YouVersion Logo
Search Icon

1. Johannes 1

1
Livsens ord
1Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord. #Joh 1,1ff; 20,20.27 2Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss. #Joh 1,14 3Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus. #Apg 4,20; 1 Kor 1,9 4Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.#Joh 15,11+; 2 Joh 12
Lev i ljoset!
5Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. #Jak 1,17 6Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga. #Joh 3,21; 1 Joh 2,4 7Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.#Ef 5,8; Hebr 9,14; Op 1,5
8Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. #Ordt 20,9 9Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. #Sal 32,5; Ordt 28,13; Rom 4,6ff 10Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.#Rom 3,10ff

Currently Selected:

1. Johannes 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy