YouVersion Logo
Search Icon

Jeremia 1

1
1Ord av Jeremia, son til Hilkia, ein av prestane i Anatot i Benjamins-landet. #Jos 21,18 2Herrens ord kom til han på den tid då Josjia, son til Amon, var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans. #2 Kong 21,24ff 3Det kom òg til han på den tid då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, og heilt til slutten av det ellevte året Sidkia, son til Josjia, styrte i Juda, det året då folket i Jerusalem vart bortført i den femte månaden.#2 Kong 23,34ff; 25,1ff.8.11
Gud kallar Jeremia til profet
4Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
5«Før eg forma deg i mors liv, ¬kjende eg deg,
og før du vart fødd, ¬helga eg deg;
til profet for folka sette eg deg.» #Jes 49,1; Gal 1,15
6Men eg svara: «Å, Herre Gud, eg duger ikkje til å tala; eg er så ung!» #2 Mos 4,10; Matt 10,19 7Då sa Herren til meg: #Esek 3,17
«Sei ikkje: Eg er så ung!
Alle eg sender deg til, ¬skal du gå til,
og alt det eg byd deg, ¬skal du tala.
8Ver ikkje redd dei,
for eg vil vera med deg ¬og berga deg,»
lyder ordet frå Herren. #Jes 41,10; Jer 15,20; Esek 3,9
9Så rette Herren ut handa og tok på munnen min. Og Herren sa til meg: #Jes 6,7; Esek 3,1–3
«Sjå, eg legg orda mine ¬i din munn. 10Eg set deg i dag ¬over folk og rike
til å rykkja opp og riva ned,
til å øydeleggja og bryta sund,
til å byggja og planta.» #12,14ff; 18,7.9; 27,1ff; 31,28
To syner
11Herrens ord kom til meg, og det lydde så: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Eg ser ei grein av vaketreet.» #1,11 vaketreet mandeltreet; det vert kalla vaketre av di det blømer tidleg på berr kvist. 12Då sa Herren til meg: «Du såg rett; for eg vil vaka over mitt ord og setja det i verk.»#Jes 55,10.11
13Herrens ord kom til meg andre gongen: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ei kokande gryte; ho hallar hit frå nord.» 14Då sa Herren til meg: #1,14 Frå nord Jeremia talar oftare om åtak frå fiendslege folk frå nord. Sjå 4,6ff; 6,22; sml. Jes 41,25. Det er uklårt om han tenkjer på skytarane ([51,27]), assyrarane eller babylonarane.#4,6; 6,1.22; 25,9
Frå nord skal ulukka ¬sleppast laus
over alle som bur i landet.
15For sjå, eg kallar på alle folk
i rika der nord, seier Herren.
Dei skal koma ¬og reisa kvar sin kongsstol
beint framfor portane ¬i Jerusalem,
mot alle murane ikring
og mot alle byane i Juda. #39,3; 52,4.5
16Då vil eg døma dei ¬for all deira vondskap,
fordi dei vende seg bort ¬frå meg,
brende offer for andre gudar
og tilbad ting ¬dei sjølve hadde laga. #2,13; 7,9
17Men du, spenn beltet om livet
og stå fram og tal til dei
alt det eg byd deg!
Ver ikkje redd dei,
elles gjer eg deg redd dei!
18Sjå, eg gjer deg i dag ¬til ei fast borg,
til ein jernstolpe ¬og ein bronsemur
mot heile landet,
mot kongane og ¬stormennene i Juda,
mot prestane og folket ¬i landet. #15,20; Esek 3,8.9
19Dei skal strida mot deg, ¬men ikkje vinna;
for eg vil vera med deg ¬og berga deg,
lyder ordet frå Herren.

Currently Selected:

Jeremia 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy