YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 1

1
Føreordet åt evangelisten
1Mange har alt freista å skriva opp det som hende hjå oss, 2slik vi har fått det overgjeve av dei som frå fyrste stund var augnevitne og tenarar for Ordet. #Joh 15,27; Hebr 2,3 3No har eg granska alt vel frå fyrst av, og eg har sett meg føre at eg vil skriva det opp for deg i samanheng, vørde Teofilus, #Apg 1,1 4så du kan sjå kor påliteleg det er, det du er opplært i.
Barndomen åt døyparen Johannes og Jesus
(1,5–2,52)
Døyparen Johannes skal verta fødd
5I den tida då Herodes var konge i Jødeland, var det ein prest der som heitte Sakarja; han høyrde til det prestelaget som hadde namn etter Abia. Kona hans heitte Elisabet og var av Arons-ætta. #1:5Herodes Herodes den store. [Matt 2,1.]#1 Krøn 24,10 6Begge levde etter Guds vilje. Dei fylgde alle Herrens bod og føresegner, og ingen hadde noko å seia på dei. 7Dei var barnlause, for Elisabet kunne ikkje få born, og no var dei begge langt uti åra.
8Så var det ein dag Sakarja gjorde presteteneste for Gud, for turen var komen til hans lag. 9Då dei kasta lodd, som prestane til vanleg gjorde, fall det på Sakarja å gå inn i Herrens tempel og brenna røykjelse på altaret. #2 Mos 30,7 10Heile folkemengda stod utanfor og bad medan offeret vart bore fram. 11Då fekk han sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida av røykjelsesaltaret. 12Sakarja stokk ved dette synet, og det kom otte over han. 13Men engelen sa til han: «Ver ikkje redd, Sakarja! Gud har høyrt bøna di. Elisabet, kona di, skal føda deg ein son, og du skal kalla han Johannes. #1,13 Johannes ‘tyder‘ Gud er nådig.#1 Mos 17,19; Luk 1,60 14Han skal verta til glede og hugnad for deg, og mange skal gleda seg av di han er fødd. 15For han skal vera stor i Herrens augo. Vin og sterk drikk skal han ikkje smaka, og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den Heilage Ande. #Dom 13,4f 16Mange i Israel skal han føra attende til Herren, deira Gud. 17Sjølv skal han gå føre Herren med same ånd og kraft som Elia hadde. Og han skal venda fedrehjarto til borna, gje dei ulydige den hug som rettferdige har, og bu folket vel for Herren.»#1,17 gå føre Herren[Matt 11,14.]#Matt 11,14; 17,10ff; Mal 3,1; 4,5f
18Då sa Sakarja til engelen: «Korleis kan eg vita om dette er sant? Eg er ein gamal mann, og kona mi er òg oppi åra.» #1 Mos 17,17; 18,12 19Engelen svara: «Eg er Gabriel, som står for Guds åsyn. Eg er send for å tala til deg og bera fram dette gledebodet. #Dan 8,16; 9,21 20Men fordi du ikkje trudde orda mine, skal du missa målet og ikkje kunna tala før den dagen dette hender. For det eg har sagt, skal oppfyllast i si tid.»
21Imedan stod folket og venta på Sakarja, og undra seg over at han drygde så lenge i templet. 22Men då han kom ut og ikkje kunne tala med dei, skjøna dei at han hadde hatt eit syn der inne. Han gjorde berre teikn til dei; han var og vart mållaus.
23Då tenestetida hans var ute, fór han heim att. 24Ei tid etter vart Elisabet, kona hans, med barn, og ho heldt seg heime i fem månader. 25«Dette har Herren gjort for meg,» sa ho. «I desse dagar har han sett til meg og teke bort vanæra mi mellom folk.»#1,25 vanæra mi Jødane heldt det for ei vanære når dei ikkje fekk born.#1 Mos 30,23
Bodskapen til Maria
26Då det leid på sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27til ei møy som var trulova med Josef, ein mann av Davids-ætta; møya heitte Maria. #Matt 1,16.18 28Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29Ved desse orda stokk ho og grunda på kva denne helsinga skulle tyda. 30Men engelen sa til henne: «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hjå Gud. 31Du skal verta med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus. #1,31 Jesus[Matt 1,21.]#Jes 7,14; Matt 1,21ff; Luk 2,21 32Han skal vera stor og kallast Son åt Den Høgste, og Herren Gud skal gje han kongsstolen åt David, ættefar hans. #Jes 9,6f; 2 Sam 7,12ff; Mark 11,10 33Han skal vera konge over Jakobsætta til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.» #Dan 7,14; Mi 4,7 34Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til, når eg ikkje veit av mann?» 35Engelen svara: «Den Heilage Ande skal koma over deg, og krafta åt Den Høgste skal skyggja over deg. Difor skal òg barnet som vert født, vera heilagt og kallast Guds Son. #Matt 1,20 36Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Dei sa at ho ikkje kunne få born, men no er ho alt i sjette månaden. 37For ingen ting er umogeleg for Gud.» #1 Mos 18,14 38Då sa Maria: «Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så fór engelen bort att.
Maria og Elisabet
39Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til ein by i Juda. 40Der gjekk ho inn i huset åt Sakarja og helsa på Elisabet. 41Då Elisabet høyrde helsinga hennar Maria, rørte barnet seg i livet hennar. Ho vart fylt av Den Heilage Ande 42og sa med høg røyst: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er barnet du ber. 43Korleis kan det ha seg at mor åt Herren min kjem til meg? 44For då di helsing nådde øyra mitt, hoppa barnet i meg av fryd. 45Ja, sæl er ho som trudde at det skulle oppfyllast, det Herren hadde sagt til henne.»
46Då sa Maria:#1 Sam 2,1–10
Mi sjel høglovar Herren,
47og mi ånd frydar seg over Gud, ¬min frelsar. #Hab 3,18
48For han har sett ¬til si ringe tenestkvinne.
Frå no av skal alle ætter ¬prisa meg sæl, #1 Sam 1,11
49for store ting har han gjort ¬mot meg,
han, den mektige, ¬heilagt er hans namn. #Sal 111,9
50Hans miskunn varer ¬frå ætt til ætt
for dei som har age for han. #Sal 103,17
51Storverk gjorde han ¬med sin sterke arm;
han spreidde dei ¬som bar på hovmodstankar, #Sal 89,11; 2 Sam 22,28
52og støytte stormenn ned ¬frå trona,
men lyfte dei låge opp. #Sal 107,40f; Job 5,11; 12,19
53Han metta dei svoltne ¬med gode gåver,
men sende dei rike ¬tomhendte bort. #Sal 107,9
54Han tok seg av Israel, ¬tenaren sin,
så han kom i hug #Jes 41,8f; Sal 98,3; 1 Mos 17,7
55sin lovnad til fedrane våre
og synte miskunn ¬mot Abraham
og hans ætt – til evig tid.
56Maria vart verande hjå Elisabet om lag tre månader; så fór ho heim att.
Johannes vert fødd
57Så kom tida då Elisabet skulle ha barn, og ho fødde ein son. 58Og då grannane og skyldfolket hennar fekk høyra kor stor miskunn Gud hadde synt henne, gledde dei seg med henne.
59Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren, #1 Mos 17,10; 21,4 60men mora sa: «Nei, han skal heita Johannes.» #1,13 61«Men det er då ingen i ætta di som har det namnet,» svara dei. 62Så gjorde dei teikn til faren kva han ville guten skulle kallast. 63Han bad om ei tavle og skreiv: «Johannes er namnet hans.» Alle undra seg, 64men i det same fekk Sakarja att mål og mæle, og han tok til å prisa Gud. 65Då kom det otte over alle dei som budde der ikring, og ordet om det som hadde hendt, breidde seg over alle fjellbygdene i Judea. 66Alle som høyrde det, grunda på det og sa: «Kva skal vel dette barnet verta til?» Og Herren leidde han med si hand.
67Sakarja, far hans, vart fylt av Den Heilage Ande og tala profetord:
68Lova vere Herren, Israels Gud,
for han har gjesta sitt folk ¬og løyst det ut. #Sal 72,18; 111,9
69Han har reist for oss ¬eit horn til frelse
i sin tenar Davids ætt, #Sal 18,3; 132,17
70så som han lova ¬i gamle dagar,
då han tala gjennom ¬sine heilage profetar #Jer 23,5f
71om å frelsa oss frå våre fiendar
og frå alle dei som hatar oss. #Sal 106,10
72Han vil syna miskunn ¬mot fedrane våre
og minnast si heilage pakt, #Sal 106,45f; 105,8f
73den lovnaden han gav ¬vår far Abraham med eid, #1 Mos 22,16ff
74så vi, frelste frå fiendehand ¬og utan otte,
kan tena han 75for hans åsyn
med heilag hug og rettferd
alle våre dagar.
76Og du, barn, skal kallast profet ¬for Den Høgste,
for du skal gå fram føre Herren
og rydja veg for han #Mal 3,1; Matt 3,3+
77og læra folket hans ¬å kjenna frelsa,
at syndene deira vert tilgjevne, #3,3
78for vår Gud er rik på miskunn.
Så skal ljoset frå det høge
gjesta oss som ei solrenning #Mal 4,2
79og skina for dei som bur
i mørker og dødsskugge,
og styra føtene våre ¬inn på freds veg. #Jes 9,2; 58,8; 60,1f; Matt 4,16
80Og guten voks og vart sterk i ånda. Han heldt seg i øydemarka til den dagen han steig fram for Israel.#3,1ff

Currently Selected:

Lukas 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy