YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 7

7
Jesus og brørne hans
1Sidan fór Jesus ikring i Galilea. Han ville ikkje vera i Judea fordi jødane stod han etter livet. #5,18+ 2Så leid det fram til lauvhyttefesten, ei av høgtidene åt jødane. #3 Mos 23,34 3Då sa brørne hans til han: «Far herifrå og reis til Judea, så læresveinane dine òg kan få sjå dei gjerningar du gjer. 4For ingen som vil verta kjend, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, så stig fram for verda!» 5For brørne hans trudde ikkje på han, dei heller. #Matt 13,55+ 6Jesus sa til dei: «Mi tid er enno ikkje komen, men for dykk er det alltid lagleg tid. #2,4+ 7Verda kan ikkje hata dykk; men meg hatar ho, fordi eg vitnar om henne at gjerningane hennar er vonde. #15,18 8Far de opp til høgtida; eg fer ikkje, for mi tid er enno ikkje komen.» #12,23 9Dette sa han til dei og vart verande i Galilea. 10Men då brørne hans var farne opp til høgtida, fór han òg dit, ikkje berrsynt, men meir i løynd. 11Jødane leita etter han på høgtida og spurde: «Kvar er han?» 12Og det vart kviskra mykje om han mellom folket. Somme sa: «Det er ein god mann.» Andre sa: «Nei, han fører folket vilt.» 13Ingen sa høgt kva dei meinte om han, for dei var redde jødane.#9,22; 12,42; 19,38; 20,19
Jesus kjem til lauvhyttefesten
14Då det leid midt ut i høgtida, gjekk Jesus opp på tempelplassen og lærte. 15Jødane undra seg og sa: «Kvar har han lærdomen sin frå, han som ikkje har fått noka opplæring?» #Matt 13,54; Luk 2,46f 16Jesus svara: «Mi lære er ikkje mi; ho er frå han som sende meg. #12,49; 14,10.24 17Den som vil gjera hans vilje, han skal få røyna om læra er frå Gud, eller om eg har henne frå meg sjølv. 18Den som talar ut frå seg sjølv, søkjer si eiga ære; men den som søkjer ære for han som har sendt han, talar sant, og det finst ikkje urett i han. #8,50 19Har ikkje Moses gjeve dykk lova? Men ingen av dykk held lova! Kvifor vil de då drepa meg?» #Rom 2,17ff; Joh 5,18+ 20«Du er forgjord,» svara folket, «kven er det som vil drepa deg?» #8,48.52; 10,20 21Jesus svara: «Éi gjerning har eg gjort, som de alle undrar dykk over. #5,5ff 22Moses har gjeve dykk omskjeringa – ja, ho er ikkje frå Moses, men frå fedrane – og de omskjer jamvel på ein sabbat. #1 Mos 17,10ff 23Når no eit menneske kan omskjerast på ein sabbat, så ikkje Moselova skal brytast, kvifor er de då harme på meg fordi eg har gjort heile mannen frisk på ein sabbat? #5,9.16; 9,14 24Døm ikkje etter det de ser, men døm rettferdig!»#Jes 11,3f
Kven Jesus er
25Då sa nokre av dei som budde i Jerusalem: «Er ikkje dette den mannen som dei vil drepa? #5,18+ 26Og no står han og talar ope og fritt, og dei seier ikkje eit ord til han. Kan rådsherrane verkeleg ha kome til at han er Messias? 27Vi veit då kvar denne mannen er ifrå. Men når Messias kjem, skal ingen vita kvar han er ifrå.» #7,27 skal ingen vita kvar han er ifrå Folket venta at Messias skulle verta fødd i Betlehem (v. 42), men han skulle halda seg løynd til han brått steig fram. 28Då ropa Jesus ut medan han lærte på tempelplassen: «De kjenner meg og veit kvar eg er ifrå. Men eg er ikkje komen av meg sjølv; og han som har sendt meg, er truverdig. Han kjenner de ikkje. #8,55; 17,25; Matt 11,27+ 29Men eg kjenner han; for eg kjem frå han, og han har sendt meg.» 30Då ville dei gripa han, men det var ingen som la hand på han, for endå var ikkje tida hans komen.#2,4+
31I folket var det mange som trudde på han, og dei sa: «Når Messias kjem, tru han då gjer fleire teikn enn denne mannen har gjort?» #2,23+ 32Farisearane høyrde at folket gjekk og kviskra slik om han, og overprestane og farisearane sende ut nokre menn som skulle gripa han. #7:32nokre menn nokre av tempelvaktene. [Luk 22,4.] 33Då sa Jesus: «Endå ei lita stund er eg hjå dykk, så fer eg til han som har sendt meg. #16,5 34De skal leita etter meg, men ikkje finna meg, for der eg er, dit kan de ikkje koma.» #8,21; 13,33 35Jødane sa no seg imellom: «Kvar vil han fara, sidan vi ikkje skal finna han? Tru om han vil fara til landsmennene våre som bur mellom grekarane, og preika for grekarar? 36Kva meiner han med det han sa: De skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, dit kan de ikkje koma?»
37Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. #3 Mos 23,36; Joh 4,10.14; Op 21,6+ 38Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» #Jes 58,11; Sak 14,8 39Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord. #16,7 40Somme i folkehopen sa då dei høyrde orda hans: «Dette må sanneleg vera profeten.» #1,21+ 41Andre sa: «Nei, det er Messias.» Då sa nokre: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilea? 42Seier ikkje Skrifta at Messias skal vera av Davids ætt og koma frå Betlehem, heimbyen til David?» #2 Sam 7,12; Mi 5,1; Matt 2,4ff 43Såleis kløyvde folket seg i flokkar for hans skuld. #9,16; 10,19 44Somme ville gripa han, men ingen la hand på han.
45Då vaktene kom attende, sa overprestane og farisearane til dei: «Kvifor tok de han ikkje med dykk?» 46Dei svara: «Aldri har noko menneske tala som han.» #Matt 7,28f 47«Har de òg late dykk føra vilt?» sa farisearane. 48«Er det nokon av rådsherrane som trur på han, eller av farisearane? #12,42; 1 Kor 1,26 49Men denne hopen som ikkje kjenner lova – han er forbanna!» 50Då sa Nikodemus, ein av deira eigne, han som før ein gong hadde kome til Jesus:#3,1f; 19,39 51«Lova vår dømer vel ikkje ein mann før dei har forhøyrt han og fått vita kva han har gjort?» #5 Mos 1,16f 52«Er du òg frå Galilea, kan henda?» svara dei. «Gransk etter, så skal du få sjå at ingen profet kjem frå Galilea.»#1,46
Kvinna som hadde brote ekteskapet
53Så gjekk dei heim, kvar til seg, #7,53 vantar i dei eldste handskriftene. Ei gamal overlevering utanom Johannes-evangeliet ligg truleg til grunn for dette stykket.

Currently Selected:

Johannes 7: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy