YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 3

3
Jesus og Nikodemus
1Det var ein mann som heitte Nikodemus; han var farisear og ein av rådsherrane åt jødane. #7,50; 19,39 2Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikn du gjer, utan at Gud er med han.» #9,16.33 3Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» #1,13; Jak 1,18; 1 Pet 1,23; 1 Joh 5,1.18 4Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. #Tit 3,5+ 6Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» #3,8 Vinden Både gresk og hebraisk har eitt og same ordet for «vind» og «ånd». #Fork 11,5 9«Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. #3,32; 8,26.28 12Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. #3,13 som er i himmelen: finst berre i yngre handskrifter.#Ordt 30,4; Joh 6,62; Ef 4,9 14Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, #3,14 lyfta opp Det greske ordet i grunnteksten tyder både lyfta opp (krossfesta) og opphøgja. Sjå 8,28; 12,32. #4 Mos 21,8f; Joh 8,28; 12,32 15så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. #Rom 8,32; 1 Joh 4,9f 17Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. #8,15; 12,47 18Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. #5,24 19Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. #1,5.9ff 20For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. #Ef 5,13 21Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
Døyparen Johannes vitnar om Jesus
22Sidan fór Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. #4,1f 23Johannes døypte, han òg, i Ainon ved Salim; for det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. #Matt 4,12; 14,3 25No vart det eit ordskifte mellom læresveinane til Johannes og ein jøde om reinsinga. 26Læresveinane kom til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» #1,19ff 27Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. #19,11; 1 Kor 4,7 28De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. #Hos 2,2.19f; Jes 62,5; Matt 9,15; 2 Kor 11,2; Ef 5,23ff; Op 19,7 30Han skal veksa, eg skal minka.
31Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. #8,23; 1 Kor 15,47; 1 Joh 4,5 32Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. #3,11+ 33Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. #5,20+; 13,3; Matt 11,27+ 36Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.»#1 Joh 5,12

Currently Selected:

Johannes 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy