YouVersion Logo
Search Icon

Ester 1

1
Dronning Vasjti trassar kong Xerxes
1Det som her skal forteljast, hende i dagane åt Xerxes, den Xerxes som rådde over 127 provinsar, frå India til Nubia. 2I den tid då Xerxes sat på kongsstolen sin i Susa-borga, #1,2 Susa[Neh 1,1.] 3i det tredje styringsåret sitt, heldt han eit gjestebod for alle stormennene og embetsmennene sine. Hærførarane i Persia og Media, adelsmennene og styresmennene i provinsane var samla hjå han. #1,3 Persia og Media Desse to landa var det opphavlege Persarriket. 4Og i lang tid, 180 dagar i alt, lét han dei få sjå sin kongelege herlegdom og rikdom med all den drust og dramb som fylgde hans høge stilling.
5Då dei dagane var lidne, heldt kongen gjestebod i sju dagar for alt folket som fanst i Susa-borga, både store og små. Det vart halde på den opne plassen i slottshagen. 6Teppe av fint lin og bomull og av fiolett purpur var feste med kvite og purpurraude snorer til sølvringar i marmorsøylene. Benker av gull og sølv stod på eit mosaikkgolv av dyre steinar, marmor, perlemor og andre steinar. 7Det dei drakk, vart skjenkt i gullstaup, og ikkje to staup var like. Og der var nøgda av kongeleg vin, som det sømer seg hjå ein konge. 8Men det var fast lov at ingen skulle nøydast til å drikka. Kongen hadde bode alle dei øvste tenarane sine at dei skulle la kvar få så mykje han sjølv ville ha. 9Samstundes heldt dronning Vasjti gjestebod for kvinnene i slottet til kong Xerxes.
10Den sjuande dagen, då kongen hadde vorte fjåg av vinen, kalla han til seg dei sju hoffmennene som gjorde teneste hjå han, Mehuman, Bista, Harbona, Bigta, Abagta, Setar og Karkas. 11Og han baud dei henta dronning Vasjti og leia henne fram for kongen med den kongelege krona på hovudet, så folket og stormennene kunne sjå venleiken hennar; for ho var svært fager. 12Men dronning Vasjti ville ikkje koma. Ho trassa det bodet kongen hadde sendt med hoffmennene.
Då vart kongen brennande harm; vreiden loga opp i han. 13Og han vende seg til vismennene, dei som skjøna seg på tidene; for såleis vart kongens saker lagde fram for dei som skjøna seg på lov og rett. #1,13 dei som skjøna seg på tidene Vismennene var ofte stjernetydarar som kom med utsegner om framtida og difor kunne vera politiske rådgjevarar. 14Dei som stod han nærast, var Karsjena, Sjetar, Admata, Tarsis, Meres, Marsena og Memukan, dei sju persiske og mediske stormennene som alltid hadde tilgjenge til kongen og var dei fremste i riket. 15Han spurde dei: «Kva skal ein etter lova gjera med dronning Vasjti, sidan ho ikkje lydde det bodet som kong Xerxes sende henne med hoffmennene?»
16Då tok Memukan til ords framfor kongen og stormennene og sa: Dronning Vasjti har ikkje berre forbrote seg mot kongen, men mot alle fyrstar og folk i alle dei provinsane som ligg under kong Xerxes. 17For åtferda til dronninga vil verta kjend mellom alle kvinner, og dei kjem til å sjå med vanvørdnad på mennene sine og seia: «Kong Xerxes sende bod etter dronning Vasjti, men ho kom ikkje.» 18Ja, alt i dag vil stormannsfruene i Persia og Media tala såleis til alle stormennene åt kongen, når dei får høyra korleis dronninga har bore seg åt. Og det kjem ikkje til å skorta på vanvørdnad og vreide. 19Om kongen så synest, så lat det gå ut eit kongebod, og lat det skrivast opp mellom lovene åt persarane og medarane, så det står urikkande fast. Sei at Vasjti aldri meir må syna seg for kong Xerxes, og at kongen vil gje hennar dronningrang til ei anna kvinne, som er betre enn ho. 20Når så det påbodet kongen sender ut, vert kjent i heile riket, så stort og vidt som det er, vil alle koner syna mennene sine ære, både høge og låge.
21Det framlegget tykte kongen og stormennene vel om, og kongen gjorde som Memukan hadde sagt. 22Han sende brev til alle provinsane sine, til kvar provins i den skrifta dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala, at kvar mann skulle vera herre i huset sitt og tala målet åt folket sitt.

Currently Selected:

Ester 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy