YouVersion Logo
Search Icon

Sakarja 1

1
Vend om til meg!
1I den åttande månaden i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, som var son til Iddo, og det lydde så: #1,1 I den åttande månaden osb.[Hag 1,15]#Esra 5,1; Hag 1,1 2Herren har vore storleg harm på fedrane dykkar.
3Du skal tala til folket: Så seier Herren, Allhærs Gud: Vend om til meg, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, så vil eg venda om til dykk, seier Herren, Allhærs Gud. #Mal 3,7; Jak 4,8 4Ver ikkje lik fedrane dykkar som dei førre profetane forkynte for og sa: «Så seier Herren, Allhærs Gud: Vend om frå dykkar vonde ferd og dykkar vonde gjerningar!» Men dei høyrde ikkje og vørde meg ikkje, lyder ordet frå Herren. #Jes 31,6; Jer 3,12; Hos 14,2f 5Kvar er no fedrane dykkar? Og profetane, lever dei til evig tid? 6Men mine ord og bod som eg baud tenarane mine, profetane, å forkynna, har ikkje dei råka fedrane dykkar? Så måtte dei venda om og seia: «Som Herren, Allhærs Gud, hadde sett seg føre å gjera med oss etter vår ferd og våre gjerningar, såleis har han gjort med oss.»
Ryttaren på den raude hesten
7Den 24. dagen i den ellevte månaden – det er sjebat månad – i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, som var son til Iddo. Han sa:#1,7 Den 24. dagen ‘osb.‘ i februar 519 f.Kr.
8Eg hadde eit syn i natt. Eg såg ein mann som reid på ein raud hest. Han stogga mellom myrtetrea i dalbotnen, og attanfor han stod raude, raudbrune og kvite hestar. 9Eg spurde: «Kva tyder dette, herre?» Engelen som tala med meg, svara: «Eg skal syna deg kva det tyder.» #2,2 10Så sa mannen som stod mellom myrtetrea: «Det er dei som Herren har sendt ut så dei skal fara ikring på jorda.» 11Dei sa til Herrens engel, som stod mellom myrtetrea: «Vi har fare ikring på jorda, og heile jorda er roleg og still.» 12Då tok Herrens engel til ords og sa: «Herre, Allhærs Gud, kor lenge vil du drya før du gjer miskunn mot Jerusalem og byane i Juda som du har vore harm på i sytti år?» #Sal 102,14; Jer 29,10 13Og Herren gav engelen som tala med meg, gode og trøystande ord til svar. 14Og engelen som tala med meg, sa: Rop ut desse orda:
# Jer 31,20
Så seier Herren, Allhærs Gud:
Eg er full av brennhug
for Jerusalem og Sion,
15og stor er harmen min
mot dei trygge heidningfolka;
for då eg berre ¬var litegrann harm,
gjorde dei ulukka større. #Jes 10,5f
16Difor seier Herren:
Med miskunn kjem eg att ¬til Jerusalem.
Der skal huset mitt byggjast,
lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud,
og mælesnor skal strekkjast ¬over Jerusalem.
# 1,16 mælesnor skal strekkjast Byen og murane skal byggjast opp att. Sml. Jer 31,38f. # Jes 54,7f; Sak 8,3
17Rop ut på nytt og sei:
Så seier Herren, Allhærs Gud:
Atter ein gong skal ¬byane mine
fløyma over av det som godt er.
Atter skal Herren ¬ha medkjensle med Sion,
endå ein gong ¬velja ut Jerusalem.

Currently Selected:

Sakarja 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy