1
Ordet vart menneske
1I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. #1 Mos 111 Joh 11fJoh 1030Joh 175 2Han var i opphavet hjå Gud. #Ordt 822f 3Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. #Sal 336Kol 116+ 4I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.#|NoBook| 3|NoBook| 8
6Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. #Matt 3Luk 113.17.76 7Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.#|NoBook| 5
9Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. #Matt 41 Joh 28 10Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. #Gal 326Ef 151 Joh 31f 13Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.#|NoBook| 3|NoBook| 3
14Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. #2 Mos 3318ff2 Mos 346Jes 405Jes 601Luk 932 15Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»#|NoBook| 1
16Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. #Kol 29f 17For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.#2 Mos 3320Matt 1127Joh 537Joh 646Joh 1491 Joh 412
Døyparen vitnar
19Dette er det vitnemålet Johannes gav då jødane sende nokre prestar og levittar frå Jerusalem, som skulle spørja han: «Kven er du?» #Luk 315ff 20Då sa han beint ut og sanna: «Eg er ikkje Messias.» #|NoBook| 3Apg 1325 21«Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje,» svara han. «Er du profeten?» «Nei,» sa han. #1,21 profeten Jødane venta at ein stor profet som Moses skulle stiga fram i endetida. Sjå 5 Mos 18,15; Apg 3,22.#Matt 11Joh 614Joh 7405 Mos 1815.18 22«Sei oss då kven du er,» sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?» 23Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer vegen bein for Herren, som profeten Jesaja har sagt.» #Jes 403Matt 33 24Nokre av dei som var sende, høyrde til farisearane, 25og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og ikkje Elia og heller ikkje profeten?» 26Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, #Matt 3 27han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima åt.» 28Dette hende i Betania på hi sida av Jordan, der Johannes var og døypte.
29Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! #Jes 534.7Matt 8171 Kor 571 Pet 119Op 56.9 30Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. #Matt 3 33Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. #Jes 112Jes 421 34Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
Dei fyrste læresveinane
35Dagen etter stod atter Johannes der med to av læresveinane sine. 36Då såg han Jesus koma gåande og sa: «Sjå, der er Guds lam!» #|NoBook| 1 37Dei to læresveinane høyrde kva han sa, og fylgde etter Jesus. 38Jesus snudde seg, og då han såg at dei fylgde etter, sa han: «Kva vil de?» Dei spurde: «Kvar bur du, rabbi?» Rabbi tyder lærar. 39«Kom og sjå,» svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde; og dei vart verande hjå han den dagen. Det var ikring den tiande timen.
40Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og fylgt etter Jesus. #Matt 4 41Han finn fyrst bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har funne Messias.» Messias er det same som Den Salvevigde. #|NoBook| 4 42Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas.» Kefas er det same som Peter.#Matt 16
43Dagen etter ville Jesus fara til Galilea. Då møtte han Filip og sa til han: «Fylg meg!» 44Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var ifrå. 45Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har funne han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.» #5 Mos 1818Jes 714Jes 96Jes 531ffJer 235fEsek 3423 46«Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip. #|NoBook| 7 47Jesus såg Natanael koma bort imot seg og sa: «Sjå, der er ein ekte israelitt, ein som det ikkje finst svik i.» 48«Kvar kjenner du meg ifrå?» spurde Natanael. Jesus svara: «Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg.» 49Då sa Natanael: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge.» #Matt 14|NoBook| 27Joh 1127Joh 1213 50«Trur du fordi eg sa at eg såg deg under fikentreet?» spurde Jesus. «Du skal få sjå større ting enn det.» 51Og han sa: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: De skal sjå himmelen open og Guds englar stiga opp og stiga ned over Menneskesonen.»#1 Mos 2812
Loading reference in secondary version...