YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 20

20
Den oppstadne
(Kap. 20–21)
Den tome grava
(Matt 28,1–10; Mark 16,1–8; Luk 24,1–12)
1Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka, medan det endå var mørkt, kom Maria Magdalena til grava. Då fekk ho sjå at steinen var teken bort frå grava. 2Ho sprang av stad og kom til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og sa til dei: «Dei har teke Herren ut or grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.» #13,23+; 20,13 3Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på veg til grava. 4Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang snøggare enn Peter og kom fyrst til grava. 5Han bøygde seg inn og såg linkleda liggja der, men han gjekk ikkje inn i grava. 6Simon Peter fylgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, 7og kledet som Jesus hadde hatt over hovudet. Det låg ikkje saman med linkleda, men ihoprulla på ein stad for seg. 8Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen fyrst til grava. Og han såg og trudde. 9For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han skulle stå opp frå dei døde. #Apg 2,24ff; 1 Kor 15,4 10Så gjekk læresveinane heim.
Jesus syner seg for Maria Magdalena
(Mark 16,9–11)
11Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava, 12fekk ho auga på to kvitkledde englar som sat der Jesu lekam hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene. 13«Kvifor græt du, kvinne?» spurde dei. Ho svara: «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.» 14Med så sagt snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han. 15«Kvifor græt du, kvinne?» spør Jesus. «Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var gartnaren og sa til han: «Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han; då vil eg ta han med meg.» 16«Maria,» seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: «Rabbuni» – det tyder meister. 17Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje fare opp til Faderen. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.» #13,1+ 18Då gjekk Maria Magdalena av stad og sa til læresveinane: «Eg har sett Herren.» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne.
Jesus syner seg for læresveinane
(Matt 28,16–20; Mark 16,15–16; Luk 24,36–49)
19Det var om kvelden same dagen, den fyrste dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» #7,13+; 1 Kor 15,5 20Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren. #16,22 21Atter sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.» #17,18 22Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande! 23Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei atthaldne.»#Matt 16,19+
Tvilaren Tomas
24Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje i lag med dei andre læresveinane då Jesus kom. #11,16 25«Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»
26Åtte dagar etter var læresveinane hans atter samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus medan dørene var stengde; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» 27Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, og sjå hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantruen, men truande!» 28«Min Herre og min Gud!» sa Tomas. 29Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser og endå trur.»#1 Pet 1,8
30Jesus gjorde mange andre teikn for augo på læresveinane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka. #2,11; 4,54; 21,25 31Men desse er oppskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.#1 Joh 5,13; Joh 3,15; 6,40

Currently Selected:

Johannes 20: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy