YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 22

22
Gud set Abraham på prøve
1Ei tid etter at dette hadde hendt, sette Gud Abraham på prøve. Han sa til han: «Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.» 2#Matt 3,17+#22,2 Moria Tydinga av namnet blir forklara i v. 14 som «Herren ser». Ifølgje 2 Krøn 3,1 er dette namnet på tempelberget i Jerusalem. Då sa han: «Ta son din, den einaste, Isak, han som du elskar, og dra til landet Moria! Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella, det som eg seier deg.»
3Tidleg neste morgon stod Abraham opp, leste på eselet sitt og tok med seg to av tenestegutane sine og Isak, son sin. Han kløyvde ved til brennofferet, og så gav han seg i veg til den staden Gud hadde sagt. 4Tredje dagen såg Abraham opp og fekk auge på staden i det fjerne. 5Då sa Abraham til tenestegutane: «Ver her med eselet. Eg og guten vil gå bort dit og tilbe, og så kjem vi tilbake til dykk.» 6Abraham tok offerveden og la han på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa, og så gjekk dei saman, dei to. 7Då sa Isak til Abraham, far sin: «Du far!» Og han svara: «Ja, son min.» Han sa: «Sjå, her er elden og veden, men kvar er brennofferlammet?» 8Abraham svara: «Gud vil sjølv sjå seg ut eit brennofferlam, son min.» Og så gjekk dei saman, dei to.
9Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar der og la veden til rette. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden. 10#Hebr 11,17; Jak 2,21 Og Abraham rette ut handa og tok kniven for å slakta son sin. 11Men Herrens engel ropa til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg!» 12#Rom 8,32 Han sa: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du fryktar Gud, sidan du ikkje sparte din einaste son for meg.» 13Då Abraham såg opp, fekk han auge på ein vêr som hang fast etter horna i eit kratt rett bak han. Abraham gjekk bort, tok vêren og ofra han som brennoffer i staden for son sin. 14Abraham kalla den staden «Herren ser». Den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.»
15Då ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen for andre gong 16#Luk 1,73; Hebr 6,13 og sa: «Eg sver ved meg sjølv, seier Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte din einaste son, 17#12,2f+ vil eg velsigna deg rikt og gjera ætta di talrik som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Di ætt skal ta fiendens portar. 18Ved di ætt skal alle folkeslag på jorda velsigna seg fordi du høyrde på meg.» 19Så gjekk Abraham tilbake til tenestegutane sine. Dei drog av stad saman med han til Beer-Sjeba. Og Abraham vart buande der.
Slekta til Nahor
20 # 11,29 Ei tid etter at dette hadde hendt, vart det meldt til Abraham: Sjå, Milka òg har fødd søner til bror din, Nahor: 21Us, den førstefødde, Bus, bror hans, Kemuel, far til Aram, 22Kesed, Haso, Pildasj, Jidlaf og Betuel. 23#24,15.24 Betuel vart far til Rebekka. Desse åtte fødde Milka til Nahor, bror til Abraham. 24Følgjekona hans, som heitte Re'uma, fekk òg born: Tebah, Gaham, Tahasj og Maaka.

Currently Selected:

1. Mosebok 22: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy