YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 11

11
Jesus vekkjer opp Lasarus
1Ein mann som heitte Lasarus, låg sjuk. Han var frå Betania, den byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i. #Luk 10,38f 2Det var Maria som hadde salva Herren med olje og turka føtene hans med håret sitt. No låg Lasarus, bror hennar, sjuk. #12,3 3Systrene sende då bod til Jesus og sa: «Herre, han som du har så kjær, er sjuk.» 4Då Jesus høyrde det, sa han: «Denne sjukdomen fører ikkje til døden. Han er til Guds ære; han skal visa herlegdomen åt Guds Son.»#9,3 5Jesus heldt mykje av Marta og syster hennar og Lasarus.
6Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, drygde han endå to dagar der han var. 7Då fyrst sa han til læresveinane: «Kom, lat oss fara attende til Judea.» 8«Rabbi,» sa dei, «no nyss ville jødane steina deg, og så fer du dit att?» #10,31 9Jesus svara: «Har ikkje dagen tolv timar? Den som ferdast om dagen, snåvar ikkje, for han ser ljoset i denne verda. #9,4 10Men den som ferdast om natta, han snåvar, av di han ikkje har ljoset i seg.»
11Då Jesus hadde sagt dette, sa han til dei: «Lasarus, venen vår, er sovna, men eg går og vekkjer han.» #Matt 9,24 12«Herre,» sa læresveinane, «er han sovna, så vert han nok frisk att.» 13Jesus meinte at han var slokna, men dei trudde han tala om vanleg svevn. 14Då sa Jesus beint ut: «Lasarus er død. 15Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, så de kan koma til å tru. Men kom, lat oss gå til han.» 16Tomas, han som vart kalla Tvillingen, sa då til dei andre læresveinane: «Vi går med, vi òg, så vi kan døy saman med han.»#14,5; 20,24ff; Mark 14,31
17Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i grava. 18Betania ligg ikkje langt frå Jerusalem, berre femten stadier på lag, 19og mange jødar var komne til Marta og Maria og ville trøysta dei i sorga over broren. 20Så snart Marta fekk høyra at Jesus kom, gjekk ho til møtes med han; men Maria vart sitjande heime. 21Marta sa til Jesus: «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døytt. 22Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg.» 23«Bror din skal stå opp att,» seier Jesus. 24«Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen,» svara Marta. #5,28f+; 6,39f 25Då sa Jesus til henne: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. 26Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?» #5,24; 8,51 27«Ja, Herre,» seier ho, «eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda.»#Matt 16,16+
28Då ho hadde sagt dette, gjekk ho og kalla i løynd på Maria, syster si, og sa til henne: «Meisteren er her og spør etter deg.» 29Då Maria høyrde det, reiste ho seg snøgt og gjekk ut til han. 30Jesus var endå ikkje komen inn i byen, men var der Marta hadde møtt han. 31Dei jødane som var heime hjå Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, og dei fylgde etter; dei tenkte at ho gjekk ut til grava og ville gråta der. 32Som no Maria kom dit Jesus var og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Herre, hadde du vore her, hadde ikkje bror min døytt.» 33Då Jesus såg at dei gret, både ho og alle jødane som fylgde henne, vart han oppøst og oppskaka, 34og han sa: «Kvar har de lagt han?» «Kom og sjå, Herre,» svara dei. 35Jesus gret. #Luk 19,41 36Då sa jødane: «Sjå kor kjær han hadde han.» 37Men somme av dei sa: «Han som opna augo på den blinde, kunne ikkje han ha laga det så at denne mannen ikkje hadde døytt?» #9,6f 38Jesus vart atter oppøst og gjekk bort til grava. Det var ei hole, og det låg ein stein framføre. 39«Ta steinen ifrå!» seier Jesus. «Herre,» seier Marta, syster til den avlidne, «det luktar alt av han; han ligg i grava på fjerde dagen.» 40Jesus seier til henne: «Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?» 41Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa: «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg. 42Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette for folket skuld som står her ikring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg.» #12,30 43Då han hadde sagt det, ropa han med høg røyst: «Lasarus, kom ut!» 44Og ut kom den døde med føtene og hendene sveipte i likklede og med ein duk bunden over andletet. Jesus sa til dei: «Løys han og lat han gå!»#20,6f
Planar om å drepa Jesus
45Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. #2,23+ 46Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort. 47Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn. #Matt 26,3f; Apg 4,16 48Lèt vi han halda fram såleis, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.» 49Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting. 50De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket enn at heile folket går til grunne.» #18,14 51Det sa han ikkje av seg sjølv. Men av di han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket. 52Ja, han skulle ikkje berre døy for folket; men han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde ikring. #10,16 53Frå den dagen la dei planar om å drepa han. #5,18+ 54Difor gjekk ikkje Jesus fritt ikring mellom jødane lenger, men tok ut derifrå og fór til landet bortmed øydemarka, til ein by som heiter Efraim. Der var han ei tid saman med læresveinane sine.
55No leid det til påskehelga åt jødane, og før høgtida drog mange frå landet opp til Jerusalem og skulle reinsa seg. #11,55 reinsa seg Sjå Tillegg: Reinleik. #2,13; 6,4; 2 Krøn 30,15ff 56Dei leita etter Jesus, og medan dei stod på tempelplassen, sa dei til kvarandre: «Kva trur de? Kjem han ikkje til høgtida?» 57Overprestane og farisearane hadde gjeve påbod om at den som fekk vita kvar han var, skulle seia frå, så dei kunne gripa han.

Currently Selected:

Johannes 11: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy