YouVersion Logo
Search Icon

1. Tessalonikar 1

1
Helsing
1Paulus, Silvanus og Timoteus helsar kyrkjelyden i Tessalonika, som har sitt liv i Gud Fader og Herren Jesus Kristus. Nåde og fred vere med dykk!#Apg 17,1ff; 2 Tess 1,1
Kyrkjelyden gjer Paulus glad
2Vi takkar alltid Gud for dykk alle når vi nemner dykk i bønene våre. #Rom 1,8f; Ef 1,15; Fil 1,3f; Kol 1,3; 2 Tess 1,3; Filem 4 3For vår Gud og Fars åsyn kjem vi dykk i hug og tenkjer stadig på korleis trua dykkar syner seg i gjerning, kjærleiken i arbeid, og vona til vår Herre Jesus Kristus i tolmod. #1 Kor 13,13; Kol 1,4f 4Vi veit då, brør, som er elska av Gud, at de er utvalde. #2 Tess 2,13 5For då vi forkynte evangeliet hjå dykk, var det ikkje berre med ord, men òg med kraft, ved Den Heilage Ande og med full overtyding. De veit korleis vi ferdast mellom dykk; vi tenkte berre på dykk. #1 Kor 2,4f; 4,20 6Og de tok oss, ja, Herren sjølv, til føredøme, og i stor trengsle tok de imot Ordet med den glede som Den Heilage Ande gjev. #1 Kor 4,16+; Apg 17,5ff 7Såleis vart de eit førebilete for alle dei truande i Makedonia og Akaia. #1,7 Makedonia romersk provins som omfatta den nordlege delen av Hellas. #1,7 Akaia[2 Kor 1,1.] 8For frå dykk har Herrens ord lydt. Ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader har folk høyrt om dykkar tru på Gud, så det treng vi ikkje tala om. 9Dei fortel sjølve korleis vi vart mottekne hjå dykk. De vende om til Gud frå avgudane og tok til å tena den levande og sanne Gud, #Apg 14,15; 1 Kor 12,2+ 10og venta på Son hans frå himmelen, han som Gud reiste opp frå dei døde, Jesus, som bergar oss frå den vreidedomen som kjem.#4,15f; Tit 2,13; Matt 3,7; Rom 5,9; 1 Tess 5,9

Currently Selected:

1. Tessalonikar 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy