YouVersion Logo
Search Icon

Hebrearane 1

1
Gud har tala gjennom Sonen
1Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til fedrane gjennom profetane. 2#Matt 21,38; Gal 4,4; Kol 1,16+ Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. 3#Sal 110,1; Apg 2,33+; Kol 1,15+ Han er utstrålinga av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde fullført reinsinga for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge. 4#Fil 2,9 Slik vart han mykje større enn englane, for det namnet han har fått i arv, er så mykje større enn deira.
Sonen står over englane
5 # 2 Sam 7,14; Sal 2,7; Apg 13,33 For aldri har Gud sagt til nokon engel:
Du er Son min,
eg har fødd deg i dag.
Eller, som det òg står:
Eg vil vera far for han,
og han skal vera son for meg.
6 # Sal 97,7 # 1,6 Alle Guds englar skal tilbe han >5 Mos 32,43. Og når han på nytt fører den førstefødde inn i verda, seier han:
Alle Guds englar skal tilbe han.
7 # Sal 104,4 # 1,7 vindar kan òg omsetjast «ånder». Jf. 1,14. >Joh 3,8. Og om englane seier han:
Han gjer englane sine til vindar,
tenarane sine til logande eld.
8 # Sal 45,7f Men om Sonen:
Din kongsstol, Gud, står til evig tid,
din herskarstav er rettferds stav.
9 # 1,9 salva deg Ved salving vart prestar, profetar og kongar vigde til oppgåvene sine. Messias tyder «Herrens salva» og var opph. ein tittel på kongen i Israel. Du har elska rettferd og hata urett.
Difor har Gud, din Gud, salva deg og ikkje dine vener
med gledes olje.
10 # Sal 102,26ff Og vidare:
Du, Herre, grunnla i opphavet jorda,
og himmelen er eit verk av dine hender.
11 Dei skal gå til grunne, men du blir verande.
Dei skal alle eldast som klede.
12 Du rullar dei saman som ei kappe,
dei blir utskifte som klede.
Men du er den same,
åra dine tek aldri slutt.
13 # Sal 110,1; Apg 2,34f+; Hebr 10,12f Men har han nokon gong sagt til ein av englane:
Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
som skammel for dine føter?
14 # Sal 34,8; 91,11; Matt 4,11; 18,10 Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og blir utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa i arv?

Currently Selected:

Hebrearane 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy