nattmørkret ventar på.#Jes 57,20; 2 Pet 2,17
14Det var om desse Enok, Adams etterkomar i sjuande leden, spådde då han sa: «Sjå, Herren kjem med sine heilage englar i tusental. #1 Mos 5,3.18; Matt 25,31 15Han vil halda dom over alle og krevja alle gudlause til rekneskap for alle deira ugudelege gjerningar, og for alle harde ord dei har tala mot han, desse gudlause syndarane.» #Matt 12,36 16Dette er folk som murrar og klagar over lagnaden sin, men lever etter lystene sine. Dei skryter og fer med store ord, og smigrar folk når det gagnar dei sjølve.
Ver vakne og samhuga!
17Men de, mine kjære, kom i hug dei ord som vår Herre Jesu Kristi apostlar føreåt har tala. #2 Pet 3,2 18Dei sa til dykk: «I dei siste tider skal det koma folk som spottar og lever etter sine eigne ugudelege lyster.» #2 Tim 3,1ff; 2 Pet 3,3 19Dette er dei som skaper kløyving mellom dykk; dei har sjel, men Anden vantar dei.
20Men de, mine kjære, oppbygg dykk på dykkar høgheilage tru og bed alltid i Den Heilage Ande. #Kol 2,7; 1 Tess 5,11 21Hald dykk i Guds kjærleik, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi miskunn, som gjev dykk evig liv. #1 Kor 1,7 22Dei som tvilar, skal de ha medkjensle med, 23andre skal de riva ut or elden og berga. Atter andre skal de ta dykk av, men ver varsame så de jamvel skyr kappa som dei har flekka til i si sanselege lyst.#Sak 3,2
Lovprising
24Han som har makt til å verna dykk, så de ikkje fell, og føra dykk feilfrie og jublande fram for sin herlegdom, #1 Tess 5,23 25han, den einaste Gud, vår frelsar ved Jesus Kristus, vår Herre: Han tilhøyrer ære og majestet, velde og makt før all tid, no og i all æve! Amen.#Rom 16,27+

Currently Selected:

Judas 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy