YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 30

30
1Då Rakel såg at ho og Jakob ikkje fekk born, vart ho misunneleg på syster si og sa til Jakob: «Gjev meg barn! Elles døyr eg.» 2#2 Kong 5,7 Jakob vart rasande på Rakel og sa: «Er eg i Guds stad? Det er han som har nekta deg livsfrukt.» 3#16,2#30,3 føda på knea mine gammalt uttrykk for adopsjon. Jf. 50,23. Då sa ho: «Her er slavekvinna mi, Bilha. Gå inn til henne! Ho kan føda på knea mine, så eg òg kan få barn ved henne.» 4Så gav ho han Bilha, slavekvinna si, til kone, og Jakob gjekk inn til henne. 5Bilha vart med barn og fødde Jakob ein son. 6#30,6 Dan Namnet liknar på det hebr. ordet for «å dømma» eller «hjelpa nokon til retten hans». Då sa Rakel: «Gud har hjelpt meg til retten min. Han har høyrt bøna mi og gjeve meg ein son!» Difor kalla ho han Dan. 7Sidan vart Bilha, slavekvinna til Rakel, med barn att og fødde Jakob endå ein son. 8#30,8 Naftali Namnet liknar eit hebr. uttrykk som tyder «min strid». Då sa Rakel: «Eg har stridd gudskampar med syster mi, og eg har vunne.» Så kalla ho han Naftali.
9Då Lea såg at ho ikkje fekk fleire born, tok ho Silpa, slavekvinna si, og gav Jakob til kone. 10Og Silpa, slavekvinna til Lea, fødde Jakob ein son. 11#30,11 Gad Namnet tyder «lukke». Då sa Lea: «For ei lukke!» Så kalla ho han Gad. 12Silpa, slavekvinna til Lea, fødde Jakob endå ein son. 13#Luk 1,48#30,13 Asjer Namnet liknar på det hebr. ordet for «å prisa lukkeleg». Då sa Lea: «Lukkeleg er eg! For kvinnene kjem til å prisa meg lukkeleg.» Så kalla ho han Asjer.
14 # 30,14 alrunar plante som vart brukt i folkemedisinen, m.a. for å auka forplantingsevna. Ein dag i kveitehausten gjekk Ruben ut på marka. Der fann han alrunar, og han tok dei med seg heim til Lea, mor si. Då sa Rakel til Lea: «Gjev meg nokre av alrunane som son din har funne!» 15Lea svara: «Er det ikkje nok at du har teke mannen min? Vil du ta alrunane til son min òg?» Då sa Rakel: «Får eg alrunane, kan Jakob liggja med deg i natt.» 16Då Jakob kom heim frå marka om kvelden, gjekk Lea til møtes med han og sa: «Det er meg du skal koma til; eg har kjøpt deg for dei alrunane som son min fann.» Så låg han med henne den natta. 17Og Gud høyrde Lea. Ho vart med barn og fødde Jakob den femte sonen. 18#30,18 Jissakar Namnet liknar det hebr. ordet for «løn», men minner òg om ordet for «å kjøpa», jf. v. 16. Då sa Lea: «Gud har gjeve meg løn for at eg gav slavekvinna til mannen min.» Så kalla ho han Jissakar. 19Sidan vart Lea med barn att og fødde Jakob den sjette sonen. 20#30,20 visa meg vørdnad Tydinga av det hebr. ordet er usikker. Namnet Sebulon liknar på dette ordet. Då sa Lea: «Gud har gjeve meg ei god gåve. Denne gongen vil mannen min visa meg vørdnad, for eg har fødd han seks søner.» Så kalla ho han Sebulon. 21Sidan fødde ho ei dotter og kalla henne Dina.
22 # 1 Sam 1,19 Då kom Gud Rakel i hug. Han høyrde henne og opna morslivet hennar 23#Luk 1,25 så ho vart med barn og fødde ein son. Då sa ho: «Gud har teke bort mi skam.» 24#30,24 Josef Namnet liknar på det hebr. ordet for «å gjera noko endå ein gong». Ho kalla han Josef; for ho sa: «Måtte Herren gje meg endå ein son!»
Korleis Jakob vart rik
25Då Rakel hadde fødd Josef, sa Jakob til Laban: «Lat meg få reisa heim til mitt eige land! 26Gjev meg konene og borna mine, som eg har tent deg for, så eg kan dra. For du veit korleis eg har arbeidd for deg.» 27#39,5 Då sa Laban: «Om du berre ville sjå på meg med velvilje! Spådomsteikna viser meg at det er for di skuld Herren har velsigna meg.» 28Han heldt fram: «Sei kva du skal ha i løn hos meg, så skal eg gje deg det!» 29Jakob svara: «Du veit korleis eg har arbeidd for deg, og kva buskapen din har vorte til medan eg har stelt han. 30For det vesle du hadde før eg kom, har vakse og vorte til mykje. Der eg sette min fot, har Herren velsigna deg. Men når skal eg få syta for mitt eige hus?» 31Då sa Laban: «Kva skal eg gje deg?» Jakob svara: «Du skal ikkje gje meg noko. Men vil du gjera som eg seier, skal eg halda fram med å gjeta småfeet ditt og sjå etter det. 32I dag vil eg gå gjennom alt småfeet ditt og skilja ut alle dei flekkete og spraglete lamma, alle dei mørke lamma og dei geitene som er flekkete og spraglete. Det skal vera løna mi. 33Når du ein dag kjem for å sjå over løna mi, skal min ærlegdom vitna for meg. Finst det ei geit hos meg som ikkje er flekkete eller spraglete, eller ein sau som ikkje er mørk, så er dei stolne.» 34Då svara Laban: «Godt! Lat det vera som du seier.» 35Men same dagen skilde han ut dei bukkane som var stripete og spraglete, alle geitene som var flekkete og spraglete, alle som det var noko kvitt på, og alle dei mørke sauene. Og han lét sønene sine ta vare på dei. 36Så la han tre dagsreiser mellom seg og Jakob, medan Jakob gjette resten av småfeet hans.
37Men Jakob fann seg friske kjeppar av poppel, mandeltre og lønnetre og flekte borken av dei i striper så den kvite veden kom til syne. 38Så sette han kjeppane som han hadde flekt borken av, opp i vasstraua og rennene der småfeet kom for å drikka, rett framfor dyra. Dyra para seg når dei kom og drakk, 39og sidan småfeet para seg ved kjeppane, fekk dei stripete, flekkete og spraglete ungar. 40Jakob skilde ut sauene, og han lét småfeet venda hovudet mot dei stripete og mørke dyra i buskapen til Laban. Slik skaffa han seg eigne flokkar som han ikkje sleppte saman med småfeet til Laban. 41Kvar gong det var sterke dyr som para seg, sette Jakob kjeppar i vasstraua, rett framfor auga på dei, for at dei skulle para seg ved kjeppane. 42Men var det veike dyr, gjorde han det ikkje. På den måten fekk Laban dei veike dyra, men Jakob fekk dei sterke. 43Og mannen vart svært rik. Han fekk småfe i mengder, slavekvinner og slavar, kamelar og esel.

Currently Selected:

1. Mosebok 30: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy