1
Ordet vart menneske
1 # 1 Mos 11Joh 1030Joh 1751 Joh 11f # 1,1 Evangeliet etter Johannes Nokre handskrifter har ein kortare ordlyd: «Etter Johannes». =evangelium. I opphavet var Ordet,
Ordet var hos Gud,
og Ordet var Gud.
2 # Ordt 822f Han var i opphavet hos Gud.
3 # Sal 336Kol 116+ Alt vart til ved han,
og utan han vart ikkje noko til.
Det som vart til 4i han, var liv,
og livet var lyset for menneska.
5 # |NoBook| 3|NoBook| 8 Lyset skin i mørkret,
og mørkret har ikkje overvunne det.
6 # 1,6 Johannes verka i øydemarka omkring Jordanelva, der han forkynte omvending og døypte. Blir òg omtala i 1,7f.15.19–36; 3,22–36; Matt 3,13–15; 11,1–19; 14,1–12; Luk 1,5–80; 3,1–20. =vanlege namn. Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes. 7Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. 8#|NoBook| 5 Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.
9 # Matt 4161 Joh 28 Det sanne lyset,
som lyser for kvart menneske,
kom no til verda.
10Han var i verda,
og verda vart til ved han,
og verda kjende han ikkje.
11Han kom til sitt eige,
og hans eigne tok ikkje imot han.
12 # Gal 326Ef 151 Joh 31f Men alle som tok imot han,
dei gav han rett til å bli Guds born,
dei som trur på namnet hans.
13 # |NoBook| 3|NoBook| 3 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod,
ikkje av menneskevilje
og ikkje av manns vilje,
men av Gud.
14 # 2 Mos 3318ff2 Mos 346Jes 405Jes 601Luk 932 # 1,14 tok bustad kan òg omsetjast «slo opp teltet sitt». Og Ordet vart menneske
og tok bustad mellom oss.
Og vi såg hans herlegdom,
ein herlegdom som den einborne Sonen
har frå Far sin,
full av nåde og sanning.
15 # |NoBook| 1 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen før meg, for han var til før meg.»
16 # Kol 29f Av hans overflod har vi alle fått,
nåde over nåde.
17For lova vart gjeven ved Moses,
nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.
18 # 2 Mos 3320Matt 1127Joh 537Joh 646Joh 1491 Joh 412 # 1,18 den einborne, som er Gud Yngre handskrifter har «den einborne Sonen». Ingen har nokon gong sett Gud,
men den einborne, som er Gud,
og som er i fanget til Far,
han har synt oss kven han er.
Døyparen vitnar
19 # Luk 315ff # 1,19 vitneutsegna Tanken om vitnemål går som ein raud tråd gjennom Joh. Jf. 1,8.15.19.32.34; 2,25; 3,11.26–28 osb. I framstillinga evangelisten gjev, vitnar alle, både tilhengjarane og motstandarane til Jesus, om at han er send av Gud. =vitne. jødane kan òg omsetjast «judearane». Ordet blir i Joh ofte brukt på ein polemisk måte, om Jesu motstandarar blant leiarane i Jerusalem. Jf. 7,13; 9,22; 18,14; 18,28–19,42; 20,19. =Israelsfolket. levittar underordna medhjelparar for prestane. Dette var vitneutsegna til Johannes då jødane sende prestar og levittar frå Jerusalem for å spørja han: «Kven er du?» 20#|NoBook| 3Apg 1325 Då vedkjende han og nekta ikkje, men sa rett fram: «Eg er ikkje Messias.» 21#5 Mos 1815.181 Kong 17–192 Kong 1–2Matt 1114+Joh 614Joh 740#1,21 Elia Ifølgje Mal 4,5 skulle Elia openberra seg i dei siste tider for å gje menneska høve til omvending. profeten Jødane venta at ein stor profet som Moses skulle stiga fram i endetida. Jf. 5 Mos 18,15; Apg 3,22. «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje», svara han. «Er du profeten?» «Nei», sa han. 22«Sei oss då kven du er», sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?» 23#Jes 403Matt 33 Han sa:
«Eg er ei røyst som ropar i øydemarka:
Gjer Herrens veg bein,
som profeten Jesaja har sagt.»
24 # 1,24 farisearar =retningar innanfor jødedomen. Nokre av dei som var utsende, var farisearar, 25og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og heller ikkje Elia eller profeten?» 26#Matt 311 Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, 27han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig å løysa skoreima til.» 28Dette hende i Betania på andre sida av Jordan, der Johannes var og døypte.
29 # 2 Mos 2938ff3 Mos 1410ffJes 534f.7Matt 8171 Kor 571 Pet 1191 Joh 35Op 56.9 # 1,29 ber bort Jf. 3 Mos 16,22. Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! 30Det var om han eg sa: Etter meg kjem det ein mann som er komen før meg, for han var til før meg. 31Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.» 32#Matt 316 Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han. 33#Jes 112Jes 421 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den heilage ande. 34#1,34 Guds Son Nokre få handskrifter har «Guds utvalde». Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.»
Dei første læresveinane
35Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine. 36#|NoBook| 1 Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» 37Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus. 38Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi», – det tyder «lærar» – «kvar bur du?» 39#1,39 den tiande timen ca. kl. 16. =tidsrekning. «Kom og sjå», svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen.
40 # Matt 418ff Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus. 41#|NoBook| 4 Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» – Messias tyder «Han som er salva». 42#Matt 1617f#1,42 Kefas, Peter Både det aram. namnet Kefas og det gr. namnet Peter tyder «berg». Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» – det er det same som Peter.
43Dagen etter ville Jesus dra til Galilea. Han fann då Filip og sa til han: «Følg meg!» 44Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var frå. 45#5 Mos 1818Jes 714Jes 96Jes 531ffJer 235fEsek 3423 Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.» 46#|NoBook| 7 «Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip. 47Jesus såg Natanael koma gåande mot seg og sa: «Sjå, der er ein ekte israelitt, ein som er utan svik.» 48«Kvar kjenner du meg frå?» spurde Natanael. Jesus svara: «Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg.» 49#Matt 1433Matt 2742Joh 1127Joh 1213 Då sa Natanael: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge.» 50«Trur du fordi eg sa at eg såg deg under fikentreet?» spurde Jesus. «Du skal få sjå større ting enn det.» 51#1 Mos 2812#1,51 Menneskesonen Den nemninga Jesus oftast bruker om seg sjølv. Jf. Dan 7,13f. =Jesu titlar. Og han sa: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal sjå himmelen opna og Guds englar gå opp og gå ned over Menneskesonen.»
Loading reference in secondary version...