YouVersion Logo
Search Icon

Hebrearane 3

3
Guds folk i øydemarka – og i dag
(3,1–4,13)
Jesus er større enn Moses
1 # 4,14+ Difor, heilage sysken, de som har fått del i det himmelske kallet, sjå på Jesus, den utsendingen og øvstepresten som vi vedkjennest. 2#4 Mos 12,7 Han var trufast mot den som innsette han, liksom Moses var trufast i heile Guds hus. 3Men Jesus vart verdig til å få større ære enn Moses, liksom ein byggmeister får større heider enn huset han byggjer. 4Eit hus må alltid vera bygd av nokon, men den som har bygd alt, det er Gud. 5Moses var trufast som tenar i heile Guds hus. Han skulle vitna om det som ein gong skulle forkynnast. 6#1 Kor 3,16+; Kol 1,23 Men som son er Kristus sett til å styra huset hans. Og vi er hans hus, så sant vi held fast på frimodet og den vona vi er stolte av.
I dag, om de høyrer hans røyst
7 # Sal 95,7ff Difor, som Den heilage ande seier:
I dag, om de høyrer hans røyst,
8 # 2 Mos 17,7 så gjer ikkje hjartet dykkar hardt
som under opprøret,
den dagen dei utfordra meg i ørkenen.
9 Der utfordra dei meg, fedrane dykkar,
og sette meg på prøve,
endå dei hadde sett mine gjerningar 10i førti år.
Difor fekk eg avsky for denne slekta
og sa: Dei fer alltid vill i sitt hjarte,
dei kjenner ikkje mine vegar.
11 # 4 Mos 14,21ff; Hebr 4,1ff Så svor eg i min vreide:
Aldri skal dei koma inn til mi kvile!
12 # 12,15 Sjå til, sysken, at ikkje nokon av dykk blir vond og vantruande i hjartet og fell frå den levande Gud. 13#10,25 Set heller mot i kvarandre kvar dag, så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg forføra av synda og bli forherda. 14#3,6 For vi har del i Kristus, så sant vi heilt til det siste held fast på det grunnlaget som vi hadde i den første tida. 15Når det heiter:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjartet dykkar hardt,
som under opprøret,
16kven var det då som høyrde, men likevel gjorde opprør? Var det ikkje alle dei som Moses hadde ført ut frå Egypt? 17#4 Mos 14,29; 1 Kor 10,10 Kven var det han hadde uvilje mot i førti år? Var det ikkje dei som synda og vart liggjande som lik i øydemarka? 18#4 Mos 14,22f; Hebr 3,11 Og kven var det eiden gjaldt då han svor at dei ikkje skulle koma inn til hans kvile? Var det ikkje dei ulydige? 19Så ser vi at det var vantru som førte til at dei ikkje kunne koma inn.

Currently Selected:

Hebrearane 3: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy