YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 2

2
Bryllaupet i Kana
1Tredje dagen stod det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der, #4,46 2og Jesus og læresveinane hans var òg bedne. 3Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» 4«Kva har du med mitt å gjera, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» #7,6.30; 8,20; 13,1 5Mor hans sa då til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»#1 Mos 41,55
6No stod det nokre vasskar av stein der, som skikken var etter dei føreskriftene jødane hadde om reinsing. Det var seks kar, og kvart av dei tok to eller tre anker. #Mark 7,3f 7«Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. 8Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Dei så gjorde. 9Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom ifrå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen 10og sa: «Alle set fyrst fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den ringare. Du har gøymt den gode vinen til no.»
11Dette fyrste teiknet sitt gjorde Jesus i Kana i Galilea. Han openberra herlegdomen sin, og læresveinane hans trudde på han. #1,14 12Sidan fór han ned til Kapernaum saman med mor si og brørne og læresveinane sine, og der vart dei verande nokre dagar.
Det gamle og det nye templet
(Matt 21,12–13; Mark 11,15–17; Luk 19,45–46)
13Det leid no til påskehelga åt jødane, og Jesus fór opp til Jerusalem. #6,4; 11,55 14På tempelplassen såg han dei som selde oksar, sauer og duer, og pengevekslarane som sat der. 15Då laga han seg ei svepe av reip og dreiv dei alle ut or heilagdomen, og sauene og oksane med. Pengane åt pengevekslarane kasta han utover og velte borda deira, 16og til dei som selde duer, sa han: «Bort med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknad!» #Sak 14,21 17Då kom læresveinane hans i hug at det står skrive: Brennhug for ditt hus kjem til å eta meg opp.#Sal 69,10
18Då tok jødane til ords og spurde han: «Kan du syna oss eit teikn på at du har rett til å gjera dette?» #Matt 12,38; 16,1; 21,23; Joh 4,48; 6,30 19Jesus svara: «Riv ned dette templet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.»#Matt 26,61 20Då sa jødane: «I førtiseks år har dei bygt på dette templet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?» 21Men det templet han tala om, var lekamen hans. #1 Kor 6,19 22Då han hadde stått opp frå dei døde, kom læresveinane hans i hug at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifta og det ordet Jesus hadde sagt.#Luk 24,6ff; Joh 12,16; 14,26
23Medan han var i Jerusalem i påskehelga, kom mange til tru på namnet hans, for dei såg dei teikna han gjorde. #7,31; 8,30; 10,42; 11,45; 12,11.42 24Men Jesus trudde seg ikkje til dei, for han kjende dei alle. 25Han trong ikkje til vitnemål frå andre om noko menneske, for han visste sjølv kva som budde i mennesket.

Currently Selected:

Johannes 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy