YouVersion Logo
Search Icon

4. Mosebok 1

1
Folketeljing i øydemarka
1Den fyrste dagen i den andre månaden året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, medan dei var i Sinai-øydemarka, tala Herren til Moses i møteteltet. Han sa:
2Hald manntal over heile Israels-folket, kvar ætt og kvar ættgrein for seg, og skriv opp namna på alle menn, eitt for eitt. #26,2–51 3Du og Aron skal mønstra alle våpenføre menn i Israel som er tjue år eller meir, kvar flokk for seg. 4De skal ta med dykk ein mann for kvar ætt, han som er hovding over greinene i ætta. 5Dette er namna på dei mennene som skal hjelpa dykk: Frå Ruben: Elisur, son til Sjede’ur; 6frå Simeon: Sjelumiel, son til Surisjaddai; 7frå Juda: Naksjon, son til Amminadab; #Rut 4,19f; Matt 1,4 8frå Jissakar: Netanel, son til Suar; 9frå Sebulon: Eliab, son til Helon; 10frå Josefs-sønene: Elisjama, son til Ammihud, for Efraim, og Gamliel, son til Pedasur, for Manasse; 11frå Benjamin: Abidan, son til Gidoni; 12frå Dan: Akieser, son til Ammisjaddai; 13frå Asjer: Pagiel, son til Okran; 14frå Gad: Eljasaf, son til De’uel; 15frå Naftali: Akira, son til Enan. 16Dette er dei mennene som folket har valt, leiarane for dei ættene som fedrane deira tilhøyrde, ættehovdingane i Israel.
17Moses og Aron tok med seg desse mennene som er nemnde med namn. 18Så kalla dei heile folket saman, den fyrste dagen i den andre månaden. Dei vart innførte i listene over ætter og ættgreiner; alle som var tjue år eller meir, vart innskrivne, ein for ein. 19Såleis mønstra Moses folket i Sinai-øydemarka, som Herren hadde sagt.
20Etterkomarane etter Ruben, eldste son til Israel, vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne, ein for ein. 2146 500 vart mønstra i Rubens-ætta.
22Etterkomarane etter Simeon vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne, ein for ein. 2359 300 vart mønstra i Simeons-ætta.
24Etterkomarane etter Gad vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 2545 650 vart mønstra i Gads-ætta.
26Etterkomarane etter Juda vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 2774 600 vart mønstra i Juda-ætta.
28Etterkomarane etter Jissakar vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 2954 400 vart mønstra i Jissakars-ætta.
30Etterkomarane etter Sebulon vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 3157 400 vart mønstra i Sebulons-ætta.
32Etterkomarane etter Efraim, son til Josef, vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 3340 500 vart mønstra i Efraims-ætta.
34Etterkomarane etter Manasse vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 3532 200 vart mønstra i Manasse-ætta.
36Etterkomarane etter Benjamin vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 3735 400 vart mønstra i Benjamins-ætta.
38Etterkomarane etter Dan vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 3962 700 vart mønstra i Dans-ætta.
40Etterkomarane etter Asjer vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 4141 500 vart mønstra i Asjers-ætta.
42Etterkomarane etter Naftali vart innførte i listene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. Alle våpenføre menn som var tjue år eller meir, vart innskrivne. 4353 400 vart mønstra i Naftali-ætta.
44Dette var dei som vart mønstra av Moses og Aron og Israels hovdingar. Hovdingane var tolv i talet, ein for kvar ætt. 45Alle israelittane vart mønstra, kvar ættgrein for seg, alle våpenføre menn som var tjue år eller meir. 46Det var i alt 603 550 som vart mønstra.#2 Mos 12,37; 38,26; 4 Mos 2,32f
47Levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre ættene. 48For Herren sa til Moses: 49Berre Leviætta skal du ikkje mønstra. Dei skal du ikkje ta med i manntalet saman med dei andre israelittane. 50Men set levittane til å ha tilsyn med lovteltet, med alle tinga der og alt som elles høyrer til. Dei skal bera teltet og all bunaden som er i det. Dei skal gjera teneste i teltet og liggja i leir kring det. 51Når teltet skal flyttast, skal levittane ta det ned. Og når det skal reisast, skal levittane setja det opp. Kjem nokon annan nær det, må han døy. #3,10.38; 18,7 52Israelittane skal halda seg i kvar sin leir, under kvar si fane og i kvar sin flokk. #2,2f 53Men levittane skal liggja i leir kring lovteltet, så Guds vreide ikkje skal koma over Israels-folket. Og levittane skal ta seg av tenesta i lovteltet.
54Israelittane gjorde alt dette så som Herren hadde sagt Moses føre.

Currently Selected:

4. Mosebok 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy