YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 9

9
Den blindfødde
1Då Jesus gjekk frametter, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd. 2Læresveinane spurde: «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?» 3Jesus svara: «Korkje han eller foreldra hans har synda. Men det hende for at Guds gjerningar skulle syna seg på han. #Luk 13,2 4Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida. #11,9f 5Medan eg er i verda, er eg ljoset for verda.» #8,12+ 6Då han hadde sagt det, spytta han på jorda og laga ei gjørme og smurde på augo til mannen. #Mark 8,23 7Så sa han til han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen.» Siloa tyder «utsend». Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå.#2 Kong 5,10; Jes 8,6
8Grannane og dei som før hadde sett at han tigga, sa då: «Er ikkje dette han som sat og bad seg?» 9«Jau, det er han,» sa somme. Andre sa: «Nei, men han er lik han.» Sjølv sa han: «Det er eg.» 10«Korleis vart augo dine opna?» spurde dei. 11Han svara: «Den mannen som heiter Jesus, laga ei gjørme og smurde på augo mine og sa: Gå til Siloa og vask deg! Eg gjekk dit, og då eg hadde vaska meg, kunne eg sjå.» 12«Kvar er denne mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje,» svara han.
13Så førte dei han som hadde vore blind, til farisearane. 14Det var sabbat den dagen Jesus hadde laga gjørma og opna augo hans. #5,9.16 15Farisearane òg spurde korleis han hadde fått synet. «Han la ei gjørme på augo mine,» svara mannen, «så vaska eg meg, og no ser eg.» 16Då sa nokre av farisearane: «Denne mannen er ikkje frå Gud, sidan han ikkje held sabbaten.» Andre sa: «Korleis kan ein syndig mann gjera slike teikn?» Det vart usemje mellom dei om dette. #9,33; 7,43; 10,19 17Så spurde dei den blinde på nytt: «Kva meiner du om han, sidan det var dine augo han opna?» «Han er ein profet,» svara mannen.#Matt 21,11+
18Jødane ville ikkje tru at han hadde vore blind og fått synet, før dei hadde henta foreldra hans. Dei sende bod etter dei 19og spurde: «Er dette dykkar son, han som de seier er fødd blind? Korleis har det seg då at han kan sjå?» 20Foreldra svara: «Vi veit at dette er vår son, og at han er fødd blind. 21Men korleis det har seg at han no kan sjå, det veit vi ikkje; og heller ikkje veit vi kven som har opna augo hans. Spør han sjølv! Han er gamal nok til å svara for seg.» 22Dette sa dei fordi dei var redde jødane. For jødane hadde alt vorte samde om at den som sanna at Jesus var Messias, skulle støytast ut or synagoga. #7,13+; 16,2 23Difor sa foreldra hans: «Han er gamal nok, spør han sjølv!»
24Andre gongen henta dei han som hadde vore blind, og sa til han: «Gjev Gud ære og tilstå! Vi veit at denne mannen er ein syndar.» #Jos 7,19 25Han svara: «Om han er ein syndar, det veit eg ikkje. Men eitt veit eg: Eg var blind, og no ser eg.» 26«Kva gjorde han med deg?» spurde dei. «Korleis opna han augo dine?» 27«Eg har alt sagt dykk det,» sa han, «og de ville ikkje høyra på meg. Kvifor vil de høyra det om att? Kan henda de òg vil verta læresveinane hans?» 28Dei skjelte han ut og sa: «Du er hans læresvein, vi er læresveinane til Moses. 29Vi veit at Gud har tala til Moses, men om denne mannen veit vi ikkje kvar han er ifrå.» 30«Det er då underleg,» sa mannen, «at de ikkje veit kvar han er ifrå, endå han har opna augo mine. 31Vi veit at Gud ikkje høyrer på syndarar, men han høyrer på den som har age for han og gjer etter hans vilje. #Ordt 15,29; Sal 66,18; Jes 1,15 32Frå opphavs tid har det aldri vore spurt at nokon har opna augo på ein blindfødd. 33Var ikkje denne mannen frå Gud, kunne han ingen ting gjera.» #3,2 34Dei svara: «Du er fødd syndar tvers igjennom, og du vil læra oss?» Så kasta dei han ut.
35Jesus fekk høyra at dei hadde kasta han ut, og då han møtte han, spurde han: «Trur du på Menneskesonen?» 36Mannen svara: «Kven er han, Herre, så eg kan tru på han?» 37«Du har sett han,» sa Jesus. «Det er han som no talar med deg.» #4,26 38«Eg trur, Herre,» sa mannen og kasta seg ned for han.
39Då sa Jesus: «Til dom er eg komen til denne verda, så dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal verta blinde.» #Matt 13,11ff; Joh 12,40.47f 40Nokre av farisearane som stod der, høyrde dette og sa til han: «Kan henda vi òg er blinde?» #Matt 15,14; 23,36 41Jesus svara: «Var de blinde, hadde de inga skuld. Men no seier de at de ser, og difor er og vert de skuldige.#15,22

Currently Selected:

Johannes 9: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy